Hjem

Kjemi, bachelor, 3 år

Kjemi er vitskapen om stoff si samansetting, deira eigenskapar og bruk. Utdanning i kjemi gir teknologisk innsikt og viktige eksperimentelle og analytiske ferdigheiter. Kjemikarar speler ei avgjerande rolle i miljøarbeid, fornybar energi, mattryggleik, bioressursutvikling og medisinsk forsking for ei berekraftig framtid. Studiet i kjemi gir deg kunnskap om korleis alt heng saman!
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • Plassar

    35

  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du?  

Kjemistudiet gir hovudsakleg kjemikunnskap, men også innsikt i molekylærbiologi, matematikk, fysikk og programmering for eit breitt naturfagleg fundament. Dette gjer at ein kan jobbe i tverrfaglege miljø og med tverrfaglege problemstillingar.

I studiet utviklar ein kjemifagleg kompetanse, men også evner til samarbeid, kommunikasjon og problemløysing. Det praktiske lab-arbeidet, der ein utfører kjemiske reaksjonar, analysar og undersøkingar, er verdifull kunnskap i samfunnet - og blir stadig viktigare for å løyse framtida sine utfordringar. Gjennom bachelorprosjekt i forskingsgruppene utviklar ein blant anna evna til å jobbe i internasjonale team, samt evna til kritisk refleksjon og planlegging av undersøkande arbeid. Den moderne og avanserte instrumentparken på Kjemisk institutt gir ‘hands-on'-erfaring og teknologisk innsikt.  

Studiekvardag 

Studiet inneber forelesingar og deltaking i gruppearbeid for problemløysing og diskusjonar. Det praktiske laboratoriearbeidet er ei viktig undervisningsform i kjemiutdanninga, og øvingar i lab blir gjort i samarbeid med medstudentar. Mot slutten av studiet utfører du eit forskingsprosjekt (inkl. 6 veker lab) og skriv ei bacheloroppgåve i samarbeid med ei forskingsgruppe. 

Sjølvstudium er ein vesentleg del av studiekvardagen. Då kan du bruke lesesal og bibliotek for å arbeide med pensum og oppgåver. Diskusjon og samarbeid med medstudentar er også ein viktig del av sjølvstudiet. Kjemistudentane har eit sosialt samlingsrom kalla "Basen" i Realfagbygget, og i tillegg arrangerer studentorganisasjonen Valens-Kjemisk Fagutval sosiale treff og aktivitetar for studentane, noko som gir eit godt fagleg og sosialt miljø. 

Som ny realfagsstudent blir du med i ei studentgruppe med to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet. 

Kva kan du jobbe som? 

Med ei utdanning i kjemi opnar det seg mange moglegheiter. Du kan finne arbeid innafor ei rekke industriar, inkludert olje og gass, i legemiddelindustrien og i Forsvaret. Helsesektoren, offentleg forvaltning og diverse konsulentselskap er også aktuelle arbeidsområde. Vidare er bioteknologi, miljø og akvakultur sektorar der kjemikunnskap er etterspurt. Kjemikaren står sentralt i det grøne skiftet og er blant anna aktuell for innovative bedrifter innan marine ressursar og fornybar energi. I tillegg til desse praktiske områda er kjemi ein sentral vitskap i forsking og undervisning.   

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALFA: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og i tillegg anten

  • Matematikk R2 eller 
  • Fysikk 1 og 2 eller 
  • Kjemi 1 og 2 eller 
  • Biologi 1 og 2 eller 
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller 
  • Geofag 1 og 2 eller 
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2 

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet er eit fulltidsstudium, som vil seie at du vil bruke om lag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Studiet varer i 3 år (6 semester) og startar i august. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Alle emna er på 10 studiepoeng, og du tar derfor tre emne kvart semester. 

1. semester  

  • Matematikk for naturvitskap (MAT105, 10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk I ( , 10 studiepoeng) eller MAT101 Brukarkurs i matematikk 1 (10 studiepoeng) 
  • Kjemi og energi  (KJEM110, 10 studiepoeng)
  • Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)

2. semester  

  • Organisk kjemi (KJEM130, 10 studiepoeng)
  • Grunnstoffas kjemi (KJEM120, 10 studiepoeng)
  • Brukarkurs i matematikk II  (MAT102, 10 studiepoeng)

3. semester  

  • Innføring i molekylærbiologi (MOL100, 10 studiepoeng)
  • Kjemisk syntese og analyse (KJEM124, 10 studiepoeng)
  • Grunnkurs i mekanikk og varmelære (PHYS101, 10 studiepoeng)

4. semester

  • Molekylær fysikalsk kjemi (KJEM140, 10 studiepoeng)
  • Kjemisk termodynamikk  (KJEM210, 10 studiepoeng)
  • Examen philosophicum, enten skoleeksamen (EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng) eller seminarmodell  (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng)

5. semester  

  • Tre valfrie emne (eller utveksling) (30 studiepoeng)

6. semester   

  • Vitskapeleg formidling (KJEM291, 10 studiepoeng)  
  • Bachelorprosjekt i kjemi (KJEM299, 10 studiepoeng)
  • Analytisk kjemi (KJEM250, 10 studiepoeng)   

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Studieplanen er lagt opp slik at du kan reise på utveksling i 5. semester, der du har berrevalfrie emne i studieplanen. 

Du kan søke på avtalar som Kjemisk institutt, fakultetet og UiB har. Korleis søke om å reise på utveksling? 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Ein bachelorgrad i kjemi kvalifiserer til opptak til mastergrad i kjemi, som opnar for stor valfridom med mange yrkesretningar. Dersom du tar valemne i bachelorgraden innan fysikk og biologi som dekker krav til undervisning i naturfag, kan du ta eitt år med praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar i kjemi og naturfag.  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen for bachelor i kjemi