Informatikk, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar37
- KarakterkravMinimum C
- SpråkEngelsk, Norsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på masterprogrammet i informatikk, eit studium ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)
Frammøte: Første oppmøte haustsemesteret 2024 er tysdag 13. august kl 10:15-13:00 på Stort og Lille auditorium, Høyteknologisenteret, Thormøhlensgate 55
- 10:15 Obligatorisk informasjonsmøte - Velkommen til masterstudiet og praktisk info
- 10:30-12:00 Møt forskningsgruppene
- 12:00 Felles lunsj med pizza
Oppmøte er obligatorisk. På møtet vert det gjeve viktig informasjon om masterstudiet, emne, moglege tema for masteroppgåve og veiledere. Dersom tvingande grunnar gjer at du ikkje kan delta i møtet, send ein epost til studieveileder@ii.uib.no
Ta med: Når du møter fram den første dagen må du ta med deg din berbare datamaskin
Sjekkliste: Bruk uib.no/sjekkliste for å bli klar for studia. Du treng ikkje gjere alt før du møter opp den første dagen.
Meir informasjon om informatikkstudiet
Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging, tar du kontakt med oss allereie no. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg, dersom du får tilbod om studieplass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no
Kva lærer du?
På masterprogrammet får du brei og oppdatert kunnskap innanfor informatikk og teknologi. Avhengig av studieretninga du vel, får du kunnskap og ferdigheiter til å analysere mange ulike problemstillingar og finne måtar å løyse dei på. Du får også innsikt i vitskaplege utfordringar og etiske aspekt innan informatikk.
Du får ein rettleiar som er djupt engasjert i forskingsfeltet du skal skrive om. Du kan velje masteroppgåvetema frå eit av desse fagområda:
Studieretningar
Studiekvardag
Institutt for informatikk har eit internasjonalt miljø av dyktige og aktive informatikkstudentar og anerkjente forskarar. Vi oppmodar masterstudentar til å vere med i ei av forskingsgruppene ved instituttet. Det første semesteret skal du også velje individuell rettleiar og masteroppgåvetema.
I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er hovudsakleg på engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Kva kan du jobbe som?
Kandidatar frå dette masterprogrammet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor.
Du kan blant anna jobbe innanfor:
- konsulentverksemder
- FinTech (finansteknologi)
- høgteknologibedrifter
- forskingsinstitutt eller universitet
- gründerverksemd
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april for opptak til hausten og 1. november for opptak til våren. Søk her
Spesifikke opptakskrav for studieretningane
Masterprogrammet i informatikk har sju studieretningar med spesifikke opptakskrav. Les meir om desse under "Studieretningar".
Studiets oppbygging
Studieprogrammet startar vår og haust.
1. og 2. semester
- Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng)
- Valemne (50 studiepoeng)
3. og 4. semester
- Masteroppgave (INF399, 60 studiepoeng)
eller
- Masteroppgave (30 studiepoeng)
- Valemne (30 studiepoeng)
Emnet Algoritmar (INF234, 10 studiepoeng) er obligatorisk. Dei resterande emna på 50 studiepoeng skal vere på 200- eller 300-nivå og heng saman med kva spesialisering og masteroppgåvetema du vel. Du vel emne i samarbeid med rettleiaren din.
Masteroppgåve: Masteroppgåve i informatikk INF399 er på 60 studiepoeng og skal skrivast dei to siste semestera. I samråd med rettleiaren kan du også velje å skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande.
Utveksling
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det andre eller tredje semesteret som masterstudent. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter fullført mastergrad kan du søke på lønt stilling som doktorgradsstipendiat (PhD) innan informatikk.
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.