Sosialantropologi (bachelor)

Sosialantropologi er studiet av menneske i alt sitt sosiale og kulturelle mangfald. Som student lærer du om kva det betyr å vere menneske under ulike omstende og utviklar ei analytisk verktøykasse for å forstå menneskets verkelegheit og val dei tek på eigne premisser.

Kva lærer du?

Ein student med bachelorgrad i sosialantropologi

  • har samanliknande kunnskap om menneskelege levemåtar verda over.
  • kan bruke analytiske omgrep og perspektiv til å reflektere over lokale og globale samfunnsprosessar.
  • forstår samspelet og skilnaden mellom empiri, teori og analyse i antropologiske tekstar.
  • kjenner til og har erfaringar frå deltakande observasjon og etiske utfordringar knytt til feltarbeid.
  • kan analysere korleis ein akademisk tekst er bygd opp, finne sentrale argument i tekstar, samanlikne dei og formulere ei samla framstilling av funna.
  • kan gjere greie for faghistoriske utviklingstrekk og dei sentrale metodane og teoretiske perspektiva innan sosialantropologi.
  • kan bruke bibliotek og andre kjeldesamlingar for å finne ny og relevant informasjon i utarbeiding av eigne prosjekt, føre referansar til kjelder i akademisk tekst og lage litteraturliste.
Studiekvardag

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I løpet av ei veke har du forelesingar, seminargrupper og oppgåveskriving. I starten av studiet får du tett oppfølging og mykje undervisning. Utover i studiet får du meir tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Du skal gjere eit minifeltarbeid i grupper allereie første semester. I siste semester skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvalt tema med rettleiing frå ein fagperson. 

Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet og tidsskriftet Kula Kula og Antrohalvtimen. Du kan vere med i antropologisk podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff. 

Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus på Nygårdshøyden.

Kva kan du jobbe som?

Arbeidslivet sett høge krav til fleksibilitet, sjølvstendig tenking og det å sjå andre sine perspektiv. Antropologistudiet gir deg denne kompetansen.

Nokon får jobb på grunn av den generelle kompetansen og den kvalitative metoden ein får gjennom studiet. Andre blir anerkjent for sine region- eller temakunnskapar.

Antropologar jobbar med alt frå

  • forskings- og kommunikasjonsarbeid i media og internasjonale organisasjonar
  • kulturomsetjing, for eksempel innanfor flyktning- og innvandringsfeltet
  • arbeid innan barnevern, rusomsorg eller liknande
  • privat og offentleg administrasjon og leiarskap
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i sosialantropologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Slik er studiet bygd opp:

1. semester

SANT100 – Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)

SANT150 – Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)

Examen philosophicum – seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

SANT106 – Sosialt liv i globalt perspektiv (10 studiepoeng)

SANT107 – Materialitet: miljø, stad og økonomi (10 studiepoeng)

SANT108 – Etnografi i praksis (10 studiepoeng)

3. semester

SANT104 – Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)

SANT105 – Politikk, makt og motstand (15 studiepoeng)

4. og 5. semester

Frie studiepoeng/utveksling (til saman 60 studiepoeng)

6. semester

SANT215 – Komparativ regional etnografi (15 studiepoeng)

SANT260 – Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

Bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i fyrste semester. Dei obligatoriske emna Sosialt liv i globalt perspektiv, Materialitet: miljø, stad og økonomiKultur, meining og kommunikasjon, Etnografi i praksis, Politikk, makt og motstandKomparativ regional etnografi og Bacheloroppgåve utgjer spesialiseringa i sosialantropologi, på til saman 90 studiepoeng.  

60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Dette gjev deg eit år der du kan reise på utveksling, ta opne emne frå andre fagområde ved UiB eller fordjuping av antropologiske interessefelt. Slik kan du sjølv tilpasse innhald og oppbygging av bachelorgraden din.

Studieretningar

Spesialiseringar i denne graden.

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester.

Studentar reiser til universitet i Europa, Stillehavet, Asia og Latin-Amerika. Du kan lære eit nytt språk og bli kjent med folk frå heile verda. Erfaringa kan bli viktig for val av tematikk på bacheloroppgåve og masterprosjekt, og i arbeidslivet etterpå.

Reisebrev frå antropologistudentar på utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Ein bachelorgrad i sosialantropologi vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i sosialantropologi. Masterprogrammet er eit toårig fordjupingsstudium som skal styrke analytiske evner og teoretisk og metodisk kompetanse.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55 58 98 50
E-post: studieveileder.sosantr@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i sosialantropologi

Lenke til video