Medie- og interaksjonsdesign, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær57,1
- Primær50
- Plassar33
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign lærer du å forstå mediefeltet, slik at vi kan designe løysingar som gir effektiv medieproduksjon og brukarvennleg mediebruk. Interaksjonsdesign handlar om å lage løysingar som gjer produkt og system enklare for brukaren.
Sentrale spørsmål i studiet er korleis ein kan:
- gjere streamingtenesta er betre tilpassa bestemte brukargrupper
- forenkle kvardagen til ein journalist med nye teknologiske løysingar
- gjere redigeringsprosessen for medieprodusentar meir saumlaus
Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verktøy, og mediebruk er i ofte brukarstyrt, interaktiv og on-demand. I slike situasjonar er det viktig at systema er enkle og effektive å bruke både for medieprodusentar og mediebrukarar. Dei må gjere det brukarane treng, og ikkje skape frustrasjon og dårleg oppleving. Nye interaktive løysingar krev òg at ein utviklar nye former for medieinnhald, som passar dei nye teknologiane og brukarmønstera.
Studiekvardag
Som student på medie- og interaksjonsdesign vil du høyre til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Undervisninga finn stad i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medie- og medieteknologiselskap som TV 2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Mediability, og Vimond. Det gir studentane ein unik nærleik til mediebransjen.
Studentar på bachelorstudiet i medie- og interaksjonsdesign utviklar prototypar som mediefolk vil få god bruk for.
Undervisninga er lagt opp som workshops som kombinerer forelesingar og seminaraktivitet med praktiske øvingar. På slutten av studiet skal du også gjere eit bachelorprosjekt i samarbeid med eit selskap. Du må rekne med ein del sjølvstudium aleine og i grupper.
Du vil være på feltarbeid to gonger i studieløpet. Da vil du besøke lokale medieselskap der du observerer arbeidspraksisar over tid. Du vil også undersøke korleis mediebrukarar interagerer med medieteknologi.
Det er internpraksis i første, andre, tredje og fjerde semester. Da vil studentane jobbe i grupper med utviklinga av ein praktisk prototype. Internpraksisen vert rettleia av praksislærarar frå næringslivet. I løpet av det sjette semesteret er du i praksis hos ei mediebedrift der de lagar ei teknisk medieløysing i grupper.
Studiet har mykje obligatorisk undervisning og gruppeprosjekt og passar derfor for dei som likar å ha strukturerte kvardagar.
Meir informasjon under
Bachelor i medie- og interaksjonsdesign
Kva kan du jobbe som?
Dette er ei utdanning som er utvikla i tett dialog med bransjen. Kompetansen du får er ei unik blanding av teknisk innsikt, designkunnskapar og forståing av kva brukarane treng i møte med ny teknologi.
Du kan for eksempel arbeide med:
- UX-design og interaksjonsdesign
- brukarstudiar og -innsikt
- front end-utvikling
- informasjons- og kommunikasjonsarbeid
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Studieløpet går over tre år og startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- MIX100 Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign (10 studiepoeng)
- INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
3. semester
4. semester
- MIX204 Design for mediebruk (20 studiepoeng)
- INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng) eller INFO110 Informasjonssystem (10 studiepoeng) eller AIKI110 Kunstige agentar (10 studiepoeng)
5. semester
- Frie studiepoeng* / utveksling (30 studiepoeng)
*Frie studiepoeng er fag du vel i tillegg til dei obligatoriske. Med valfrie fag kan du forme graden etter kva du sjølv er interessert i.
6. semester
- MIX250 Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign (30 studiepoeng)
Utveksling
Du har høve til å reise på utveksling det femte semesteret som ein del av dei frie studiepoenga dine. Universitetet har mange avtalar med ulike land og universitet rundt om i verda.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
UiB tilbyr masterprogram i medie- og interaksjonsdesign som du kan ta etter fullført bachelorgrad. Under visse føresetnader kan du òg søke andre masterutdanningar ved UiB, for eksempel informasjonsvitskap og medievitskap.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 64
E-post: studierettleiar.mcb@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.