![](https://www4.uib.no/sites/default/files/2025-01/vm.png)
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Med denne lektorutdanninga kan du bli den læraren som får elevane til å forstå religiøsitet på tvers av kulturar, og som ser fortid, notid og framtid i samanheng. Kven er vi? Kor kjem vi frå? Kvifor ser samfunnet ut som det gjer?
Som lektor kan du undervise på ungdomstrinnet og i den vidaregåande skolen. Lektorutdanninga gir deg den faglege tyngda du treng, og praksiserfaring i skolen allereie frå første semester.
Studiet gir deg grunnlag for å undervise i to fag. Du tar master i enten historie eller religionsvitskap. Undervisning i desse faga gir innsikt i menneska sine liv frå tidlege tider og fram til i dag. Historie er faget om fortida til menneska og samhandling og konflikt i ulike samfunn frå antikken til i dag. Religionsvitskap er studiet av korleis religiøse forestillingar og handlingar har prega, og framleis pregar, menneska som individ og samfunn.
Det andre faget du vel, kan vere enten tysk, fransk, spansk, engelsk, nordisk, religionsvitskap, historie eller sosiologi. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis vi lærer bort og oppdrar), fagdidaktikk (korleis vi underviser fag) og praksis i skolen.
I studiet vil du saman med andre lektorstudentar møte faga dine som skolefag gjennom teori og praksis. Du vil òg møte faga som forskingsdisiplinar saman med studentar på andre program. Praksisperiodane er obligatoriske og fordelt gjennom studiet. Då får du undervise i skolen og lære ulike måtar å formidle fagkunnskap på. Det siste året av studiet skal du skrive ei masteroppgåve. Her får du moglegheit til å forske sjølv og fordjupe deg innanfor eitt tema.
Lektorprogrammet har eit godt miljø, med sterkt samhald gjennom heile studiet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. Her finn du òg samlingsrommet «Lektors kontor», der lektorstudentane kan øve på undervisningsmetodar og samarbeide i grupper.
Lektorutdanninga gjer deg først og fremst kvalifisert til jobb som lærar i den vidaregåande skolen eller i ungdomsskolen. Det er stort behov for lektorar i skolen, og lektorar frå UiB er kjend for å ha fagleg tyngde og forskingskompetanse. Utdanninga gir deg grunnlag for undervisning i to fag.
Utdanninga opnar òg for jobb utanfor skolen, med for eksempel formidling, forsking, kommunikasjon og leiing.
Generell studiekompetanse, i tillegg til anten:
Ved opptak til studiet må du legge fram politiattest.
Undervisningsspråk: Norsk
Lektorutdanninga går over fem år og gir mastergrad. Du studerer to undervisnings- og forskingsfag. Dei fire første åra får du undervisning i fagdidaktikk og pedagogikk. Du får òg vere i praksis i skolen dei fire første åra. I det femte året skriv du masteroppgåva. Studiet er bygd opp slik:
1. semester
Examen philosophicum (10 studiepoeng)
Pedagogikk (10 studiepoeng)
Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (10 dagar)
2. semester
Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (30 studiepoeng)
3. semester
Det andre undervisningsfaget (20 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (10 dagar)
4. semester
Det andre undervisningsfaget (30 studiepoeng)
5. semester
Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (10 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
Pedagogikk (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (35 dagar)
6. semester
Det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (20 studiepoeng)
Bacheloroppgåve i det andre undervisningsfaget (10 studiepoeng)
7. semester (masternivå)
Masteremne i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (30 studiepoeng)
8. semester
Masteremne i det første undervisningsfaget (historie eller religionsvitskap) (20 studiepoeng)
Fagdidaktikk i det første undervisningsfaget (10 studiepoeng)
Praksis i skolen (35 dagar)
9. og 10. semester
Masteroppgåve i det første undervisningsfaget (60 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i fjerde eller sjette semester. UiB har avtalar med ei rekke universitet i Europa og elles i verda. Eit utvekslingsopphald vil gi deg fagleg, kulturell og språkleg erfaring som du kan bruke i klasserommet. Vi hjelper deg med planlegginga.
Med lektorutdanning har du òg ein mastergrad som kan kvalifisere til søknad på doktorgradsstipend og ph.d.-program. Du kan bygge på utdanninga med eit tredje undervisningsfag ved å ta 60 studiepoeng i eit anna skolefag, slik at du kan undervise i fleire fag. Det finst også ulike moglegheiter for etter- og vidareutdanning, til dømes innan spesialpedagogikk, skoleleiing og kollegarettleiing.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Lektorutdanning med master i historie eller religionsvitenskap