Norrøn filologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar5
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Den norrøne litteraturen er spennande – der møter du skaldedikt frå vikingtida, eddadikt om nordiske gudar og heltar, islandske soger om norske kongar og feidar til islandske stormenn. På dette programmet lærer du å arbeide med norrøne tekstar på originalspråket, og ta kritisk stilling til innhaldet i tekstane slik dei ein gong låg føre. Du lærer å lese, tolke og bruke norrøne kjelder, og du får grundig kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i norrøn tid. Du får dessutan kunnskap om norsk, og delvis europeisk, mellomalderkultur.
Nokre av spørsmåla vi studerer er:
- Korleis fungerer norrøne forteljingar?
- Kva er den mellomalderlege kulturelle konteksten for den norrøne litteraturen?
- Korleis har det det norrøne språket utvikla seg?
- Kva er kjeldeverdien til norrøn dikting om nordiske gudar med tanke på vikingtida sin mytologi?
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i norrøn filologi er eit fulltidsstudium med forelesingar, seminar, kollokvium og sjølvstudium. I det norrøne fagmiljøet er det god kontakt mellom studentar og tilsette, og studentane deltar i konferansar, ekskursjonar og andre faglege arrangement. Miljøet har god kontakt både med samlingar og museum i byen, og sterke internasjonale nettverk. Du vil møte internasjonale forskarar i faget og få undervisning med tema og metodar frå aktuell forsking. I norrøn filologi har vi eit aktivt fagutval som jobbar for at du skal trivast som student både fagleg og sosialt.
Norrøn filologi inngår i det større forskingsfeltet middelalderstudium som har stor aktivitet i Bergen, sjå t.d. Mellomalderklynga. Arrangementa er som regel opne for studentar.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet
Kva kan du jobbe som?
Med denne utdanninga har du god tekst- og analysekompetanse. Innsikt i språk, litteratur og kultur frå norrøn tid opnar mange karrierevegar, mellom anna ved kulturinstitusjonar og lærestader, i media og reiseliv.
Miljøet har stort fokus på å sette deg i kontakt med moglege framtidige arbeidsgjevarar. Utdanninga er mellom anna relevant for arbeid i:
- museum
- arkiv og samlingar
- kommunar og fylke
- forlag, tidsskrift og aviser
- film og tv
- elektroniske media, spelutvikling
På studiet får du individuell oppfølging med tanke på karrieremoglegheiter.
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i norrøn filologi er eit treårig studium. Oppstart er i august.
Studiet kan sjå slik ut:
1. semester
- Examen philosophicum, anten seminarmodell eller skulemodell (10 studiepoeng)
- Språkkunnskap (10 studiepoeng)
- Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
2. semester
- Norrønt språk (15 studiepoeng)
- Norrøn mytologi (5 studiepoeng)
- Norrøn sagalitteratur (10 studiepoeng)
3. semester
- Norrøn prosa (15 studiepoeng)
- Norrønt handskriftstudium og runologi (5 studiepoeng)
- Norrøn dikting (10 studiepoeng)
4. semester
- Norrøn filologi, særemne (15 studiepoeng)
- Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (15 studiepoeng)
5. semester
- Bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
- Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB (15 studiepoeng)
6. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller dra på utveksling (30 studiepoeng)
Utveksling
Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda, og norrøn filologi samarbeider med mange internasjonale universitet. For deg som tar norrøn filologi kan det for eksempel vere interessant å reise til Tyskland.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter bachelorgraden kan du søke deg til UiB sitt masterprogram i norrøn filologi. Mange andre universitet i inn- og utland tilbyr òg masterprogram i norrøn filologi eller relevante fag som nordistikk, mellomalder- eller renessansestudium.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.