Hjem

Italiensk, bachelor, 3 år

Er du interessert i italiensk språk, litteratur og kultur? Hos oss får du praktisert italiensk på eit nivå som stig i takt med studiet. Du blir eit bindeledd mellom italiensk og norsk kultur, og kan ende opp med ein jobb innan for eksempel turisme, media, handel og kulturliv.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar10
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Med ein fullført bachelorgrad i italiensk vil du opparbeide deg solid kompetanse i det italienske språket. Med god innsats kan du nå eit språknivå tilsvarande C1 (jf. Det felles europeiske rammeverket for språk, CEFR,). Gjennom praktisk bruk av språket, fordjuping i litterære tekstar og språkvitskaplege metodar, vil du få god kunnskap om italiensk språk og kultur- og litteraturhistorie.  

Litteratur: Vi les eldre og moderne litteratur i tillegg til samtidslitteratur. Du blir kjent med fleire store forfattarskap og sentrale verk i verdslitteraturen. Samtidig utviklar du ferdigheiter innanfor litterær analyse og metode.   

Språk: Vi bruker italiensk, både munnleg og skriftleg i ulike samanhengar. I tillegg studerer vi språkutvikling og fleirspråklegheit.   

Kultur: Når vi skal undervise i italiensk språk og litteratur, er det nødvendig å sjå til den europeiske kulturhistoria. Vi tar i bruk ulike kulturprodukt i undervisninga, blant anna italiensk film, gastronomi og kunst.  

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium. Når du studerer vil du møte på ulike undervisningsformer; alt  frå førelesingar og filmvisningar, seminar- og gruppearbeid til sjølvstudium. Du får også tilbod om individuell rettleiing. I undervisninga gjer vi ulike typar aktivitetar, som spørjeleik, presentasjonar, øvingsoppgåver og gruppe- og prosjektarbeid.  

For å lære eit nytt språk er det viktig å sette av godt med tid til å øve på språket utanom undervisninga. Da vil du kjenne på meistring og ha jamn studieprogresjon. Du kan øve  saman med medstudentane dine på campus eller heime.  Vi tilbyr undervisning  der du som student får vere aktiv, og saman med eigenarbeidet vil studiet gi deg språkkunnskapane du treng.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.    

Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet

Kva kan du jobbe som? 

Det er fleire offentlege og private arbeidsgjevarar som har behov for medarbeidarar med skriftlege og munnlege ferdigheiter i italiensk. I løpet av studiet skal du også velje andre fag i tillegg til dei obligatoriske faga (for eksempel samfunnsøkonomi, kunsthistorie, samanliknande politikk etc.). På denne måten kan du kombinere og bygge opp ein unik kompetanse.  

Med ein bachelorgrad i italiensk kan du jobbe som kontaktpunkt innanfor 

  • handel 
  • media 
  • turisme 
  • kultur 
  • administrasjon i privat og offentleg sektor 

I programmet får du vidareutvikla ferdigheiter i kritisk tenking og problemløysing. Du lærer også å systematisere og analysere fagstoff og arbeide med tekst. Dette er generell kompetanse som er etterspurt i arbeidslivet.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april. 

Oppbygging av studiet

Vi anbefaler denne rekkefølga for studiet:   

1. semester  

 2. semester

 3. semester

 4. semester

5. semester

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)    

6. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise til Italia for å studere og  praktisere italiensk. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i Bologna, Roma, Urbino og Venezia . Du kan dra på utveksling for å ta frie emne (fag du vel sjølv) i 5. og 6. semester. Det er også mogleg å reise på utveksling tidlegare.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Studentar med fullført bachelorgrad i italiensk kan søke opptak til masterprogrammet i italiensk. Opptaket skjer annakvart år (oddetalsår).  

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studieveileder.if@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen

Søk her