Hjem

Samanliknande politikk, årsstudium

Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie.
  • Lengde1 år
  • Ordinær47,5
  • Primær43,9
  • Plassar20
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng60
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Samanliknande politikk passar for deg som er interessert i politikk og samfunnsspørsmål, og som er interessert i korleis politiske system i andre land fungerer. Du lærer om politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa. 

Med årsstudium med spesialiseringsemne vil du  

  • få kjennskap til ulike demokratiteoriar og omgrep 
  • tileigne deg grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan samfunnsvitskapleg metode 
  • vere i stand til å kunne drøfte variasjonar mellom land og korleis likskapar og skilnader kan forklarast 

Solid kunnskap om eige kulturområde og eiga historie er nødvendig for å kunne studere politiske forhold i andre delar av verda. Globaliseringa fører også med eit behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Faget legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapleg. I studiet får du opplæring i statistikkprogrammet R, og du vil få innføring i programmering og koding i R.   

Studiekvardag 

Årsstudiet i samanliknande politikk er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 5-12 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Som sampol-student høyrer du til Det samfunnsvitskapelege fakultet. Her vil du finne lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Laurits Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.  

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva kan du jobbe som?

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for deg som vil utfylle tidlegare utdanning, eller om du vil studere berre i eitt år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i samanliknande politikk gir undervisningskompetanse i ungdomsskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.  

Årsstudiet i samanliknande politikk vil vere eit viktig og nyttig springbrett inn i all vidare utdanning og alle karriereløp der kunnskap om organisasjonen sin verkemåte og om politikk og samfunn er sentrale element.  

Sjå kva våre tidlegare studentar jobbar med 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging

Årsstudium i samanliknande politikk går over to semester og startar i august. Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.  

Årsstudium med innføringsemne 

Passar for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i samanliknande politikk.

1.semester 

  • Examen philosophicum – EXPHIL-SVSEM seminarmodell eller Examen philosophicum – EXPHIL-SVEKS skuleeksamen (10 studiepoeng)  
  • SAMPOL103 Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng) 

 2.semester 

  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng) 
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng) 
  • MET103 Kvalitative metodar (10 studiepoeng)  

 Årsstudium med spesialiseringsemne  

Passar for deg som har studert før, og som vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.  

1.semester 

  • SAMPOL115 Democracy and Democratization (15 studiepoeng) 
  • MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 studiepoeng) 

2.semester 

  • SAMPOL105 Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
  • SAMPOL106 Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
  • SAMPOL107 Politisk mobilisering (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Vidare studiemoglegheiter 

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i samanliknande politikk. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter at du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i samanliknande politikk eller andre masterprogram innan statsvitskapen i Noreg eller i utlandet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 98 50 

E-post: studierettleiar.svfa@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her