Vær, hav og klimafysikk (bachelor) – utgått

(Utgår høst 2025) Dette studiet opnar dører til å forstå vêr, havstraumar og klimaendringar gjennom matematikk og fysikk. Med høyt etterspurt kompetanse på dagens arbeidsmarknad, kan du være med på å løysa utfordringar forårsaka av klimaendringar, ekstremver, havforsuring og global oppvarming

Kva lærer du?

På studiet lærer du å forstå  kombinasjonen av meteorologi og oseanografi. Gjennom praktisk erfaring og kodeferdigheiter utforskar du fysiske, kjemiske og statistiske samanhengar. Du får delta i spennande feltarbeid med forskingsfartøy og dronar for å samle inn nøkkeldata. Du dykkar ned i fagområde som stråling, termodynamikk, mikrofysikk, væskedynamikk, samt kretsløp i hav og atmosfære. Denne breie forståinga dannar grunnlaget for avansert vêrvarsel, effektiv havovervaking og framtidsretta klimaføreseie, inkludert vurdering av klimatiltak. Bli ein del av eit unikt læringsmiljø som utfordrar grensene og rustar deg for å møte morgondagens utfordringar innan vitskap og berekraft.

Studiekvardag

På Geofysisk institutt blir du ein del av eit engasjerande og inkluderande studentmiljø. Her samarbeider studentar på tvers av årskull med innleveringar og førebuingar til eksamen. Du kan forvente rundt seks dobbeltimar med forelesingar kvar veke, i tillegg til rekneøvingar. Praktisk læring inkluderer laboratorie- og dataøvingar, samt spennande tokt og feltarbeid. Lesesalplassar finn du på Universitetsbiblioteket og i Allégaten 66. Det aktive fagutvalet, Geofysisk fagutval (Coriolis), arrangerer både sosiale og faglege aktivitetar. Følg studentlivet på Instagram. Ved Geofysisk institutt blir du ein del av Nordens største klimaforskingsmiljø som samarbeidar tett med store, internasjonale bedrifter.

Kva kan du jobbe som?

Med ein bachelorgrad i Vêr, hav og klimafysikk får du ein svært ettertrakta kompetanse i dagens arbeidsmarknad. Aktuelle område strekkjer seg frå konsulentverksemd, grøn innovasjon og offentleg forvaltning til forsking og undervisning, med unik ekspertise i å forstå naturgitte forhold som vêr, hav og klima – essensielt for berekraftig ressursforvaltning, næring og teknologisk utvikling.

Arbeidsmarknaden etterspør kompetanse i matematikk, fysikk og koding, noko du meistrar etter dette studiet. Din utdanning blir avgjerande for framtidig verdiskaping og berekraft i samfunnet.

Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: REALR2

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2. I tillegg anten:

  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Dette programmet er utgått

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Slik kan studiet sjå ut: 

1. semester

Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng) 

Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng) 

Introduksjon til atmosfære, hav og klima (GEOF100, 10 studiepoeng) 

2. semester

Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng) 

Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng) 

Mekanikk I (PHYS111, 10 studiepoeng) 

3. semester

Atmosfære- og havfysikk (GEOF105, 10 studiepoeng) 

Funksjonar av fleire variablar (MAT212, 10 studiepoeng) eller Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

4. semester

Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng) 

Atmosfære-, hav- og klimadynamikk (GEOF110, 10 studiepoeng) 

Ex.phil (MNSEM eller MNEKS, 10 studiepoeng) 

5. semester

Dataanalyse i meteorologi og oseanografi (GEOF210, 10 studiepoeng) 

Fysisk klimatologi (GEOF212, 10 studiepoeng) 

Kjemisk oseanografi (GEOF236, 10 studiepoeng) 

6. semester

Praktisk meteorologi og oseanografi (GEOF232, 10 studiepoeng) 

Numerisk modellering (GEOF211, 10 studiepoeng) 

Valemne (10 studiepoeng) 

Utveksling

Det enklaste er å reise på utveksling i femte og/eller sjette (siste) semester. Vi har avtalar med utvalde samarbeidsuniversitet der fagtilboda passar spesielt godt, blant anna i Tyskland, Austerrike og USA. Dette gjeld også for opphald på Svalbard (UNIS). 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Bachelorstudiet gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i meteorologi og oseanografi og andre relevante masterprogram.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: info.nt@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i vær, hav og klimafysikk