Hjem

Filosofi, bachelor, 3 år

Filosofi stiller grunnleggande spørsmål om korleis verda er, korleis verda bør vere, og vår plass i verda som menneske. Kva kjenneteiknar eit rettferdig samfunn? Burde eg frykte min eigen død?  Korleis gir vitskapen oss kunnskap om verda vi lever i? 
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar44
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

Som filosofistudent vil du lære kritisk tenking og øve opp dei analytiske evnene dine ved å studere både klassikarane og moderne filosofi. Dette vil gi deg nyttig kunnskap og sette deg i stand til betre å forstå og løyse problem i samband med aktuelle tema, som for eksempel klima og miljø, helse og velferd, kunstig intelligens og global rettferd. Ikkje berre lærer du å analysere korleis ting er, men du lærer også å tenke systematisk om korleis dei bør vere. 

Noko av det viktigaste du lærer, er å argumentere og resonnere, å granske og vurdere andre sine oppfatningar og argument, og å vere open og nysgjerrig.  Filosofi utfordrar etablerte sanningar, og er derfor ein spore til endring.  

Studiekvardag  

I tillegg til sjølvstudium som lesing og studiegrupper, kan ei typisk veke ha 6-12  timar med undervisning i form av forelesingar og seminargrupper. Du skal òg skrive ei bacheloroppgåve.   

Ikkje minst blir du som filosofistudent del av eit aktivt student- og fagmiljø som arrangerer fagleg-sosiale samankomstar av ulikt slag gjennom heile året.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet. 

Kva kan du arbeide som?  

Folk med utdanning i filosofi vert særs gode til å sjå det vesentlege i store informasjonsmengder, til å tenke kritiskog analytisk, og til å å løyse problem av ulike slag. Dei er òg trent i å kommunisere klart og presist både munnleg og skriftleg.  

Dei fleste som har studert filosofi finn jobbar innan   

  • undervisning  
  • forsking  
  • offentleg administrasjon  
  • media   
  • organisasjonar  

Av dei som ikkje arbeider med undervisning eller forsking, er mange rådgjevarar og konsulentar av ulike slag.  

Opptakskrav og søknadsfrist  

Søknadsfristen er 15. april.

Studiets oppbygging  

Bachelorprogrammet i filosofi er eit treårig fulltidsstudiumsom startar i august.  

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester 

2. semester 

3. semester    

4. semester   

5. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)   

6. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling  

Å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet i filosofi er sterkt anbefalt! Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.     

Du kan reise til nesten heile verda på ein av UiB sine avtalar.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studium  

Med fullført bachelorgrad i filosofi kan du søke om opptak til masterprogram i filosofi ved UiB.   

Dersom du kombinerer mastergrad i filosofi med 60 studiepoeng i eit anna skolefag, kan du gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer deg til å undervise i ungdomsskolen og vidaregåande skole.   

Spørsmål om studiet?  

Telefon: +47 55 58 93 70  

E-post: studierettleiar@fof.uib.no  

Studieplan  

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen 

Søk her