Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i spesialpedagogikk

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i spesialpedagogikk ved Universitetet i Bergen byggjer på fagområda spesialpedagogikk, pedagogikk og psykologi, for å gje eit breitt fagleg fundament for å kunne arbeide systemretta og individorientert med tenester for barn og unge med ulike føresetnader for læring. Som sjølvstendig utdanning skal eit bachelorprogram i spesialpedagogikk også kunne kvalifisere til å arbeide med spesialpedagogiske problemstillingar i opplæringssektoren. Studieprogrammet gir mellom anna innsikt i og forståing av ulike kartleggingstilnærmingar som inngår i spesialpedagogisk verksemd. Gjennom studiet får kandidatane kunnskap om lovverk og andre styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske arbeidet. Studiet har som mål å gje studentane innsikt i korleis faget utviklar seg og korleis dei på ein profesjonell måte kan bidra til vidareutvikling av spesialpedagogisk praksis. Studieprogrammet skal også kunne gje grunnlag for vidare spesialisering (mastergrad).

I starten av studiet blir det lagt vekt på å gje studentane grunnleggande kjennskap til ulike delar av det spesialpedagogiske kunnskapsfeltet; innføring i spesialpedagogikk og ulike perspektiv på læring; samarbeid rundt ulike funksjonshindringar og sentrale psykologiske perspektiv. Seinare i studiet får studentane kjennskap til og innsikt i; observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis, språkutvikling, lese- og skrivevanskar og forskingsmetode. I siste del av studiet skal studentane få kunnskap om og mogelegheit til å reflektere over spesialpedagogisk yrkesutøving i eit profesjonsteoretisk perspektiv, samt at dei skal fordjupe seg i eit sjølvvalt tema gjennom arbeidet med bacheloroppgåva. Undervegs i studiet inngår 100 timar deltakende observasjonspraksis, og arbeids- og vurderingsformene på ulike emne vil reflektere både ei praktisk og teoretisk tilnærming.

Læringsutbyte

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten ..

  • Har brei kunnskap om ulike føresetnader for læring og har grunnleggande kunnskapar om sentrale omgrep som inkludering, spesialpedagogikk, spesialpedagogisk hjelp, spesialundervisning, tidleg innsats, kartlegging  og tilpassa opplæring, både på individ og systemnivå
  • Har kunnskap om og forståing for sentrale problemstillingar innan fagområde med relevans for spesialpedagogikk 
  • Kan forstå korleis ei spesialpedagogisk problemstilling kan studerast og forklarast på fleire måtar, og vurdere ulike forklaringar opp mot kvarandre
  • Har kjennskap til sentrale lovverk og styringsdokument som regulerer det spesialpedagogiske feltet
  • Har brei kunnskap om spesialpedagogikkens historie både som profesjon og disiplin, og kan halde seg oppdatert på fagområdet

Ferdigheiter

Kandidaten ..

  • Kan anvende sentrale lovverk og relevante styringsdokument for spesialpedagogisk praksis
  • Kan anvende fagleg kunnskap og relevant informasjon frå ulike kartleggingstilnærmingar for å planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak  retta mot barn og unge med ulike føresetnader for læring
  • Kan gjennomføre litteratursøk og sette seg inn i og vurdere relevant faglitteratur
  • Kan gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa akademisk arbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningslinjer

Generell kompetanse

Kandidaten ..

  • Kan reflektere kring etiske problemstillingar i spesialpedagogisk praksis
  • Kan arbeide sjølvstendig og formidle spesialpedagogisk kunnskap både skriftleg og munnleg
  • Kan reflektere kritisk omkring spesialpedagogikkens plass i samfunnet
  • Har profesjonell kompetanse som gjer at ein kan bidra til utvikling av det spesialpedagogiske fagfeltet

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

I tillegg må du levere gyldig politiattest ved semesterstart.

Innføringsemne

EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 stp)

SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 stp)

Innføringsemna i graden er obligatorisk. Ein må søkje særskild om eventuelt fritak eller innpassing av andre emne.

Obligatoriske emne

PSYK114 Utviklings, kognitiv og biologisk psykologi (15 stp)

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 stp)

SPED101 Språkutvikling (15 stp)

SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i barnehagen (15 stp)

PSYK207 Læring og atferdspsykologi (15 stp)

PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)

SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)

SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

SPED211 Lese- og skrivevanskar (5 stp)

Spesialisering

Spesialiseringa i spesialpedagogikk, er på 110 studiepoeng, som består av desse obligatoriske emna:
PED112 - Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng)
SPED102 - Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 studiepoeng)
SPED103 - Samarbeid rundt funksjonshindra born og unge (10 studiepoeng)
PSYK121 Kognitiv- og utviklingspsykologi (10 studiepoeng)
SPED201 - Språk, lesing og skriving ¿ utvikling , vanskar og tiltak (15 studiepoeng)
PED210 - Vitskapelege metodar (15 studiepoeng)
SPED200 - Profesjonstenkning - lovverk og etikk i teori og praksis (15 studiepoeng)
SPED250 - Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 45 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd å velje emnet PED115 Skolens læringsmiljø (15 studiepoeng) i tredje semester. 

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

SPED100 Innføring i spesialpedagogikk (15 studiepoeng)

PED112 Pedagogiske perspektiv på læring (15 studiepoeng)

2. semester:

SPED103 Samarbeid rundt funksjonshindra born og unge (10 studiepoeng)

EXPHIL-PSSEM/EXPHIL-PSEKS (10 studiepoeng)

PSYK121 Kognitiv- og utviklingspsykologi (10 studiepoeng)

3. semester:

SPED102 Observasjon, kartlegging og tiltak i spesialpedagogisk praksis (15 stp)

Valfrie emne (tilrådd emne PED115 Skulens læringsmiljø 15 studiepoeng)

4. semester:

PED210 Vitskapelege metodar (15 stp)

SPED201 Språk, lesing og skriving ¿ utvikling , vanskar og tiltak (15 studiepoeng)

5. semester:

Valemne (30 stp)

6. semester:

SPED200 Profesjonstenking - lovverk og etikk i teori og praksis (15 stp)

SPED250 Bacheloroppgåve i spesialpedagogikk (15 stp)

Delstudium i utlandet

På bachelorprogrammet i spesialpedagogikk er det fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer spesialpedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.

Arbeids- og undervisningsformer

Fagmiljøet i spesialpedagogikk held til i Christies gate 12 som er hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er óg her du vil tilbringe mesteparten av tida di som bachelorstudent. 

All undervisning i bachelorstudiet vil i utgangspunktet skje fysisk på campus. Einskilde emne vil ha noko digital undervisning. Studiet er ikkje eigna som fjernstudium då mykje av undervisninga legg opp til obligatorisk fysisk oppmøte. 

Undervisninga vert normalt sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, og det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer, mellom anna bruk av digitale læringsressursar og tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. Som del av undervisningsmetodar inngår det også ein praksiskomponent i bachelorprogrammet. 

Studiet er bygd opp av desse elementa:

Forelesingar 
Seminar
Deltakande observasjonspraksis i opplæringssektoren
Sjølvstudium 
Bacheloroppgåve


Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Vi har eit eige Fagutval for pedagogikk, spesialpedagogikk og logopedi som skal være eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av vurderingsformer. Sjå dei enkelte emnebeskrivelsane for nærare detaljar om vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F)

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelorgrad i spesialpedagogikk kvalifiserer for opptak til master i spesialpedagogikk, master i pedagogikk, heltid og deltid, samt master i logopedi ved UiB. Studiet kan òg kvalifisere for opptak til andre masterstudium ved Det psykologiske fakultet.

Studiet kan kvalifisere for opptak til master i spesialpedagogikk ved andre lærestader.

Relevans for arbeidsliv

Bachelor i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling hos born, ungdom og vaksne med særskilte behov er relevant, til dømes innanfor tenester innan opplæringssektoren, samt innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, omsorgsboliger, arbeidsinkludering, kultursektoren eller andre delar av velferdsforvaltninga. 

Med bachelor i spesialpedagogikk er du mellom anna kvalifisert til å søke stillingar som:

  • Ulike stillingar i statlege, kommunale og frivillige organ som arbeider med tilrettelegging for barn og unge med ulike læringsutfordringar
  • Rådgjevar i utdanningssektoren
  • Administrativt arbeid knytt til studieavdelingar ved universitet og høgskule (studiekonsulent, programkoordinator m.m.)

Bachelor i spesialpedagogikk gir aktuell kompetanse for rådgjeving- og utviklingsarbeid i skule og barnehage. Den kvalifiserer vanlegvis ikkje til undervisningsstilling som spesialpedagog med mindre du også har ei barnehagelærar- eller lærarprofesjonsutdanning i fagkretsen din.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no. I tillegg vil programmet fylgje Det psykologiske fakultet sine retningslinjer for deltakande evaluering.

Skikkavurdering og autorisasjon

Søkjarar til utdanningar der studentar kan komme i kontakt med mindreårige som ein del av klinisk undervisning eller praksis, skal leggje fram politiattest som nemnt i politiregisertelova § 39 første ledd i samband med opptak. 

Studentar på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk skal bli vurdert om dei er skikka under heile studiet, jf. forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet