Hjem
Pandemisenteret
Nyheit | Forsking

No kan du bli postdoktor ved Pandemisenteret!

Pandemisenteret er på jakt etter ein postdoktor som skal utvikle og gjennomføre et eige forskingsprosjekt knytt til pandemiar. Prosjektet vil strekkje seg over ein periode på 3 år og innebere arbeid på tvers av disiplinar.

illustrasjonsbilde Alrek helseklynge
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Hovedinnhold

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei 100 % stilling som postdoktor for ein periode på 3 år. Stillinga er knytt til Pandemisenteret. 

Kandidaten skal saman med Pandemisenteret utvikle og gjennomføre eit forskingsprosjekt i en tverrdisiplinær kontekst. Prosjektet skal vere i tråd med Pandemisenteret sin visjon. 

Stillinga vil i tillegg innebere skriving av søknadar og rapportar for Pandemisenteret, samt koordinering av prosjekt i samarbeid med strategisk arbeidsgruppe og sekretariatet. 

Klikk på lenka for å sjå heile utlysninga i JobbNorge (ekstern lenke): https://www.jobbnorge.no/nn-no/ledige-stillingar/stilling/241548/postdoktor-ved-institutt-for-global-helse-og-samfunnsmedisin