Havbruk (integrert masterprogram, sivilingeniør)

Bli med oss inn i den grøne framtida med UiB sitt sivilingeniørprogram i havbruk!

Kva lærer du?

Studiet legg vekt på innovasjon, nytenking og entreprenørskap. Du lærer å sjå heile verdikjeda i havbruks- og sjømatnæringa i samanheng.  

På studiet får du:  

  • oversikt over sentrale utfordringar og moglegheiter innan havbruks- og sjømatnæringa 
  • bidra til å løyse problem og finne løysingar for havbruks- og sjømatnæringa 
  • nytte kunnskap og ferdigheitar på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
Studiekvardag

Sivilingeniørstudiet Havbruk ved UiB høyrer til ved Institutt for biovitskap. Fagmiljøet er stort sett samla på Marineholmen, og du vil tilbringe tid på Realfagbygget på Nygårdshøgda. Du kan nytte deg av alle opne lesesalsplassar ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi. På Masternivå får du eigen plass på Høgteknologisenteret eller Biologen.  

Utdanninga er eit integrert masterprogram. Dette betyr at du ikkje tar bachelorgrad, men går fem år og får ein kombinert master- og sivilingeniørgrad. Det integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

Undervisninga består av:  

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Laboratorium og praktiske øvingar 
  • Sjølvstudium  
  • Feltkurs 
  • Praksis 
  • Masteroppgåve
Kva kan du jobbe som?

Med ei utdanning i havbruk vil du være attraktiv innan havbruks- og sjømatnæringa i Noreg generelt, og som ingeniør innan havbrukssektoren spesielt. 

Dette er ei fornybar næring i sterk vekst og utvikling, som har behov for ulik kompetanse på mange nivå innanfor: 

  • oppdrett 
  • fór 
  • finansiering  
  • forsikring 
  • utstyr 

Med dennne utdanninga har du i tillegg til den biologiske bakgrunnen også innslag av teknisk, økonomisk og kommersiell kompetanse. Du vil då være skikka til å drive forretningsutvikling og entreprenørskap samstundes som du har solid innsikt i produkta og metodikk i havbruk.

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 53.6
Primær kvote: 49.4

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: SIVING

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2), R2 og Fysikk 1. Om du ikkje har generell studiekompetanse kan du likevel dekke kravet om du har:

  • Bestått 1-årig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter fagplan av 2014
  • Bestått 1-årig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning
  • Bestått 2-årig teknisk fagskule (rammeplan frå 1998/99 eller tidlegare)

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Det integrerte masterprogrammet i havbruk er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.   

Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene. 

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester (haust): 

BIF100: Innføring i fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng) 

BIO100: Innføring i økologi og evolusjon (10 studiepoeng) 

MAT101: Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng), MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)

2. semester (vår): 

BIF101: Organismebiologi for fiskehelse og havbruk (10 studiepoeng) 

INF100 Grunnkurs i programmering (10 studiepoeng) 

MAT102: Brukarkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 

3. semester (haust): 

BIO291 Fiskebiologi II - fysiologi (10 studiepoeng) 

BIO280 Fiskebiologi I - systematikk og anatomi (10 studiepoeng) 

PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng)

4.semester (vår): 

BIF200 Havbruksteknologi (10 studiepoeng) 

KJEM109 Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng)

Ex.phil (10 studiepoeng)

5.semester (haust): 

Frie studiepoeng på tilsammen 30 studiepoeng som du velger selv eller ta et utvekslingsopphold

6. semester (vår): 

BIO208 Miljøpåverknad av oppdrett (10 studiepoeng) 

BIO205 Praksisperiode, lovverk og forvaltning i akvakultur (10 studiepoeng) 

STAT110 Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)

7. semester (haust): 

BIO300A Biologisk dataanalyse og forsøksoppsett (5 studiepoeng)

BIO300B Biostatistikk (5 studiepoeng) 

BIO213 Marin økologi (10 studiepoeng) 

INNOV201 Innovasjon ved designtenking (10 studiepoeng)

8.semester (vår): 

LAS301 og LAS303 Forsøksdyrkurs, fisk (10 studiepoeng) 

BIO207 Næringsmiddelmikrobiologi med spesiell relevans til sjømat (10 studiepoeng)

HAVB399 Masteroppgåve (oppstart)

9.semester (haust):  

HAVB399 Masteroppgåve 

BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 studiepoeng)

10.semester (vår): 

HAVB399 Masteroppgåve 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er mogleg å reise på utveksling det femte semesteret, dersom du er tidleg ute med planlegginga. Populære reisestader er Australia, USA, Canada, Danmark og New Zealand.

Vidare studiemoglegheiter

Etter mastergraden kan du gå vidare akademisk og satse på ein doktorgrad og forsking.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 30 30
E-post: studie@bio.uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Integrert masterprogram i havbruk (sivilingeniør)