Geografi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar38
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På bachelorstudiet lærer du korleis prosessar formar naturlandskapet og har innverknad på folk og samfunn, og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima. Studiet passar deg som er naturinteressert og samfunnsengasjert, og som ønsker å forstå prosessar i naturen og samfunnet.
På geografiutdanninga stiller vi oss mange dagsaktuelle spørsmål:
- Korleis kan klimaendringar, energiomstilling og matproduksjon taklast på lokalt plan?
- Korleis kan planlegging og politikk møte utfordringar knytt til befolkningsvekst og -nedgang, migrasjon og mobilitet, ulikskap og urbanisering?
- Korleis kan vi bidra til kunnskapsutvikling som fremmer berekraft, sosial rettferd og velferd i framtida?
Mange samfunnsutfordringar treng ei tverrfagleg tilnærming, og som geograf ser du på desse både med samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.
Studiekvardag
På bachelorprogrammet i geografi blir du del av eit godt studentmiljø og får reise på fleire spennande feltkurs og ekskursjonar med medstudentane dine. Du vil ha undervisning på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum, medan feltkursa skjer utanfor campus. Du kan studere fleire stader på UiB, til dømes på lesesalane på Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet.
Bachelorprogrammet i geografi er eit studium på fulltid der du tar 30 studiepoeng kvart semester, og brukar like mykje tid på studia som på ein full jobb. Mykje av studiekvardagen består av sjølvstudium og arbeid med innleveringar, individuelt eller i grupper.
Feltkursa er høgdepunkt for geografistudentane. På feltkurs vil du arbeide i grupper, gjennomføre intervju og samle inn data for å forstå samfunnet eller landskapet på staden. Du får ei god og heilskapleg forståing av faget når du får studere verkelege stader og prøve ut teoriar som du har lært i undervisninga.
Meir informasjon under
Velg geografi ved UiB
Les meir om studiekvardagen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Kva kan du jobbe som?
Mange geografar jobbar innan planlegging, stadutvikling og miljøforvalting i offentleg og privat sektor. Mange jobbar også i utdanning, forsking eller ulike organisasjonar.
Typiske yrke for dei med geografiutdanning er:
- GIS-rådgjevar
- planleggar
- lærar/lektor
- miljøkonsulent
- forskar
Geografar har kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet: Dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn som gir mange jobbmoglegheiter i offentleg forvaltning og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg.
Meir informasjon under
Les om karrieremoglegheiter med ein mastergrad i geografi
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Dei tre første semestera tar du innføringsemne og felles spesialiseringsemne i geografi. Frå det fjerde semesteret kan du bygge graden din etter dine interesser og framtidsplanar. I det sjette semesteret fordjupar du deg i den studieretninga som interesserer deg mest; naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi eller samfunnsgeografi.
I året med frie studiepoeng kan du studere dei emna som du meiner utgjer den beste kombinasjonen for din grad. Du kan ta opne UiB-emne frå andre fagfelt eller studere meir geografi. Dersom du vil bli lærar, kan du bruke dei frie studiepoenga til å ta eit anna fag du kan undervise i. Du kan òg ta frie studiepoeng på utveksling til utlandet og få internasjonal kompetanse.
Bachelorgraden i geografi har 180 studiepoeng fordelt på tre år og startar i august.
Du tar 110 studiepoeng med spesialisering i geografi, 10 studiepoeng i ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) og 60 frie studiepoeng.
Slik er studiet bygt opp:
1. semester
- GEO110 Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)
- GEO113 Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
- GEO131 Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)
2. semester
3. semester
- EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS - skuleeksamen (10 studiepoeng)
- GEO125 Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø (10 studiepoeng)
- GEO215 Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis (10 studiepoeng)
4. semester
-
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
- Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
- Anbefalte geografiemne som frie studiepoeng:
6. semester
Vel ei studieretning:
Naturgeografi:
- GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
- GEO212 Terrestriske klima- og miljøendringar (15 studiepoeng)
- GEO291 Naturgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Miljø- og landskapsgeografi:
- GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
- GEO206 Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
- GEO283 Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng)
- GEO293 Miljøgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Samfunnsgeografi:
- GEO204 Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
- GEO206 Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
- GEO222 Sustainability in an Urbanising World (10 studiepoeng)
- GEO292 Regionalgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Studieløp for deg som er tatt opp på programmet før 2024
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Dei fleste reiser i fjerde eller femte semester.
Dei siste åra har geografistudentane reist på utveksling til Island, Storbritannia, Frankrike, Nederland, Tyskland, Spania, Australia, Sør-Afrika, Ghana, Fiji, Brasil, Hawaii og Canada.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein toårig mastergrad i geografi.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 98 50
E-post: studieveileder.geog@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.