Hjem

Spansk språk og latinamerikastudium, bachelor, 3 år

Spansk og latinamerikastudium ved UiB er eit områdestudium med like stor vekt på historie som på språk og litteratur. Det er difor unikt i Noreg. Studiet passar altså for deg som har interesse for både spansk språk og latinamerikansk litteratur, historie og kulturkunnskap.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar27
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På bachelorprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium får du tid til å studere ulike samfunnsaktuelle tema frå Latin-Amerika: 

  • Korleis fungerer Latin-Amerika som samfunn, før og no, med tanke på for eksempel konfliktar, kolonialisme og revolusjon?   
  • Kva var grunnlaget for det latinamerikanske gjennombrotet i verdslitteraturen?   
  • Kva særtrekk kan vi sjå ved det spanske språket i Latin-Amerika?   

Du utviklar evne til å arbeida sjølvstendig med faglege problemstillingar. Samtidig utviklar du kompetanse til å forstå og bruke moderne spansk språk både munnleg og skriftleg.  

All undervisning går føre seg på spansk. Difor anbefaler vi søkarar å ha eit språknivå på minimum A2 (jf. CEFR).   

Studiekvardag 

Dette er eit fulltidsstudium. I studietida vil du møte ulike undervisningsformer, forelesingar, filmvisningar, seminar- og gruppearbeid, individuell rettleiing og sjølvstudium. Studiet inkluderer også ulike typar av undervisningsaktivitetar, som presentasjonar, arbeid med øvingsoppgåver, podcast og gruppe- og prosjektarbeid (bacheloroppgåva).   

Som student vil du arbeide med faget i forkant av forelesingar og seminar. Då vert du meir aktiv i undervisninga, og vil truleg meistre og lære meir.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.      

Kva kan du jobbe som? 

Internasjonalt samarbeid skaper aukande etterspørsel etter kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesområde kan følgande nemnast: 

  • media og forlagsverksemd 
  • reiseliv 
  • næringsliv  
  • kulturliv 
  • offentlege institusjonar 
  • humanitære organisasjonar  

I programmet får du vidareutvikla evna til kritisk tenking, problemløysing, systematisering og analyse av fagstoff, samt erfaring i formidlings- og tekstarbeid.  

Opptakskrav og søknadsfrist 

Søknadsfristen er 15. april.  

Studiets oppbygging 

1. semester 

2. semester  

3. semester 

4. semester  

Studentane skal skrive ei bacheloroppgåve (10 studiepoeng) og vel eitt tema innan ein av desse disiplinane: 

Det er også krav til fagleg fordjuping i dei to andre disiplinane. Difor må studenten velje to av desse tre emna:  

5. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)  

6. semester  

  • Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)  

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. Du kan for eksempel reise til Mexico, Costa Rica, Peru, Chile, Argentina og Spania. Dei fleste vel å dra på utveksling femte og/eller sjette semester.  Du kan også reise ut tidlegare i studiet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorgraden kan du gå videre til masterprogrammet i spansk språk og latinamerikastudium. Med ein mastergrad aukar du moglegheitene for å få ein relevant jobb, og du får spesialisere deg innanfor interesseområda dine.   

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 93 70 

E-post: studieveileder.if@uib.no  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen    

Søk her