
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Du vil lære om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Du får kunnskap om europeisk integrasjon og utviklinga i EU. Vi studerer stats- og nasjonsbygging i Europa, ressursar og økonomi og dagens europeiske samfunn, i eit historisk og statsvitskapeleg perspektiv.
Studiet gir gode allmennkunnskapar og trening i å handtere store mengder informasjon, problematisere og analysere saker frå fleire sider.
Du lærer å tilegne deg kunnskap om
Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studiet har eit aktivt fagutval som sikrar godt samhald mellom studentane og jobbar tett med instituttet for å sikre eit godt læringsmiljø.
Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, og du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving, kan ei typisk veke ha 6-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Det er nokre obligatoriske arbeidskrav dei første tre semestera av studiet, i form av oppmøtekrav og oppgåver som skal inn. Skriving av ei bacheloroppgåve høyrer også til studiet.
Som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet vil du halde til på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum. Lesesalsplassar er tilgjengelege i Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV.
Våre tidlegare studentar arbeider mellom anna i store nasjonale og internasjonale organisasjonar, innan kommunikasjon og media, eller innan forsking, utgreiing og undervisning.
Med spesialisering i historie kan du arbeide i fleire bransjar og sektorar
Med spesialisering i samanliknande politikk kan du arbeide mellom anna som
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Bachelorprogrammet i Europastudium er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. Det vert lagt vekt på stor valfridom i studieprogrammet, og gode moglegheiter til utveksling og praksis gjennom studieløpet.
Anbefalt studieforløp:
1.semester
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
EUR101 – Innføring i europeisk historie og politikk (10 studiepoeng)
SAMPOL103 – Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng)
2. semester
EUR103 – Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 studiepoeng)
EUR105 – European Union Institutions, Politics, and Policies (15 studiepoeng)
3. semester
Vel spesialisering: Samanliknande politikk (SAMPOL) eller historie (HIS).
SAMPOL-spesialisering:
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
SAMPOL105 – Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)
Eit valfritt SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (10 studiepoeng) eller SAMPOL116 Democracy and Democratization (10 studiepoeng)
Historie-spesialisering:
HIS113 – Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) eller HIS114 – Fordjuping i eldre historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester
HIS115 – Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) eller HIS116 – Fordjuping i nyare historie (15 studiepoeng) - nytt tema kvart semester
4. semester
SAMPOL-spesialisering:
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)
SAMPOL106 – Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)
SAMPOL107 – Politisk mobilisering (10 studiepoeng)
Historie-spesialisering:
HIS101 – Oversyn over eldre historie til 1750 (15 studiepoeng)
HIS102 – Oversyn over nyare historie frå 1750 (15 studiepoeng)
5. semester
SAMPOL-spesialisering:
Utveksling / Praksisemne i Brussel (30 studiepoeng)
Historie-spesialisering:
Utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
SAMPOL-spesialisering:
SAMPOL260 – Bacheloroppgåve i samanliknande politikk (10 studiepoeng)
To av SAMPOL spesialiseringsemne på 200-nivå (20 studiepoeng)
Historie-spesialisering:
HIS203 – Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 studiepoeng)
HIS250 – Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester, og tar så eit semester med EUR-emne (eigne emne for europastudium). Vidare vel du spesialisering (90 studiepoeng) i samanliknande politikk eller historie. Femte semester er sett av til å reise på utveksling.
Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.
Spesialiseringar i denne graden.
Det er forventa at du reiser på utveksling i det femte semesteret. Alle er garantert plass på eitt av dei utvalde universiteta. Om du ikkje ønsker utveksling, kan ta praksis i samanliknande politikk eller avtale eit opplegg med emne ved UiB.
Samanliknande politikk har blant anna ei avtale med University of North Carolina, Chapel Hill, eit av dei beste universiteta i USA.
Etter bachelorprogrammet kan du søke om opptak til eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisert deg i:
Masterprogram i samanliknande politikk, Masterprogram i politikk og forvaltning, eller Masterprogram i historie.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.