Studieplan for BAHF-FILO Filosofi, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelor i filosofi
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den også tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår eiga tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).
Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Dei får høve til å fordjupe seg i filosofiske valemne og trening i å arbeide sjølvstendig med analyse og argumentativ drøfting av grunnleggjande problemstillingar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.
Studiet blir avslutta med ei bacheloroppgåve. Her får ein høve til å arbeide sjølvstendig og under individuell rettleiing med eit avgrensa filosofisk tema.
Bachelorstudiet i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og til masterstudiet i filosofi.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Ein bachelor i filosofi skal ha:
- oversikt over og innsikt i sentrale teorier og problemstillingar innenfor praktisk filosofi, teoretisk filosofi og filosofiens historie
- oversikt over og innsikt i sentrale klassiske filosofiske originaltekstar frå antikken til våre dagar
- kjennskap til nyere forskning og utvikling innenfor filosofi
- grunnleggjande kjennskap til logikk
- grunnlag for kritisk handsaming av ulike skriftlege og munnlege framstillingar både av fagleg og av meir allmenn art
- forståing for filosofien sin eigenart og sammenhenger mellom filosofihistorien og samtidsfilosofi, og mellom filosofi og samfunn.
Dugleik:
Ein bachelor i filosofi skal kunne
- løyse ei gjeven praktisk eller teoretisk problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ein avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur for å handsame gjevne oppgåver
- analysere argumenter og vurdere deres svakheter og styrker
- finne, lese og fortolke filosofiske originaltekstar som går utover pensum i tillegg til å kunne ta til seg i relevant sekundærlitteratur
- reflektere over egen faglig utøvelse og justere denne under veiledning
Kompetanse:
Ein bachelor i filosofi skal kunne:
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgaver og prosjekter som strekker seg over tid, alene eller som deltaker i en gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- kan formidle filosofiske teorier, problemstillinger og løsninger både skriftlig, muntlig og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan utveksle synspunkter og erfaringer med andre med bakgrunn innenfor filosofi og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen utover opptakskrava.
Innføringsemne
Førstesemesteret i bachelorprogrammet i filosofi inneheld inntil 20 studiepoeng med ex.phil. og innføringsemne, samt emnet FIL124 Introduksjon til praktisk filosofi:
- Examen philosophicum (Ex.phil.) - 10 studiepoeng
Innføringsemne - 10 studiepoeng, velg eitt av følgjande:
- FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng
Fullførte innføringsemne frå andre fakultet og program ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar med eit minimumsomfang på 20 studiepoeng inklusive examen philosophicum kan godkjennast og innpassast i fakultetet sine bachelorprogram. FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng er ein del av filosofispesialiseringa.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng med ex-phil. og 20 studiepoeng med innføringsemne.
Obligatoriske emne
Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år) og er sett saman av obligatoriske emne på til saman 70 studiepoeng og valfrie filosofiemne på tilsaman 20 studiepoeng.
Dei obligatoriske emna er:
- FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida - 10stp.)
- FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet - 10stp.)
- FIL124 (Introduksjon til praktisk filosofi - 10stp.)
- FIL125 (Introduksjon til teoretisk filosofi - 10stp.)
- FIL129 (Filosofiske klassikarar - 10stp.)
- LOG110 (Introduksjon til formallogikk - 5stp.)
- LOG112 (Introduksjon til filosofisk logikk - 5stp.)
- FIL252 (Bacheloroppgåve i filosofi - 10stp.)
Dei 20 valfrie studiepoenga av spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:
- FIL106 (Innføring i miljøetikk - 10stp.)
- FIL107 (Innføring i politisk idéhistorie - 10stp.)
- FIL116 (Innføring i moderne politisk teori - 10stp.)
- LOG111 (Deduksjon og metalogikk - 10stp.)
- FIL217 (Wittgensteinstudiar - 10stp.)
- FIL218 (Estetikk - 10stp.)
- FIL219 (Vitskapsfilosofi - 10stp.)
- FIL220 (Metafysikk - 10stp.)
- FIL228 (Tema i moralfilosofi - 10stp.)
- FIL231 (Ope emne - 10stp.)
- FIL233 ( Filosofien i antikken - 10stp.)
- FIL235 (Tema i sinnsfilosofi - 10stp.)
- FIL236 (Tema i miljøetikk - 10stp.)
- FIL241 (Rettsfilosofi - 10stp.)
- FIL245 (Språkfilosofi - 10stp.)
- FIL246 (Kontinental filosofi - 10stp.)
- FIL247 (Epistemologi - 10stp.)
- FIL248 (Methods of Analysis in Social Sciences - 10stp.)
- FIL249 (Politisk filosofi - 10stp.)
Tilrådde valemne
Som nemnt ovanfor inneheld bachelorprogrammet 20 studiepoeng med ex.phil. og innføringsemne og 90 studiepoeng i spesialiseringa i filosofi. Dei resterande 70 studiepoenga i programmet er såkalla frie studiepoeng. Her kan studenten velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon i studiet:
- 1. semester (haust): ex.phil, innføringsemne (EXFAC00AS eller EXFAC00SK), FIL124
- 2. semester (vår): FIL120, LOG110, LOG112 og valemne i filosofi på 100/200-nivå
- 3. semester (haust): FIL121, FIL125 og FIL129
- 4. semester (vår): FIL252 , valemne i filosofi på 100/200-nivå og frie SP
- 5. semester (haust): Frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne")
- 6. semester (vår): Frie studiepoeng (sjå "Tilrådde valemne")
Delstudium i utlandet
Ein kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) A-F, der F er stryk
2) Greidd/ikkje greidd
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorprogrammet i filosofi kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og til masterprogrammet i filosofi.
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet gir særskild kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse. Denne typen kompetanse kan nyttast på fleire felt som til dømes å identifisere problemområde innan eit saksfelt og vise forståing for desse i eit historisk perspektiv eller i meir systematiske samanhenger. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar og personar som arbeider innan forvaltning og offentleg administrasjon, det private næringslivet og konsulentar innan forlagsverksemder, i forlagsbransjen, i tidsskrift- og avisredaksjonar, i radio og fjernsyn, i biblioteka, som undervisarar på folkehøgskulane, eller som kulturarbeidar reint allment. Ein finn dei også som sakshandsamarar og som konsulentar i offentlege og private verksemder.
Ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller vidaregåande skule.
Bachelorgraden gir grunnlag for opptak til masterstudium i filosofi
Evaluering
Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.