Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informatikk: datavitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i informatikk: datavitskap gjev deg akkurat denne typen kunnskap.

Dei første semestra av studiet er retta mot å lære dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar. Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varer lengre enn spesifikk, dagsaktuell teknologi. Du får også eit godt grunnlag for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.

Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalane av masterstudia.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Kandidaten

  • har brei kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast for å utvikle avanserte datasystem.
  • har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling.
  • kan på eigenhand utvide sin kunnskap.
  • kjenner informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet.

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan utvikle programvare.
  • kan analysere, fornye og vidareutvikle eksisterande programvare.
  • kan formulere og løyse problemstillingar på ein logisk presis måte innan mange områder som er dekt av informatikkfaget, som algoritmar, tryggleik, programmering og nettverk.

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid.
  • kan kommunisere med andre yrkesutøvarar om tema innanfor informatikk
  • kan arbeide både sjølvstendig og i grupper.
  • kan vurdere yrkesetiske sider ved arbeidet.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorprogrammet i informatikk: datavitskap byggjer på matematikk R1+R2 og gode mattekunnskapar er derfor tilrådd.

Innføringsemne

Ex.phil

Obligatoriske emne

For studentar med studiestart før høsten 2019 er følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT111, INF100, MNF130, INF101, MAT121, INF122, INF102, MAT221, INF142, INF227, STAT110.

For studentar med studiestart høsten 2018 er følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT111, INF100, MNF130, INF101, MAT121, INF122, INF102, MAT221, INF142, STAT110, eit emne frå ein av masterretningane (sjå liste under spesialisering).

Spesialisering

For studentar med studiestart hausten 2019:
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datavitenskap er på til saman 110 studiepoeng som består av følgjande emne:

1.semester: INF100, MAT111
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: INF122, INF102, MAT221
4.semester: INF142, INF227
5.semester: STAT110

For studentar med studiestart hausten 2018:
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datavitenskap er på til saman 110 studiepoeng som består av følgjande emne:

1.semester: INF100, MAT111
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: INF122, INF102, MAT221
4.semester: INF142,
5.semester: STAT110, Eit emne frå ein av masterretningane*

*PUT: Fritt val blant INF21X, INF22X-emner, Algoritmer: INF234, Sikkerhet: INF240, Visualisering: INF251, Optimering: INF270, Maskinlæring: INF264.

For studentar med studiestart før hausten 2018:
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datavitenskap er på til saman 120 studiepoeng som består av følgjande emne:

1.semester: INF100, MAT111
2.semester: MNF130, INF101, MAT121
3.semester: INF122, INF102, MAT221
4.semester: INF142, MAT220
5.semester: STAT110, Eit emne frå ein av masterretningane*

*PUT: Fritt val blant INF21X, INF22X-emner, Algoritmer: INF234, Sikkerhet: INF240, Visualisering: INF251, Optimering: INF270, Maskinlæring: INF264.

Tilrådde valemne

Krav til sammensetning av valemner for studentar i kull 2019:

- 20 studiepoeng må være i informatikk.
- 10 studiepoeng må være i matematikk.
- 10 studiepoeng må være et informatikkemne på 200-/300-tallsnivå. (INF207 kan ikke velges)
- 20 studiepoeng er helt valgfrie.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.
For opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Du kan bli gründer, prosjektleiar, programmerar, systemarkitekt, forskar og lærar. Du blir kvalifisert til spanande og varierte jobbar innan IT-bransjen.

Informatikarar er etterspurde også i finans- og bankvesen, oljeindustrien, ny energi, forsikring og konsulentverksemt - og nær sagt alle samfunnsområder. Med bachelorgrad i datavitskap har du kompetanse til å utføre eit breitt spekter av arbeidsoppgåver og grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket. Gjennom heile studiet vert du trent til problemløysing på ulike område, som vil kome godt med uansett kva du vel å jobbe med.

For å utvikle djupare kompetanse, tilrår vi deg å gå vidare med ein mastergrad. Studieprogrammet kvalifiserar til opptak til masterprogramma i informatikk og programutvikling.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no