Havteknologi (sivilingeniør), master, 5 år
- Lengde5 År
- Ordinær53,9
- Primær51,9
- Plassar
22
- OpptakskravSIVING
- Studiepoeng300
- StartHaust
Hovedinnhold
Vidareutvikling av havteknologi har grunnleggande betydning for blant anna:
- overvaking av tilstanden til havet (miljøovervaking)
- kartlegge havrommet og havbotn
- utvinne ressursar frå havet og havbotn på ein bærekraftig måte
Den faglege profilen baserer seg på anvendt fysikk og teknologi, det vil seie at vi brukar vitskap til å løyse praktiske problem. Sentrale tema på studiet er fysikk med fokus på akustikk og optikk, matematikk, statistikk, dataprogrammering, måleteknologi og instrumentering. Studiet gir deg også kunnskap i teknologileiing, økonomi og nyskaping. Næringsliv og forskingsinstitusjonar i nærområdet bidrar med lærarar, praksisplassar og masterprosjekt.
Meir informasjon under
Sivilingeniør i havteknologi
Jobb
Som utdanna sivilingeniør i havteknologi vil det vere behov for deg i uoverskodeleg framtid. Verdiskapinga er stor, og er venta å auke vidare i åra som kjem.
Den marine industrien er variert, og både framstiller og bruker teknologi knytt til havet.
Denne industrien inkluderer
- teknologiselskap som utviklar og lagar marine sensorar og marine observasjonsplattformer.
- subsea-selskap, som bruker fjernstyrte og autonome undervassrobotar (ROV/AUV) til inspeksjon og vedlikehald av havbotnsinstallasjonar.
- fiskeindustri som bruker akustiske sensorar til innhausting av marine ressursar
- havbruksnæring som bruker marin sensorteknologi til overvaking av produksjon og miljø.
- forskings- og utdanningsinstitusjonar og forvaltingsinstitusjonar som for eksempel Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø og fjernmåling.
Studiet gir eit godt fundament for vidare doktorgradsstudium i fagfeltet.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Det integrerte masterprogrammet i havteknologi er eit femårig fulltidsstudium, som startar i august. Ex. Phil. (examen philosophicum) er eit filosofiemne som høyrer til i alle dei integrerte masterprogramma og bachelorprogramma ved UiB.
Studiet har to komponentar: emnedel på 240 sp og individuell mastergradsoppgåve 60 sp. I andre semester kan du velje mellom to emne og slik tileigne deg kunnskap i anten innovasjon eller økonomi. Valemne knytta til sjølve oppgåva utgjer 30 studiepoeng. Desse vel du i samråd med fagleg rettleiar. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
- 10. semester (vår): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
- 9. semester (haust): HTEK399 (masteroppgåve) (30 sp)
- 8. semester (vår): Valemne (10 sp) - valemne (10 sp) - valemne (10 sp)
- 7. semester (haust): HTEK301 (10 sp) - Temaemne (10 sp) - Temaemne (10 sp)
- 6. semester (vår): HTEK202 (10 sp) - PHYS264 (10 sp) - PHYS271 (10 sp)
- 5. semester (haust): MAT212 (10 sp) - PHYS116 (10 sp) - HTEK201 (10 sp)
- 4. semester (vår): MAT121 (10 sp) - PHYS114 (10 sp) - Ex.Phil eller HTEK102 (10 sp)
- 3. semester (haust): STAT110 (10 sp) - PHYS112 (10 sp) - HTEK102 eller Ex.Phil (10 sp)
- 2. semester (vår): MAT112 (10 sp) - PHYS111 (10 sp) - INNOV201 eller ECON110 (10 sp)
- 1. semester (haust): MAT111 (10 sp) - INF100 (10 sp) - HTEK101 (10 sp)
Studiekvardagen
Her blir du ein del av ein liten klasse (27 studieplassar) der de følger kvarandre gjennom studiet. Her møter du eit godt studentmiljø med tett oppfølging.
Studiet er eit fulltidsstudium, og mange emne krev obligatorisk oppmøte gjennom semesteret. Dermed lar det seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Ein del emne har krav om obligatorisk oppmøte og dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav.
30 studiepoeng (altså tre emne) i studieplanen er valfrie. Dei fleste av desse studiepoenga vel du i samråd med rettleiaren for masterprosjektet ditt
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 20-25 timar med forelesningar, seminar og praktiske øvingar. I tillegg kjem praksis i periodar, og tid på lesesalen med pensumlitteratur.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.
Du får tidleg kontakt med og ein smakebit på fagfeltet gjennom emnet HTEK101 i første semester.
Du er i tett kontakt med næringslivet med praksis gjennom emnet HTEK102 i tredje eller fjerdesemester. Institutt for fysikk og teknologi skaffar praksisplassane.
Vi er ein del av Institutt for fysikk og teknologi. Like i nærleiken ligg Realfagsbygget der det er læringssenter, bibliotek og lesesalar.
Masteroppgåva du skal skrive er på 60 studiepoeng, altså eitt år. Dette gjer det mogleg å fordjupe seg i stoffet. Det er òg gode moglegheiter for masterprosjekt i samarbeid med ein bedrift.
Meir informasjon under
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi.
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- har inngåande kunnskap om havteknologi og kan drøfte sentrale utfordringar og moglegheiter i fagfeltet
- kan gjennomføre avanserte berekningar, målingar og analyser innan marine målesystem
- har fagleg grunnlag for aktiv deltaking i nytenking- og innovasjonsprosessar basert på inngåande kunnskap om havteknologi generelt samt djupkunnskap
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i sjette semester. Dette studiet er så nytt at vi ikkje har tilrådde utvekslingsland ennå. Tilrettelagte utvekslingsavtalar kjem snart!
Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og SIVING: Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1.
Søknadsfristen er 15. april.