Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i kjønn, seksualitet og mangfald

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Målet for studiet er å gi brei og tverrfagleg kompetanse i kjønnsstudium. Studiet tek føre seg både historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innanfor dei ulike emna vil det vere rom for å reflektere systematisk kring tema som kjønn og seksualitet, kjønn og etnisitet, kjønn og religion, kjønn og filosofi, kjønn og litteratur, og kjønn og samfunn.

Innhaldet i studieprogrammet vil elles vere avhengig av kva for spesialisering studenten vel. Det er åtte moglege spesialiseringar:

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g)sosialantropologi

h) sosiologi

a) allmenn litteraturvitskap

samanliknande litteraturstudium som tek føre seg litteratur frå heile

verda, frå antikken og fram til i dag. Faget les litteraturen ut frå ulike

perspektiv.

b) engelsk

studium av engelsk språk, amerikansk og britisk litteratur og kultur

c) filosofi

studium av filosofihistorie, vitskapsfilosofi og ulike filosofiske emne.

d) historie

studium av menneske, kultur og samfunnstilhøve i historisk perspektiv, frå antikken og fram til i dag

e) kulturvitskap

studium som forstår menneske som kulturberande og kulturskapande vesen, med utgangspunkt i kvardagsliv, forteljing, gjenstandar og kultur.

f) nordisk språk og litteratur

studium av nordiske språk med vekt på norsk og nordisk litteratur frå norrøn tid og fram til i dag.

g) sosialantropologi

det samanliknande studiet av kultur og samfunn. Det er vitskapen om det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet.

h) sosiologi

studium av relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

  • har ei generell oversikt over dei sentrale problemstillingane i faget
  • har brei kunnskap om idear om kjønn sett frå ulike teoretiske perspektiv, som til dømes feministisk teori, skeiv teori, maskulinitetsforsking og postkolonial teori
  • kjenner til dei viktigaste teoritradisjonane innanfor kjønnsstudiet og kan setje dei i global og historisk samanheng
  • kan sjølv oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet
  • kjenner til hovudtrekka i den moderne kjønnstenkinga si historie og utviklinga av kjønnsstudiar som eige fagfelt
  • har brei kunnskap om kjønn som analytisk omgrep, og kan setje det i samanheng med andre sentrale analytiske omgrep i faget, som til dømes seksualitet og interseksjonalitet

Ferdigheter:

Kandidaten

  • kan reflektere kritisk og analytisk kring sentrale kjønnspolitiske og teoretiske problemstillingar
  • kan nytte kjønnsteoretiske omgrep til å analysere problemstillingar innanfor spesialiseringa si og til å belyse aktuelle problemstillingar i samfunnet elles
  • kan reflektere kritisk kring ulike teoritradisjonar i kjønnsstudiet, og over eigen fagleg praksis, samt justera denne under rettleiing
  • kan formulere ei sjølvstendig problemstilling og grunngje val av emne og analytisk innfallsvinkel

Generell kompetanse:

Kandidaten

  • kan formidle ulike måtar å tenkje om kjønn på i skriftleg og munneleg form
  • kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form
  • kan drøfte kjønnsteoretiske problemstillingar med andre, og slik bidra til utvikling av god praksis innanfor faget
  • kjenner til etiske retningsliner for akademisk arbeid
  • kan nytte sin kombinasjon av obligatoriske emne, fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i kjønnsstudium skal innehalde 10 studiepoeng examen philosophicum (1) og 10 studiepoeng innføringsemne (anten EXFAC00AS eller EXFAC00SK) (2) i tillegg til KVIK100 (3) slik :

1. EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS

Examen philosophicum (10 sp)

2. EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)

eller

EXFAC00SK Språkkunnskap (10 sp)

3. KVIK100 Innføring i kjønnsstudium (10 sp)

EXFAC00SK Språkkunnskap er tilrådd for dei som vel å spesialisere seg i engelsk eller nordisk.

Obligatoriske emne

Programmet har fire obligatoriske programemne på til saman 55 sp: KVIK100 (10 sp), KVIK101 (15 sp) KVIK102 (15 sp) og KVIK201 (15 sp). I tillegg skal studentane velje eit av emna SOS111 (15 sp), KUVI106 (15 sp) HIS108 (15 sp).

Studentane kan velje mellom åtte alternative spesialiseringar på kvar sine 90 studiepoeng (tre semester fulltidsstudium):

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g) sosialantropologi

h) sosiologi

Eitt av emna på 200-nivået skal ha bacheloroppgåve/semesteroppgåve som eksamensform. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Oppgåva skal ha eit kjønns- og/eller seksualitetsperspektiv. SKOK tilbyr oppfølging for studentar som skriv bacheloroppgåve for å sikre at dei får rettleiing på kjønns-/seksualitetsperspektivet i oppgåva.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa og/ eller programemna.

a) spesialisering i allmenn litteraturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

ALLV111 / Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 SP)

ALLV112 / Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken (15 SP)

ALLV113 / Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til mellomkrigstida (15 SP)

ALLV114 / Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og litteraturteori (15 SP)

Eitt av emna

- ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I (15 stp.)

- ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II (15 stp.)

- RET206 / Litteraturvitskapleg retorikk (15 sp)

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

Eitt av emna

- KVIK253: Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve (15 sp)

- ALLV250 Litteraturvitskapleg bacheloroppgåve (15 stp.)

- ALLV254 Litteraturvitskapleg fordjupningsstudium med bacheloroppgåve (15 stp.)

Eitt av emna på 200-nivået må ha 250-kode (bacheloroppgåve).

KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur eller KVIK253/ Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve er tilrådd som del av spesialiseringa dei semestera allmenn litteraturvitskap har ansvaret for KVIK203/KVIK253.

b) spesialisering i engelsk

Følgjande emne er obligatoriske:

ENG114 / Engelsk grammatikk I (10 sp)

ENG115/ Fonetikk og fonologi (5 sp)

ENG107 / Engelsk grammatikk II (5 SP)

ENG118 / Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 SP)

ENG119 / Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 SP)

ENG122 / Amerikansk litteratur og kultur (15 SP)

ENG125 / Britisk litteratur og kultur (15 SP)

I tillegg skal studenten velje tre emne på 200-nivå (30 SP).

KVIK223 tilrådast som del av spesialiseringa.

Studentar som vel engelsk som spesialisering kan ta emne på 200-nivå ved Det norske studiesenteret i Storbritannia (University of York) etter avtale med SKOK og IF.

c) spesialisering filosofi

Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år).

Følgjande emne er obligatoriske:

FIL120 / Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida (10 sp)

FIL121 / Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet (10 sp)

FIL124 / Introduksjon til praktisk filosofi (10 sp)

FIL129 / Filosofiske klassikarar (10 sp)

LOG110 / Introduksjon til formal logikk (5 sp) LOG112 / Innføring i filosofisk logikk (5 sp)

FIL251 / Bacheloroppgåve i filosofi (20 sp)

FIL231/ Ope emne (10 sp)

d) spesialisering historie

Følgjande emne er obligatoriske:

- HIS101 / Oversyn over eldre historie (15 sp)

- HIS102 / Oversyn over nyare historie (15 sp)

- HIS250 / Bacheloroppgåve i historie (15 sp)

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

- HIS111 / Oversikt over USA historie (15 sp)

- HIS113 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS114 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS115 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIS116 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIM101 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- HIM103/ Islam og politikk (15 sp)

- HIM104/ Islam i Afrika sør for Sahara, c. 1500-2000 (15 sp)

- HIM201 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- EUR103 / Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 sp)

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

e) spesialisering kulturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

KUVI101 / Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (15 sp)

KUVI104 / Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook (15 sp)

KUVI105 / Tinga og vi. Materialitet og meining (15 sp)

KUVI250 / Bacheloroppgåve i kulturvitskap

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

KUVI102 / Kulturvitskap - Tradisjon og modernitet: fortida i nåtida (15 sp)

KUVI103 / Etniske relasjonar og konfliktar (15 sp)

KUVI106 / Kjønn, seksualitet, kultur

KUVI108 / Museologi

f) Spesialisering i nordisk språk og litteratur

Følgjande emne er obligatoriske:

- NOLI102 / Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp)

- NOSPAN101 Moderne norsk (15 sp)

- NOLI103 / Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp)

- NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)

- NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)

Eitt av desse emna:

- NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

- NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

-NOSP257 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne B med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

Eitt av desse:

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur

- ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 studiepoeng)

- LEX200 Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid (15 studiepoeng)

- NOFI101 Norrønt språk (15 studiepoeng)

- NOLI220 Nordisk retorikk (15 studiepoeng)

- kombinasjonen av NOFI106 Norrøn mytologi (5 studiepoeng) og NOFI112 Norrøn litteratur i omsetjing (10 studiepoeng)

- Emna ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 studiepoeng) og NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng) har undervising om hausten og passar ikkje inn for studentar med normal studieprogresjon, men kan likevel inngå som del av spesialiseringa for studentar som er forseinka i studieløpet.

KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur er tilrådd som del av spesialiseringa dei semestera nordisk har ansvaret for emnet.

g) spesialisering i sosialantropologi

Følgjande emne er obligatoriske:

SANT102 / Sosialt liv i globalt perspektiv (15 sp)

SANT103 / Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 sp)

SANT104 / Kultur, meining og kommunikasjon (15 sp)

SANT105 / Makt: uttrykk og løyning (15 sp)

SANT215 / Komparativ regional etnografi (15 sp)

SANT260 / Bacheloroppgåve (15 sp)

h) spesialisering i sosiologi

Det er gjort endringer på spesialiseringen i sosiologi som gjelder frå våren 2025. Dette vil gjelde kull 2023 og seinare på bachelorgrad i kjønnsstudium, med spesialisering i sosiologi.

Følgjande emne er obligatoriske:

SOSIO101 / Klassisk sosiologisk teori (10 sp)

MET102 Kvalitativ metode (10 sp)

SOSIO102 Nyere sosiologisk teori (10 sp)

SOSIO103 Det norske samfunn i endring (10 sp)

MET104 Kvantitativ metode (10 sp)

SOSIO201 Sosiologisk forsking: teori og metode (10 sp)

SOSIO202 Bacheloroppgave i sosiologi (10 sp)

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom emner, SOSIO11X, alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester.

----------------------------

Gammel ordning:

Følgjande emne er obligatoriske:

- SOS101 / Individ og samfunn (15 sp)

- SOS103 / Samfunnsstrukturar i endring (15 sp)

- MET102 / Samfunnsvitskapleg metode (15 sp)

- SOS201 / Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar (15 sp)

- SOS202 / Bacheloroppgåve (15 sp)

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

- SOS105 / Arbeid under kapitalismen (15 sp)

- SOS106 / Økonomisk sosiologi (15 sp)

- SOS108 / Utdanning og samfunn (15 sp)

- SOS109 / The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations (15 sp)

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

- SOS112 / Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (15 sp)

- SOS113 / Velferd og ulikhet (15 sp)

- SOS115 / Miljøsosiologi (15 sp)

- SOS116 / Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet (15 sp)

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium har ikkje frie studiepoeng (valemne), men ein kan reise på utveksling 3. semester om ein finn relevante kjønnsemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

Dei tre fyrste semestra er like for alle spesialiseringane.

1. semester:

Felles for alle spesialiseringar.

Førstesemesterstudiet ex.phil. og anten EXFAC00AS eller EXFAC00SK (20 sp), i tillegg til KVIK100 (10 sp).

2. semester:

Felles for alle spesialiseringar.

KVIK101 Kjønn i det moderne

Eit av fylgjande emne:

SOS111 Familien i endring (15 sp)

KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (15 sp)

HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

3. semester

Felles for alle spesialiseringar.

KVIK201 Nyere teorier om kjønn og seksualitet (15 sp)

KVIK102 Likestilling og mangfald (15 sp)

KVIK103 Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (15 sp). KVIK 103 vil bli undervist frå hausten 2025 og kan inngå som programemne i tredje semester.

a) allmenn litteraturvitskap

4. semester

ALLV111 Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 sp)

ALLV112 Allmenn litteraturvitkap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken (15 sp)

5. semester

ALLV113 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til mellomkrigstida (15 sp)

ALLV114 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og litteraturteori (15 sp)

6. semester

Spesialiseringsemne på 200-nivå (sjå ovanfor) (30 sp)

b) engelsk

4. semester

ENG114 Engelsk grammatikk I (10 sp)

ENG115 Fonetikk og fonologi (5 sp)

ENG125 Britisk litteratur og kultur (15 sp)

5. semester

ENG107 Engelsk grammatikk II (5 sp)

ENG118 Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 sp)

ENG119 Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 sp)

ENG122 Amerikansk litteratur og kultur (15 sp)

6. semester

Spesialiseringsemne på 200-nivå (sjå ovanfor) (30 sp)

c) filosofi

4. semester

FIL120 Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida (10 sp)

LOG110 Introduksjon til formallogikk (5 sp)

LOG112 Innføring i filosofisk logikk (5 sp)

10 valfrie sp i filosofi

5. semester

FIL121 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida (10 sp)

FIL124 Introduksjon til praktisk filosofi (10 sp)

FIL129 Filosofiske klassikarar (10 sp)

6. semester

FIL251 Bacheloroppgåve i filosofi (20 SP)

FIL231 Ope emne (10 sp)

Det anbefalast at emnet FIL231 Ope emne takast som valemne i filosofi anten i 4. eller 6. semester, alt etter når emnet har filosofi og kjønn som tema (regulært i kvart oddetals vårsemester).

d) historie

4. semester

HIS102 Oversyn over nyare historie (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

5. semester

HIS101 Oversyn over eldre historie til 1750 (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

6. semester

HIS250 Bacheloroppgåve i historie (15 sp)

HIS203 Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 sp)

e) kulturvitskap

4. semester

KUVI101 Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (15 sp)

Val spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

5. semester

KUVI104 Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook

KUVI105 Tinga og vi. Materialitet og meining

6. semester

KUVI250 Bacheloroppgåve i kulturvitskap

Val spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

f) nordisk språk og litteratur

4. semester

NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp)

NOSPAN101 Moderne norsk (15 sp)

5. semester

NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp)

NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 sp)

NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 sp)

6. semester

Eit spesialiseringsemne (sjå ovanfor) og eit av desse emna:

NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med BA-oppgåve (15 sp) (vår, 6. semester)

NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 sp) (vår, 6. semester)

NOSP257 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne B med BA-oppgåve (15 studiepoeng) (vår, 6. semester)

g) sosialantropologi

4. semester

SANT102 Sosialt liv i globalt perspektiv (15 sp)

SANT103 Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 sp)

5. semester

SANT104 Kultur, meining og kommunikasjon (15 sp)

SANT105 Makt: uttrykk og løyning (15 sp)

6. semester

SANT215 Komparativ regional etnografi (15 sp)

SANT260 Bacheloroppgåve (15 sp)

h) sosiologi

Det er gjort endringer på spesialiseringen i sosiologi som gjelder frå våren 2025. Dette vil gjelde kull 2023 og seinare på bachelorgrad i kjønnsstudium, med spesialisering i sosiologi.

Følgjande emne er obligatoriske:

SOSIO101 / Klassisk sosiologisk teori (10 sp)

MET102 Kvalitativ metode (10 sp)

SOSIO102 Nyere sosiologisk teori (10 sp)

SOSIO103 Det norske samfunn i endring (10 sp)

MET104 Kvantitativ metode (10 sp)

SOSIO201 Sosiologisk forsking: teori og metode (10 sp)

SOSIO202 Bacheloroppgave i sosiologi (10 sp)

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom emner, SOSIO11X, alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester.

Gammel ordning:

4. semester

SOS101 Individ og samfunn (15 sp)

MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 sp)

5. semester

SOS103 Samfunnsstrukturar i endring (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

6. semester

SOS201 Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar (15 sp)

SOS202 Bacheloroppgåve (15 sp)

Delstudium i utlandet

UiB har utvekslingsavtalar med mange institusjonar i utlandet som har eit godt fagmiljø innan kjønnsforsking. Det er mogleg å reise på utveksling 3. semester, som erstatning for dei kjønnsemna som står i studieplanen. Dette tyder at ein må finne emne innan kjønnsstudium. Valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Arbeids- og undervisningsformer

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Programmet kvalifiserer for opptak til mastergradsstudium i det faget studenten har spesialisering i. Ein kan òg søke seg inn på relevante, tverrfaglege masterprogram i Noreg eller i utlandet. Vend deg til dei ulike institusjonane for meir informasjon.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar, og spesialkunnskap innan sitt felt. Programmet gjer studentane godt kvalifiserte til å handtere store informasjonsmengder. Dei blir flinke til å setje seg inn i nye problemfelt, og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, til dømes i undervisning, forvalting og ulike former for formidlings- og informasjonsarbeid.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium har eiget programstyre, med medlemmar frå samarbeidsinstitutta.

Administrativt ansvarleg

Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).

Kontaktinformasjon

E-post: post@skok.uib.no