
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
I sosiologistudiet lærer du å analysere korleis menneske blir forma av samfunnet dei lever i, og korleis menneska skaper samfunnet gjennom daglege praksisar og handlingar.
Ein ferdig utdanna bachelorstudent i sosiologi
På metodekursa lærer du ulike forskingsmetodar som statistisk analyse, intervju og observasjon. Korleis går ein fram for å samle inn ulike typar forskingsdata? Korleis analyserer ein desse? Og kva er det rimeleg å slutte frå ulike typar data? Verktøya er svært nyttige i arbeidslivet og rustar deg for mange ulike jobbar.
Som bachelorstudent blir du del av eit godt studentmiljø. Sosiologisk institutt og fagutvalet legg godt til rette for at du skal føle deg inkludert.
Bachelorprogrammet i sosiologi er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10-12 timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper.
Gjennom studiet blir du introdusert for fleire emne og tema før du skal i gang med å skrive bacheloroppgåva. Innan då har du gjerne funne eit tema du er spesielt interessert i innanfor sosiologien, og du får fordjupe deg i dette.
Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.
Som sosiologistudent vil du halde til på SV-fakultetet på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.
Du utdannar deg ikkje til eit spesifikt yrke ved å ta ein bachelorgrad i sosiologi, men du lærer teori og metodar gjennom studiet som du kan bruke i mange forskjellige jobbar i arbeidslivet. For eksempel lærer du metodeverktøy for gjennomføring av undersøkingar og analysar, og du får teorikunnskapar om menneskelege relasjonar og om korleis ulike sider av samfunnet fungerer.
Våre tidlegare studentar jobbar med
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Bachelorprogrammet i sosiologi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester, haust
SOS100A – Innføring i sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester, vår
SOS121 – Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)
MET103 – Kvalitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)
Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)
3. semester, haust
SOS122 – Nyare sosiologisk teori (10 studiepoeng)
SOS123 – Det norske samfunn i endring (10 studiepoeng)
MET104 – Kvantitativ samfunnsvitenskapleg metode (10 studiepoeng)
4. semester, vår
Frie studiepoeng: utveksling eller valemne (30 studiepoeng)
5. semester, haust
Frie studiepoeng: utveksling eller valemne (30 studiepoeng)
6. semester, vår
SOS203 – Sosiologisk forsking: teori og metode (10 studiepoeng)
SOS204 - Bacheloroppgåve i sosiologi (10 studiepoeng)
Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)
Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltids studium). Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. 90 studiepoeng sosiologiske emne utgjer spesialiseringa i sosiologi. Og 60 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne ut frå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Slik kan du forme innhald og oppbygging av graden din. Du kan velje opne UiB-emne eller dra på utveksling i utlandet.
Tatt opp på bachelorprogrammet før 2024? Sjå oppbygging her.
Utveksling gir deg nye perspektiv, moglegheit til å lære språk, og internasjonal erfaring som vert verdsett av mange arbeidsgjevarar. Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester, og det er anbefalt å reise i fjerde og/eller femte semester. Vi har utvekslingsavtalar med mange universitet i store delar av verda.
Etter bachelorgraden kan du fortsette studia og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.