Klassisk filologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar10
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Nokre av spørsmåla du møter på studiet, er:
- På kva måte er klassisk talekunst framleis relevant for oss i dag?
- Korleis tolkar vi greske drama og lyrikk frå antikken?
- Korleis kom alfabetet til Noreg?
Etter det første året spesialiserer du deg i enten gresk eller latin. Du får praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen samanheng. Kunnskap om gammalgresk og latin gir deg evna til å tolke antikkens poesi og prosa, men også bøker, film og drama frå nyare tid.
Du lærer å lese greske eller latinske tekstar sjølvstendig, og omsette dei til norsk. Du får god kunnskap om fagets historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i klassisk filologi er eit fulltidsstudium. Du vil typisk ha 4-16 timar i veka med ulike undervisningsaktivitetar, avhengig av kva nivå du er på. I starten får du tilbod om å delta i nesten daglege forelesingar, og når du kjem vidare i studia har du gjerne seminar to gonger i veka. I tillegg kjem sjølvstudium, og etter kvart arbeid med bacheloroppgåva.
Undervisninga er på norsk og engelsk, mens pensum er på skandinavisk, engelsk, latin og gresk.
Hos oss er det store moglegheiter for å bli godt kjent med dei andre studentane, og du møter engasjerte forelesarar. Du lærer eit språk svært få kjennerog får eit unikt perspektiv på dagens kulturelle liv.
Som student hos oss vil det meste av undervisninga gå føre seg på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Meir om studiekvardagen ved HF
Kva kan du jobbe som?
På dette studiet får du ein kompetanse som er etterspurt i institusjonar over heile verda der eldre historie er ein del av området for verksemda, for eksempel:
- på museum og andre antikvariske samlingar og institusjonar, som museumsvert, konservator og formidlar
- i kyrkja, som formidlar
- på universitetet, som forskingsassistent og undervisar
- på bibliotek, som formidlar
- i skoleverket, som lærar
Evna til å tenke sjølvstendig og kritisk og evna til å samarbeide er viktig for mange arbeidsgjevarar. Begge delar får du på dette studiet.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
1. semester (haust)
- LAT100 Innføring i latin (10 sp.) for spesialisering i latin
- GRE100 Innføring i gresk (10 sp.) for spesialisering i gresk
- Examen philosophicum, anten skuleeksamen eller seminarmodell (10 sp.)
- Språkkunnskap eller Akademisk skriving (10 sp.)
Spesialisering i gresk
2. semester (vår)
- Første halvdel: Gresk prosa og grammatikk (15 sp.)
- Andre halvdel: Gresk: Epikk og lyrikk (15 sp.)
3. semester (haust)
- Første halvdel: Gresk: Attisk prosa (15 sp.)
- Andre halvdel: Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa (15 sp.)
Spesialisering i latin
2. semester (vår)
- Latinsk prosa og grammatikk I (15 sp.)
- Latinsk prosa og grammatikk II (15 sp.)
3. semester (haust)
- Latin: Romersk poesi, Catull og Ovid (15 sp.)
- Middelalderlatin (15 sp.)
For begge spesialiseringer
4.-5. semester (vår og haust)
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (60 studiepoeng)
Fagmiljøet ved klassisk har undervisning i følgande opne emne, som kan vere relevante for studentar ved bachelorprogrammet:
- ANT202 Antikkens litteratur (15 sp. – haust)
- RET102 Klassisk retorikk (15 sp. – haust)
- KUN209 Kunst, retorikk og lærdomstradisjonar i før- og tidlegmoderne tid (15 sp. – vår)
6. semester (vår eller haust)
-
Spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 studiepoeng)
Merk at nokre spesialiseringsemne berre går anten vår eller haust. Studenten kan velje å byte om på rekkefølga for dei frie emna og spesialiseringa, og må vere sikker på at ein har planlagt rett emne til rett tid i utdanningsplanen. Spør studierettleiar om råd om du er i tvil.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet. For deg som tar klassisk filologi vil det vere interessant å reise til Hellas og Italia. Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur som passar godt som frie emne.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorprogrammet kan du søke opptak til masterprogrammet i gresk eller masterprogrammet i latin, og kvalifisere deg for vidare studium og forsking på høgare nivå.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.