Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Bioinformatikk er eit IT-studium der informatikk møter biologi og kjemi. Du lærer programmering, statistikk og matematikk, og å bruke datakunnskapen til å analysere og tolke biologiske data. Dette er studiet for deg som liker å tenke logisk og systematisk og er interessert i biovitskap.
I løpet av utdanninga får du kjennskap til grunnleggande molekylærbiologi og biologiske spørsmål. Du lærer du å bruke statistiske metodar og algoritmar for å analysere biologiske data, og du får kjennskap til sentrale metodar innan maskinlæring.
Bachelorstudiet i bioinformatikk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb.
I løpet av ei vanleg veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Som nyutdanna bioinformatikar er du attraktiv for arbeidsgjevarar som krev gode programmeringskunnskapar og evne til sjølvstendig problemløysing. Ein typisk jobb er analytikar eller IT-konsulent i helsesektoren.
Du kan jobbe
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 eller S1 og S2.
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
Innføring i programmering (10 studiepoeng)
2. semester
Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
Grunnleggande bioinformatikk (10 studiepoeng)
Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester
Analyse av biologiske sekvensar og strukturar (10 studiepoeng)
Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester
Lineær algebra (10 studiepoeng)
Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
Molekylær cellebiologi (10 studiepoeng)
5. semester
Innføring i data science (10 studiepoeng)
Innføring i maskinlæring (10 studiepoeng)
Innføring i omics (10 studiepoeng)
6. semester
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til samarbeidsuniversiteta våre i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk (der bioinformatikk er ei av sju studieretningar) eller masterprogram i programvareutvikling ved Institutt for informatikk. Du kan og fortsette masterutdanninga ved andre institutt og studiestader i Noreg og i utlandet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Bachelorprogram i informatikk: bioinformatikk