Psykologi (årsstudium)

Psykologi er vitskapen om åtferd og mentale prosessar hos menneske. Ved å studere psykologi lærer du korleis vi menneske påverkar og relaterer oss til kvarandre. Årsstudiet i psykologi gir deg ei grunnleggande innføring dei sentrale områda i psykologifaget.

Kva lærer du?

Du vil lære korleis hjernen styrer og påverkar åtferd, og korleis mennesket behandlar informasjon (som læring, hukommelse, intelligens og problemløysing). Du vil også få kunnskap om menneskeleg utvikling og endring gjennom livet, korleis mennesket vert påverka av andre, og kva personlegdom er. Målet med årsstudiet er å gi ei innføring i dei grunnleggande hovudretningane innan psykologi (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi, utviklingspsykologi), i tillegg til ei innføring i psykologien sine forskingsmetodar og historie. 

Studiekvardag

Årsstudiet har tre obligatoriske emne om hausten, og eitt obligatorisk og eitt valfritt emne om våren. Undervisninga på alle emna består av forelesingar, seminar, gruppearbeid og oppgåveskriving. I tillegg må du rekne med å bruke tid på å lese den anbefalte litteraturen som sjølvstudium. Som student vil du halde til på campus i Bergen sentrum. Hovudbygget til Det psykologiske fakultet er Bjørn Christiansens hus i Christies gate 12. Der vil du finne lesesalar, undervisningsrom, grupperom og kantine. 

Kva kan du jobbe som?

Med eit årsstudium i psykologi kan du i kombinasjon med andre fag for eksempel arbeide i skolen, i ulike private verksemder, i ideelle organisasjonar og ulike delar av helsetenesta der ein treng psykologisk fagkunnskap.  

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.1
Primær kvote: 49.1

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Årsstudiet er eit fulltidsstudium over eitt år, som startar om hausten.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Emnekoden og namnet på emna er lista opp først, etterfølgt av antal studiepoeng i parentes.

1. semester (haust)

PSYK111 Innføring i psykologi og psykologiens historie (15 studiepoeng)   

PSYK112 Sosial- og personlegdomspsykologi (10 studiepoeng) 

PSYK113 Innføring i metode (5 studiepoeng) 

2. semester (vår)

PSYK114 Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi (15 studiepoeng) og 

valfritt emne, 15 studiepoeng, for eksempel: 

PSYK106 Personalpsykologi (15 studiepoeng) 

PSYK109 Motivasjonspsykologi (15 studiepoeng) 

PSYK115 Døgnrytmer, søvn og åtferd (15 studiepoeng) 

PSYK116 Miljøpsykologi (15 studiepoeng) 

PSYK117 Operativ psykologi (15 studiepoeng)

Utveksling

Det er ikkje mogleg å dra på utveksling når du går på årsstudiet i psykologi. 

Vidare studiemoglegheiter

Dersom du har lyst til å studere vidare og ta ein bachelorgrad, kan årsstudiet i psykologi inngå som førsteåret i ein bachelor i generell psykologi eller bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi. Alternativt kan årsstudiet inngå som ein del av ein annan bachelorgrad ved Universitetet i Bergen.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 27 10
E-post: info.psyfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i psykologi