Hjem

Kinesisk, bachelor, 3 år

Kina er ein svært viktig handelspartnar for Noreg og Europa, og det blir stadig viktigare å ha eit godt økonomisk og politisk samarbeid. Gjennom bachelorstudiet får du forståing for ein annleis og unik kultur, og opplevingar som vil utvide horisonten din.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar20
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein bachelorgrad i kinesisk får du kunnskapen du treng for å kommunisere med over 1,4 milliardar menneske. På studiet lærer du òg om kinesisk historie og kultur, og du blir i stand til å kommunisere både i akademiske og kvardagslege samanhengar.   

Med denne utdanninga:  

  • har du grunnleggande kunnskapar i kinesisk grammatikk og lydlære   
  • kan du lese og forstå nærmare 2000 ord og 800 skriftteikn, og skrive minst 350 skriftteikn   
  • kan du kommunisere på kinesisk på mellomnivå 
  • har du grunnleggande kunnskap om kinesisk samfunn og historie 

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i kinesisk er eit studium på fulltid. Hos oss blir du ønska velkommen til eit nært og oppmuntrande miljø, med tett kontakt mellom studentar og forelesarar. Undervisninga og litteraturen er på norsk, engelsk og kinesisk.  

I tillegg til sjølvstudium som lesing og samarbeid med medstudentar, kan ei typisk veke ha rundt 10 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga på kinesiskemna (faga).  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga  på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.

Slik er studiekvardagen ved HF

Kva kan du jobbe som?  

Det er stort behov for kunnskapar i kinesisk språk, historie, kultur og sosial utvikling. Med ein bachelorgrad i kinesisk har du jobbmoglegheiter innan blant anna   

  • språkutdanning 
  • media 
  • forlag  
  • omsetting  

Du kan òg gå vidare med studia ved å ta ein mastergrad i kinesisk, og deretter drive forsking på kinesisk språk og kultur.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i kinesisk er eit treårig fulltidsstudium med oppstart i august.    

Studiet kan sjå slik ut:      

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)   

6. semester 

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling  

Eit utvekslingsopphald gir verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi gir deg råd og legg godt til rette for at du skal få dra på utveksling i løpet av studiet. Du kan reise til høgt anerkjende kinesiske universitet i femte og/eller sjette semester. Det er òg mogleg å reise på utveksling tidlegare i studiet.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelor i kinesisk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i kinesisk ved Universitetet i Bergen, liknande masterprogram ved Universitetet i Oslo eller i utlandet. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studierettleiar@if.uib.no 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her