
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Engelsk er antakeleg det mest utbreidde språket nokosinne. Når vi treff nokon med eit anna morsmål, kommuniserer vi oftast på engelsk, uansett kva det handlar om: Alt frå internasjonal politikk og diplomati til forsking og kultur. På engelskstudiumet lærer du om engelsk språk, litteratur og kultur.
På bachelorstudiet blir du kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket.
Gjennom tolking av ulike tekstar, får du kunnskap om samanhengen mellom litteratur og samfunnsforhold i USA, Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Vi diskuterer spørsmål som:
Med denne utdanninga får du:
Dette er eit fulltidsstudium. I løpet av ei typisk veke vil du ha rundt 10 timar undervisning, i form av forelesningar og seminargrupper. I tillegg vil du lese litteratur og arbeide saman med medstudentane dine. I det andre semesteret kan du dra på studietur til Det norske studiesenteret i York, og få ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden, midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring og kunnskap om kulturen og samfunnet i engelskspråklege land. Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet og media er døme på område som treng folk med denne kompetansen.
Studentar med språkutdanning finn du i mange ulike yrke:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk and engelsk
Bachelorprogrammet i engelsk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
Ex.phil. (10 studiepoeng)
Språkkunnskap (10 studiepoeng)
Introduksjon til engelskstudiet (10 studiepoeng)
2. semester
Lydar og strukturar (15 studiepoeng)
Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
3. semester
System og variasjon (15 studiepoeng)
Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
4. semester
Vel ei spesialisering:
Spesialisering i moderne lingvistikk:
Engelsk lingvistikk: språkhistorie (15 studiepoeng)
Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (15 studiepoeng)
Spesialisering i språkhistorie:
Engelsk lingvistikk: moderne lingvistikk (15 studiepoeng)
Semesteroppgåve i engelsk lingvistikk: språkhistorie (15 studiepoeng)
Spesialisering i britisk litteratur og kultur:
Engelskspråkleg litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Semesteroppgåve i britisk* litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Spesialisering i amerikansk litteratur og kultur:
Engelskspråkleg litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Semesteroppgåve i amerikansk* litteratur og kultur (15 studiepoeng)
*Emna konsentrerer seg normalt om enten britisk eller amerikansk engelsk, men andre språkvariantar kan òg vere aktuelle.
5. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Vi har samarbeid med universitet i heile verda. Vi anbefaler å reise til Norwegian Study Centre i York. Avtalen vi har gjer planlegginga av studieopphaldet enkel og grei.
Etter fullført bachelorgrad i engelsk kan du søke deg vidare til masterprogrammet i engelsk.
Viss du allereie har ein mastergrad, kan du søke deg til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Da kan du bli lærar og undervise i engelsk i ungdomsskole og vidaregåande skole.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.