Fransk, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar8
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartVår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
På årsstudiet får du innsikt i fransk grammatikk, franskspråkleg litteratur, kultur og samfunn. Studiet er allsidig, du får innblikk i den franskspråklege verda i og utanfor Frankrike før og no. Du får øve deg i å snakke og skrive fransk og i å tolke franskspråklege tekster frå ulike tider og andre verdsdelar. Studiet begynner med ein Frankriketur. I vårsemesteret vert det organisert eit firevekers kurs i praktisk fransk ved Det fransk-norske universitetssenteret i Caen, Normandie.
Du les både klassikarar og samtidige tekstar, gjerne i lys av form- og sjangerspørsmål eller aktuelle tema som feminisme, økologi, kulturkritikk, postkolonialisme og populærkultur.
Du får kunnskap om det franske språket og den franskspråklege kultursfæren og lærer deg å bruke språket til kritisk refleksjon, ut over det reint kommunikative. Pensum og undervisning vil vere på fransk og norsk.
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, som for eksempel franskundervisning på vidaregåande skole.
Studiekvardag
Dette er eit fulltidstudium. Ei typisk veke inneheld forelesingar, seminargrupper og praktiske øvingar. Saman med medstudentane dine kan du lage kollokviegrupper der de arbeider med faget utanom undervisninga.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Tidlegare studentar nemner den faglege allsidigheita, med litterær, kulturell og lingvistisk kompetanse, som eit viktig læringsutbytte av studia. Faglege og sosiale arrangement er med på å styrke samhaldet blant studentane.
Kva kan du jobbe som?
Både private og offentlege arbeidsgjevarar som opererer internasjonalt treng tilsette som beherskar språka og kulturen der dei arbeider. Samfunnet har generelt stor nytte av slik kompetanse, både som kjelde til innovasjon og som motvekt til kulturelle og religiøse misforståingar og fordommar. Arbeidsgjevarar framhevar ofte framandspråk som ein ettertrakta kompetanse, fordi det gir ein heilt annan tilgang til internasjonale marknader.
Tidlegare franskstudentar har fått jobb i mange ulike bransjar, som for eksempel:
- internasjonale organisasjonar
- media
- handel
- turisme
- kulturliv
- utdanning
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Programmet omfattar eitt akademisk år (to semester) og startar i januar. Du kan starte på studiet allereie på hausten. Da kan du ta andre fag ved UiB som du synest er spennande.
1. semester
- Fransk grammatikk 1 (10 studiepoeng)
- Fransk grammatikk 2 (10 studiepoeng)
- Innføring i moderne franskspråkleg litteratur (10 studiepoeng)
2. semester
- Fransk litterær analyse (10 studiepoeng)
- Fransk kulturkunnskap og frankofoni (10 studiepoeng)
- Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
Utveksling
Instituttet organiserer normalt eit opphald for studentane ved Det norske studiesenteret i Caen, med fokus på munnleg og skriftleg fransk. Kurset er gratis, men studentane må sjølv betale for reise og opphald. Det er mogleg å få bu hos ein fransk vertsfamilie. Du kan søke Lånekassen om reisestipend.
Vidare studiemoglegheiter
Dersom du vil fortsette å studere, kan du søke om å byte studieprogram til bachelorprogram i fransk. Årsstudiet kan i sin heilskap inngå i bachelorprogrammet.
Deretter kan du ta ein mastergrad i fransk. Kombinert med praktisk-pedagogisk utdanning(PPU) er du da kvalifisert for ei lektorstilling i skolen.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@if.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.