Hjem

Informatikk-matematikk-økonomi, bachelor, 3 år

Informasjonsteknologi-matematikk-økonomi (IMØ) er eit unikt studium som kombinerer teknologi, matematikk og økonomi. Du vil lære å bruke desse kompetansane til å løyse komplekse problemstillingar i næringslivet og samfunnet.  Du vil lære å programmere, analysere data og forstå økonomiske teoriar. Dette gjer deg til ein mykje ettertrakta kandidat i arbeidslivet.
  • Lengde3 År
  • Ordinær51,5
  • Primær49,6
  • Plassar30
  • OpptakskravREALFA
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MatNat)!

Påmelding til undervisning (IGANG): Etter at du har takka ja til studieplass skal du registrere deg til undervisning via IGANG. Du blir då registrert til emne som du skal ha undervisning og ta eksamen i haust. Når du registrerer deg, vel du samstundes om du vil delta i mentor- og faddergruppe. Frist for å registrere deg i IGANG er 24. juli.  

Oppfriskingskurs i matematikk: I veke 32 tilbyr me oppfriskingskurs i matematikk. Kurset er frivillig, men vi tilrår deg å melde deg på og delta på dette.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite før studiestart, finn du i UiBtreet. I slutten av juli fekk du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang. Før du får tilgang, kan du halde deg oppdatert på «Velkommen som ny student». Dersom du melder deg på mentorordninga, vil mentoren din ringe deg i veke 32 for å ynskje deg velkommen. Mentoren din kan også svare på enkle studierelaterte spørsmål. 

Frammøte: Studiestart er måndag 12. august kl. 08.45 på Realfagsbygget. Vi tilrår at du møter.

Studieprogrammøte for nye studentar i veke 33 er obligatorisk. Finn tid og stad for møtet. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 30 30 eller studie.matnat@uib.no.

Følg oss på sosiale medier: 

@realfaguib på Instagram og TikTok!

@fadderstyretmatnat på Instagram

 

Ny realfagstudent ved UiB

Produsent:
UiB

Kva lærer du? 

Etter bachelorprogrammet vil du kunne 

  • bruke metodar frå statistikk og informatikk på økonomiske problemstillingar  
  • delta i eller leie prosjekt med IT-system og utvikling 
  • forstå samfunnsøkonomiske problem gjennom dataanalyse 

Bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er det einaste i Noreg som tilbyr denne kombinasjonen av fag. 

Studiekvardag 

Som IMØ-student blir du del av eit miljø av dyktige og aktive informatikk-studentar på Høyteknologisenteret. Du vil også ha fag på Institutt for økonomi og Matematisk institutt. 

I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket

Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.

Kva kan du jobbe som? 

Med bachelorgrad i IMØ er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar. Samfunnet og næringslivet treng kompetanse innan økonomi og digitalisering.  

Du kan jobbe i 

  • i FinTech (finansteknologi) 
  • i  IT-bransjen 
  • i energi- eller oljeindustrien 
  • på forskingsinstitutt eller universitet 
  • med konsulentverksemd  
  • i offentleg forvalting 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Generell studiekompetanse og REALFA: 

Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og i tillegg anten

  • Matematikk R2 eller 
  • Fysikk 1 og 2 eller 
  • Kjemi 1 og 2 eller 
  • Biologi 1 og 2 eller 
  • Informasjonsteknologi 1 og 2 eller 
  • Geofag 1 og 2 eller 
  • Teknologi og forskningslære 1 og 2 

Søknadsfristen er 15. april. Søk her

Studiets oppbygging 

Bachelorprogrammet i informatikk-matematikk-økonomi er eit treårig fulltidsstudium som startar i august.  

Du finn detaljert vekeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:   

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

6. semester

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.   

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Les heile studieplanen