Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utdanning utenfor EU/EØS-området

Har du tatt odontologisk grunnutdanning utanfor EU/EØS-området? Med dette studieprogrammet får du tilpassa utdanninga di frå utlandet med norsk, integrert master i odontologi. Det er behov for tannlegar, og med denne utdanninga kan du jobbe som tannlege i Norge.

Kva lærer du?

På studiet vil du lære korleis odontologi vert praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for denne praksisen, og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du bli betre integrert både i det norske fagmiljøet og kulturelt og sosialt i det norske samfunnet. 

Gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte. 

Studiekvardag

Dette programmet gjer eit opplegg tilpassa ditt faglege utgangspunkt og progresjon. Dei avsluttande prøvene blir fastsett etter ei vurdering per fagområde. Du får 

  • fagleg utbytte med bratt læringskurve
  • inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå
  • lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur 

Det blir eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på, er klinisk pasientbehandling. Du får òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland i andre semester. Utover dette blir det forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium.  

Du kan bli med i ei av forskargruppene ved Det medisinske fakultet.

Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).

Kva kan du jobbe som?

Med denne utdanninga får du jobbe som tannlege i Noreg i enten offentleg eller privat sektor. Det er behov for tannlegar, spesielt i distrikta, så det er vanleg å få jobb etter dette studiet. 

Når du har fullført og bestått programmet, må du søke om å bli autorisert som tannlege på nytt. Helsedirektoratet har meir informasjon om autorisasjonsordninga. 

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

MERK: Karakterkrav og betaling av studieavgift gjelder ikke for søkere til kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utdanning utenfor EU/EØS.

Institutt for klinisk odontologi lyser ut opptak til Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS og Sveits.

Planlagt studiestart: januar 2026

Opptaket opnar 6. januar 2025

Søknads- og dokumentasjonsfrist: 23. februar 2025

Frist for ettersending av språkkrav: 20. juni 2025

Søknad

Du søker elektronisk gjennom SøknadsWeb, og all relevant dokumentasjon skal lastast opp som vedlegg. Søknader som vert sendt inn utanom SøknadsWeb, vil ikkje bli behandla.

Formelle opptakskrav

- Odontologisk grunnutdanning: Det er ein føresetnad at grunnutdanninga har blitt vurdert av autorisasjonsmyndigheitene (Helsedirektoratet). Dersom vurderinga viser eit moderat avvik frå norsk utdanning i odontologi, kan Kvalifiseringsprogrammet vere eit eigna tiltak for seinare å få innvilga norsk autorisasjon som tannlege. Vurderinga og konklusjonen til Autorisasjonsmyndigheitene vil ligge til grunn for IKO si vurdering av den som søker opptak til Kvalifiseringsprogrammet.
- Språkkrav i norsk og engelsk. Krava er som for Samordna opptak. Det er anledning til å ettersende dokumentasjon om oppfylte språkkrav. Fristen for ettersending er sett til 20. juni 2025. Du må spesifisere i eige vedlegg til søknaden at du vil ettersende dokumentasjon på oppfylt språkkrav og kunne dokumentere deltaking på eventuelt språkkurs. NB! Ver merksam på at Helsedirektoratet har eigne og strengare krav til oppfylt språkkrav for å kunne innvilge autorisasjon på eit seinare tidspunkt. Set deg godt inn i desse krava før du søker.
-Norsk bustadadresse på søknadstidspunktet.

Opptaksprosessen

Fyller du dei formelle opptakskrava, blir du kalla inn til første del av ei opptaksprøve.

Del 1, Praktisk del: Her utfører du oppgåver på plasttenner med skriftleg grunngjeving for korleis du har løyst oppgåvene. Dersom du oppnår minst 40% av moglege poeng, vil du få tilbod om å ta:
Del 2, Teoretisk opptaksprøve: Prøve i kliniske fag med noko innslag av pre- og parakliniske problemstillingar. Prøva er digital. Dagen etter blir du bedt om å møte til:
Del 3, Intervju: tek utgangspunkt i utdanninga di, erfaringa du har som tannlege, norsk formuleringsevne og forståing, motivasjonsgrad, klinisk erfaring og lengde på fråvær frå klinisk praksis, interesse for odontologi generelt (framtidsutsikter) og svar på del 1 og 2 av opptaksprøva.

Alle delar av opptaksprøva er på norsk, og alle delar (1-3) av opptaksprøva tel likt.

Dersom du er blant dei inntil åtte søkarane med best resultat, vil du få tilbod om opptak til programmet. Opptaksprosessen tar vanlegvis eit halvt til eit heilt år, og opptaket blir derfor avslutta i løpet av høsten 2025.

Søknadsfrist: 1. september
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Studiet er eit fulltidsstudium på 90 studiepoeng. Programmet har oppstart kvart 1,5 år, vekselvis i januar og august. Ved studiestart i januar vil neste kull starte i august året etter. Undervisninga er på norsk og svensk, mens litteraturen er på norsk og engelsk. Alle delar av studiet er obligatoriske, med unntak av forelesingane. Alle emne og alle aktivitetar  må vere godkjent før ein kan gå opp til avsluttande eksamen.  

Studiet går over 1,5 år og består av desse elementa: 

praktisk ferdigheitstrening i kliniske fagdisiplinar  

teoretisk tilpassa seminar i 12 fagområde 

tverrfaglege kurs og seminar som smittevern, førstehjelp, fleirkulturell samhandling, kommunikasjonstrening, klinisk fotografering, OPUS journalsystem  

10 dagars praksisteneste ved DOT Vestland  

klinisk pasientbehandling  

avsluttande teoretiske prøver i 11 fagområde, samt diverse delprøver  

avsluttande kasuseksamen over 1,5 dagar 

Slik er studiet lagt opp:

KVALI-PROG - Avsluttande kasuseksamen ved Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/ EØS-området (90 studiepoeng)

 

Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.

Klinikkarbeidstøyet består av klinikkbukser og korterma kittel for å sikre adekvat handhygiene. Religiøse hovudplagg som nyttast i klinikken, sjåast som arbeidstøy, og skal følgje reglene for arbeidstøy.

Alt arbeidstøy eigast av Odontologisk Universitetsklinikk og vert lånt ut til studentane.

Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB. 

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.

Vidare studiemoglegheiter

Etter kvalifiseringsprogrammet kan du gå vidare til doktorgrad. For å kunne søke opptak til ph.d.-programmet kan du for eksempel først søke deg til spesialistutdanning og deretter søke om opptak til doktorgradsutdanninga.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: Ta kontakt via e-post
E-post: studie.iko@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utenfor EU/EØS-området