
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Er du interessert i realfag, men har kun lyst til å studere eitt år? Då kan eit årsstudium vere noko for deg. Her kan du velje mellom grunnleggjande emne innan realfag og naturvitskap.
Denne studieretten lar deg velje blant dei realfaga du er mest interessert i.
Årsstudium gir deg studierett i eitt år (60 studiepoeng). Hvis du har behov for tilleggsfag eller enkeltemner for å komplettere tidligere utdanning, for eksempel for å kvalifisere deg til masterstudier eller PPU, er denne studieretten for deg. Du har også mulighet til å skaffe deg meir kompetanse innen ett realfag.
Årsstudium er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke emna du tek som del av ein bachelorgrad innan realfag. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir.
Det faglige innholdet i programmet vil avhenge av kva emne du veljer. Det er viktig at du passar på at:
Årsstudium i realfag er ein studierett som går over eitt studieår. Du kan studere fulltid eller deltid. Ynskjer du å studere fulltid vil det seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 6-8 timar med undervising i form av førelesningar, laboratorie og seminargrupper.
Det meste av undervisninga vil foregå på Realfagbygget som ligg på Nygårdshøgda midt i sentrum.
Årsstudium gjer deg ikkje ein grad, men emna du tek kan brukast i ein bachelorgrad, eller som tilleggsfag til tidligere utdanning.
Naturvitskaplege og teknologiske fag er etterspurt på arbeidsmarknaden. Fleire som tek eit årsstudium er allereie i jobb, og ynskjer å fylle på med emne for å auke kompetansen innanfor det aktuelle fagområdet.
Om du har ein mastergrad og går videre med PPU kan du jobbe som lærer, og bygger du på med ein master kan du jobbe som spesialist innen eit område, til dømes som rådgiver eller konsulent.
Les intervju med tidlegare studentar
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:
Opptakskrav: REALFA
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:
Matematikk R2
Fysikk 1 og 2
Kjemi 1 og 2
Biologi 1 og 2
Informasjonsteknologi 1 og 2
Geofag 1 og 2
Teknologi og forskingslære 1 og 2
Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk: Norsk
Årsstudium har ingen obligatoriske fag.
Det er fleire måtar å fylle årsstudiet på:
1. Fagstudium
Vel emne innanfor fagområdet du ynskjer. Totalt kan du ta 60 studiepoeng i dette fagområdet.
2. Fritt valde emne
I løpet av studieåret set du saman emne sjølv. Du kan velje om du vil inkludere ex.phil. og andre førstesemesteremne, du kan ta emne frå berre eitt av dei naturvitskapelege eller teknologiske faga, eller du kan kombinere emne frå fleire fag. Innanfor visse rammer kan du også velje blant andre opne emne ved UiB.
3. Opptaksgrunnlag til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Årsstudiet kan gi deg noko av grunnlaget for opptak til PPU. Du kan følge ein anbefalt emnekombinasjon, som kvalifiserer deg til å følge to av fagdidaktikkemna UiB tilbyr. Men, vi gjer deg merksam på, at i mange tilfelle kan det ta meir enn eitt år å gjennomføre den anbefalte emnekombinasjonen.
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.
Emna du tek på årsstudium kan innpassast i dei fleste bachelorprogram og nyttast som ein del av eit gradsstudie både ved UiB og andre studiestadar. Du kan søkje intern overgang til bachelorprogram hos UiB.
Om du ønsker å fullføre ein bachelorgrad, anbefalar vi å søke om opptak til bachelorprogrammet framfor å søke opptak til årsstudium i Samordna opptak.
Besøksadresse:
Infosenter ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi
U. etg., Realfagbygget, Allégaten 41
mandag-torsdag, kl. 10:00-14:00