Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Matematikk er avgjerande for å forstå og løyse utfordringar innan klima og fornybar energi, og for å forklare problem som Einsteins relativitetsteori. Moderne teknologi, som kvantedatamaskinar og fusjon, er avhengig av matematikk. Nysgjerrigheit er ein viktig eigenskap for å studere matematikk.
I løpet av studietida får du
Du tilhøyre matematisk institutt, der du blir del av eit godt studiemiljø. Matematisk institutt har ei studentforeining som organiserer sosiale aktivitetar som spelkveldar, hytteturar, idrettsarrangement og eksamensfester.
Studentane trivst med fridomen i studiekvardagen og hjelper kvarandre og jobbar gjerne saman i mindre grupper. Det er mogleg å ta delar av graden i utlandet gjennom mange utvekslingsavtalar.
Bachelorprogrammet er et fulltidsstudium, med 18-24 timar undervisning i forelesingar og seminar. I tillegg må du rekne med sjølvstudium og gruppeoppgåver, der eldre studentar kan hjelpe deg.
Som ny student blir du med i ei mentorgruppe med to erfarne mentorar. I møta diskuterer du studieteknikkar og studentliv, og blir godt kjent med medstudentane. Dette hjelper deg å forstå universitetslivet og bli tryggare som student.
Matematikarar jobbar i bedrifter og offentlege verksemder som treng medarbeidarar som kan jobbe med tal og analyse, samt utvikle modellar og bruke matematiske metodar.
Studentane våre jobbar for eksempel
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2. I tillegg anten:
Undervisningsspråk: Norsk
Slik kan studiet sjå ut:
1. semester:
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Innføring i matematikk (MAT100**, 10 studiepoeng)
2. semester:
Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
3. semester:
Reell analyse (MAT211, 10 studiepoeng)
Funksjonar av fleire variable (MAT212, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
4. semester:
Algebra (MAT220, 10 studiepoeng)
Komplekse funksjonar (MAT213*, 10 studiepoeng)
Exphil (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)
5. semester:
Kommutativ algebra (MAT224*, 10 studiepoeng)
Topologi (MAT242*, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
6. semester:
Prosjektarbeid i matematikk (MAT292, 10 studiepoeng)
Mangfaldigheiter (MAT243*, 10 studiepoeng)
valfritt emne (10 studiepoeng)
* Berre eitt av emna trengst for å oppnå ein bachelorgrad i matematikk, men alle fire er anbefalt. Minst to av emna trengst for opptak til master i Matematikk.
** Innføringsemne, men ikkje obligatorisk for graden/spesialiseringa
Du kan reise på utveksling som del av dette studieprogrammet. Fjerde, femte og/eller sjette semester er best eigna for utanlandsopphald. Vi har utvekslingsavtalar med universitet i USA, Tyskland, Italia, Spania, Frankrike, England, Nederland, Austerrike og Danmark.
Ei naturleg fortsetting på bachelorstudiet er masterprogrammet i matematikk. Du vil vere kvalifisert til ei rekke andre masterprogram også, avhengig av valemna i bachelorgraden din. Med ein mastergrad blir du meir attraktiv på arbeidsmarknaden.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.