Mikroelektronikk
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Mikroelektronikk er ein viktig føresetnad for teknologiutviklinga i samfunnet vårt der produkt som mobiltelefon, nettbrett og stadig kraftigare PC-ar er blitt ein del av dagleglivet. Fagfeltet er og av avgjerande verdi for forsking og utvikling innan eksperimentell fysikk og teknologi.
Masterprogrammet i mikroelektronikk fokuserer på design, simulering, layout, programmering, produksjon og testing av analoge og digitale, integrerte krinsar. Integrasjon med detektorar og sensorar er også eit sentralt felt.
Masterprogrammet i mikroelektronikk gjer eit breitt grunnlag og god forståing innan aktuelle problemstillingar i faget. Studiet gir erfaring med munnleg og skriftleg framstilling av resultat og teoriar, og trening i å kunne lese og vurdere relevant faglitteratur.
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Etter fullført mastergrad i mikroelektronikk skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan analog og digital integrert kretsteknologi
- forklare aktuelle eksperimentelle metodar og teknikkar innan mikroelektronikk
- vise at ein har avanserte kunnskapar innan mikroelektronikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
- nytte systematiske designmetodar og avanserte designverktøy for modellering, simulering, produksjon, testing og dokumentasjon av mikroelektronikk (emnet for oppgåva vil vere avgjerande for kva metodar som nyttast)
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
- analysere problemstillingar i mikroelektronikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
- orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idéar innan mikroelektronikk
- analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
- kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan mikroelektronikk, både med spesialistar og til allmennheita
- kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Opptakskrav
Masterprogrammet i fysikk, retning mikroelektronikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk, samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)
- Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)
- Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142
- Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt. Samt elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (HVL)
Utrekning av karaktersnitt
For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:
- INF100, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114. For studenter tatt opp fra og med høsten 2019 vil PHYS109 bli inkludert
- De to beste karakterene av emnene PHYS116, PHYS118 eller PHYS119
- De tre beste karakterene av MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212.
- Elektrofaglig basis tilsvarende ELE141 og/eller ELE142 (tidligere ELE100 eller ELE101 ved HVL)
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra,differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
- Bachelorgrad i elektronikkingeniør, inkludert fordypningsemne i fysikk/matematikk 3 (Videregående matematikk og fysikk for data og elektro)
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program