Kognitiv vitskap (bachelor)

Kognitiv vitskap er eit datafagleg studium der du lærer om kunstig intelligens og korleis hjernen vår fungerer. Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg.

Kva lærer du?

Studiet fokuserer på korleis menneskeleg tenking blir til i eit samspel mellom sansing, minne, språk, problemløysing og følelsar. Du vil lære å lage dataprogram som etterliknar desse evnene, for å sjå om dei er i stand til å framvise åtferd som liknar menneskeleg intelligens.

Du vil utforske korleis vi menneske reflekterer over kvardagslege hendingar, korleis vi forstår språk, og korleis vi sansar verda omkring oss.

Innan kognitiv vitskap diskuterer vi spørsmål som

  • Kva er naturlege språk, og korleis forstår og bruker vi dei? 
  • Kva er logisk tenking, og kan maskinar tenke? 
  • Korleis kan du bruke symbolsk logikk til å modellere menneskeleg intelligens? 

Dette er det einaste studieprogrammet i kognitiv vitskap i Noreg. Du lærer om programmering og maskinlæring, og i tillegg mede eit fokus på menneskeleg informasjonsbehandling.

Studiekvardag

Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Studentane på kognitiv vitskap er ei aktiv og tett gruppe med 20-30 studentar på kvart kull, med eiga linjeforeining. Dei er også ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar. 

Det er mellom 14 og 18 timar undervisning i veka, blant anna forelesingar og praktiske øvingar. Mange av forelesingane er i seminarform, med mykje samhandling og kontakt mellom forelesaren og studentane. 

I ei vanleg undervisningsveke bruker du mykje tid på løysing av praktiske oppgåver på datalab. I tillegg vil du ha forelesingar, seminar-grupper, gruppearbeid og sjølvstudium. 

Studentar i kognitiv vitskap kan bruke lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og på  MatNat-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.

Kva kan du jobbe som?

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Dette er ein kombinasjon som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden.   

Fleire av våre tidlegare studentar jobbar blant anna med 

  • kunstig intelligens 
  • språkteknologi 
  • data science 
  • programmering 
  • systemdesign 
  • brukarinteraksjon 
  • produkt- og forretningsutvikling. 

Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 56.4
Primær kvote: 50.7

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Dei to første åra tar du obligatoriske fag. Det siste året vel du spesialisering i enten informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester

KOGVIT101  –  Introduction to the Cognitive Sciences (10 studiepoeng) 

EXFAC00SK  –  Språkkunnskap (10 studiepoeng) 

INF100  –  Innføring i programmering (10 studiepoeng) 

2. semester

INF101  –  Objektorientert programmering (10 studiepoeng) 

LOG110  –  Introduksjon til formallogikk (5 studiepoeng) 

LOG111  –  Deduksjon og metalogikk (10 studiepoeng) 

KOGSTAT  –  Statistikk for kognisjonsforsking (5 studiepoeng) 

3. semester

INF102  –  Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng) 

LING122  –  Språk og kognisjon (10 studiepoeng) 

INFO282  –  Knowledge Representation and Reasoning (10 studiepoeng) 

4. semester

Examen Philosophicum  – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng) 

FIL105  –  Innføring i sinnsfilosofi (10 studiepoeng) 

PSYK120  –  Biologisk og kognitiv psykologi (10 studiepoeng) 

5. og 6. semester

Spesialisering i informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi (Se under "Rekkefølge for emner i studiet") 

 

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2019? Sjå oppbygging her.

Tatt opp på bachelorprogrammet før 2022? Sjå oppbygging her.

Studieretningar
Utveksling

Du kan reise på utveksling til for eksempel Hong Kong, Italia, Japan, Nederland, Sør-Korea eller USA. Du kan reise ut i eitt eller to semester. Det vanlegaste er å dra i det femte og/eller sjette semesteret.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bachelor kan du søke deg vidare på eit toårig masterprogram i det faget du har spesialisering i: enten informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder@ifi.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i kognitiv vitenskap