Hjem

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT), bachelor, 3 år (utgått)

Vil du lære å lage datasystem og dataprogram som passar for brukarane? På bachelorstudiet i IKT får du erfaring med moderne systemutviklingsmetodar og programmeringsverktøy, som du lærer gjennom praktiske oppgåver.
  • Lengde3 År
  • PlassarUtgår
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet.

Introduksjon

Bachelorprogrammet i informasjons- og kommunikasjonsteknologi passar for deg som har brei interesse for datafag og ønsker å arbeide i IT-bransjen. Dersom du dessutan er interessert i korleis du kan lage system og program som passar for menneska, organisasjonane og bedriftene som skal bruke dei, er bachelorprogrammet i IKT perfekt for deg.

Studiet kombinerer tekniske informatikkfag med samfunnsvitskapeleg informasjonsvitskap, og gir på denne måten ein brei kompetanse. Du får ei moderne, tverrfagleg utdanning som er spesielt tilpassa behova til næringsliv og forvalting.

IKT gir deg både praktiske datafaglege dugleikar og ei forståing av korleis organisasjonar, verksemder og menneske kan nytte IKT på ein god måte. Dette omfattar alt frå brukar- og organisasjonsmessige vurderingar til spesifisering, utforming og implementering av programsystem. Som ferdig IKT-student er du svært attraktiv på arbeidsmarknaden.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Foto/ill.:
Marvin Meyer / unsplash.com

Jobb

Det er stor, og aukande, etterspurnad etter IT-kompetanse på arbeidsmarknaden. IKT-studentar er svært aktuelle for eit breitt spekter av jobbar i IT-bransjen og i IT-avdelingar innan dei fleste andre bransjar.

Aktuelle arbeidsoppgåver etter fullført IKT-studium er:

  • utvikling, programmering og evaluering av nye informasjonssystem
  • opplæring og brukarstøtte
  • drift og vedlikehald av eksisterande system
  • utvikling av ny teknologi
  • planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT

Desse arbeidsoppgåvene finst både i det offentlege og i det private arbeidslivet.

Du kan òg søkja deg vidare til masterprogrammet i informasjonsvitskap eller masterprogrammet i informatikk.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i IKT er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Studiet er på til saman 180 studiepoeng og er lagt opp slik:

1. semester:

  • EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)
  • INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
  • INFO100 Examen facultatum - Innføring i informasjonsvitskap (10 studiepoeng)

2. semester:

  • INF101 Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
  • INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng)
  • MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)

3. semester:

  • INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
  • INFO125 Datahandtering (10 studiepoeng)
  • INFO180 Innføring i kunstig intelligens (10 studiepoeng)

4. semester:

5. semester:

  • Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

6. semester:

  • Valfrie emne / utveksling (til saman 30 studiepoeng)

Dei valfrie emna er emne du meiner er relevante for vidare utdanning eller yrkesplanar: Dette kan vere datafag eller andre relevante fag. Du kan velje opne UiB-emne, eller reise på utveksling i utlandet.

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane set pris på at dei fagleg er innom mykje forskjellig, og at dei får overblikk over ein dynamisk og variert bransje. 

Bachelorprogrammet i IKT er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 14-16 timar med undervising i form av forelesningar og seminargrupper. Gruppeoppgåver og lab-baserte øvingar er òg ein del av studiet.

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Som IKT-student vil du kunne bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på MatNat-fakultetet på Nygårdshøgda i Bergen sentrum.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

Etter å ha fullført bachelorprogrammet i IKT:

  • har du kunnskap om design-prinsipp for programvare og informasjonssystem.
  • kan du utforme og implementere effektive program.
  • kan du analysere ulike problemstillingar knytt til bruken av informasjonsteknologi med omsyn både til teknologiske løysingar og til verksemda/organisasjonen som teknologien skal tene.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i løpet av studietida di. Vi tilrår å reise ut i femte og/eller sjette semester. UiB har avtaler verda over, og du kan til dømes reise til Australia, Italia, Japan, Spania, Sør-Korea, Tyskland og USA.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS (Matematikk R1 eller Matematikk S1 og S2).

Søk her