Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
På dette bachelorprogrammet lærer du om molekyla - byggeklossane i cellene våre - og korleis dei samarbeider. Studiet passer for deg som vil forstå korleis celler og organismar fungerer, korleis sjukdom oppstår og korleis vi kan forbetre verda rundt oss.
På bachelorstudiet i molekylærbiologi får du brei kunnskap om molekylær oppbygging, kjemi og fysikk til biologiske makromolekyl som DNA, RNA, protein og lipid. Du lærer om celleoppbygging, cellenes funksjon og bioinformatikk, samt får praktisk erfaring fra laboratoriet med metodar og instrument.
Studiet tilbyr mange valfrie emne, som gir deg fridom til å velje fag som interesserer deg.
Dei tilsette i fagmiljøet arbeider med spennande problemstillingar innan molekylærbiologi, bioteknologi og biomedisin. Dei bruker modellsystem som fluer, fisk, gjær og humane celler for å løyse forskingsspørsmål.
Bachelorprogrammet passar for deg som er nysgjerrig på biologiske prosessar og som vil jobbe med praktiske oppgåver for å løyse framtidige utfordringar knytt til sjukdom, genredigering og vaksinar.
I ei typisk veke på bachelorstudiet må du rekne med å vere på campus kvar dag. I semester med laboratorieundervisning vil du ha fulle dagar på lab-en fleire dagar i veka. Studietida består av forelesingar, lab-øvingar og rapportskriving, samt aktiv deltaking, kollokviegrupper, presentasjonar og eigenstudium.
Bachelorstudiet er eit fulltidsstudium, så du bruker omtrent like mykje tid på studiane som på ein fulltidsjobb. Undervisninga er på norsk og engelsk, mens litteraturen er hovudsakleg engelsk. Vi held til i Høgteknologisenteret, som har eigen lesesal for molekylærbiologi- og biologistudentar. Du kan også bruke lesesalar og biblioteket på Realfagbygget.
Mye av undervisninga skjer der fagmiljøet held til, og du får god kontakt med forskarar samt master- og ph.d.-studentar. Studentane i molekylærbiologi driv studentorganisasjonen Helix, som organiserer faglege og sosiale arrangement.
Mange molekylærbiologar jobbar med forsking og undervisning, både som vitskapleg tilsette og som støttepersonell ved universitet og høgskolar, eller ved store sjukehus.
Molekylærbiologar er òg viktige innan
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester:
Innføring i molekylærbiologi (MOL100, 10 studiepoeng)
Brukarkurs i matematikk I (MAT101, 10 studiepoeng ) eller Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Kjemi og energi (KJEM110, 10 studiepoeng)
2. semester:
Eksperimentell molekylærbiologi I (MOL102, 10 studiepoeng)
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
Organisk kjemi (KJEM130, 10 studiepoeng)
3. semester:
Genstruktur, – funksjon og applikasjonar (MOL103, 10 studiepoeng)
Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering (MOL200, 10 studiepoeng)
Valfritt emne innan matematikk eller statistikk (10 studiepoeng)
4. semester:
Molekylær cellebiologi (MOL201, 10 studiepoeng)
Anvendt bioinformatikk (MOL204, 10 studiepoeng)
Eksperimentell molekylærbiologi II (MOL222, 10 studiepoeng)
5. semester:
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester:
Examen philosophicum – enten skoleeksamen eller seminarmodell (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Du kan velje valemne utifrå interesse. Mange studentar vel emne innan molekylærbiologi, biologi, kjemi og bioinformatikk. Men du kan òg velja emne frå andre fagområde og andre fakultet, utifrå eiga interesse.
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi anbefaler at du reiser ut i femte og/eller sjette semester.
Du kan reise til nesten heile verda gjennom dei mange utvekslingsavtalane til UiB. Det er mest vanleg å reise til blant anna Australia, USA med Hawaii, Storbritannia og andre europeiske land.
Det er ofte nødvendig å bygge på med ein mastergrad i molekylærbiologi eller biomedisin for å vere kvalifisert til å jobbe på eit laboratorium. Ein bachelorgrad i molekylærbiologi kvalifiserer til vidare masterstudium i molekylærbiologi og tilstøytande fagretningar.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.