Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Dette studiet gir deg brei kompetanse innan sentrale tema i havteknologi, der du kan fordjupe deg i marine målesystem. Du lærer å forstå havteknologi og å vidareutvikle havteknologi i framtida i samanheng med teknologi og samfunnsbehov.
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
Her blir du ein del av ein liten klasse og eit godt studentmiljø med tett oppfølging.
Studiet er eit fulltidsstudium, og mange emne krev obligatorisk oppmøte og arbeidskrav gjennom semesteret. Dermed lar det seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem praksis i periodar, og tid på lesesalen med pensumlitteratur.
Du får ein smakebit på fagfeltet gjennom emnet HTEK101 i første semester. Du er i tett kontakt med næringslivet med praksis gjennom emnet HTEK102 i tredje eller fjerdesemester. Institutt for fysikk og teknologi skaffar praksisplassane.
Vi er ein del av Institutt for fysikk og teknologi. Like i nærleiken ligg Realfagsbygget der det er læringssenter, bibliotek og lesesalar.
Den marine industrien er variert, og både framstiller og bruker teknologi knytt til havet.
Denne industrien inkluderer
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Det integrerte masterprogrammet i havteknologi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.
Studiet har to komponentar: emnedel på 240 sp og individuell mastergradsoppgåve 60 sp. I andre semester kan du velje mellom to emne og slik tileigne deg kunnskap i anten innovasjon eller økonomi. Valemne knytta til sjølve oppgåva utgjer 30 studiepoeng. Desse vel du i samråd med fagleg rettleiar. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)
2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - INNOV201 eller ECON110 (10 sp)
3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 eller Ex.Phil (10 sp)
4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil eller HTEK102 (10 sp)
5. semester (haust): MAT212 (10 sp) - PHYS116 (10 sp) - HTEK201 (10 sp)
6. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - PHYS264 (10 sp) - PHYS271 (10 sp)
7. semester (haust): HTEK301 (10 sp) - Temaemne (10 sp) - Temaemne (10 sp)
8. semester (vår): Valemne (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
Du kan reise på utveksling i sjette semester. Dette studiet er så nytt at vi ikkje har tilrådde utvekslingsland ennå. Tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart!
Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Integrert masterprogram i havteknologi (sivilingeniør)