
Jobb etter studiene
9 av 10 tidligere UiB-studenter får relevant jobb kort tid etter studiene, og nesten halvparten får jobb før de er ferdige med studiene.
Dette unike studiet kombinerer teknologi, matematikk og økonomi. Du lærer å bruke desse kompetansane til å løyse komplekse problem i næringslivet og samfunnet. Du lærer å programmere, analysere data og forstå økonomiske teoriar, som gjer deg til ein ettertrakta kandidat i arbeidslivet.
Etter bachelorprogrammet vil du kunne
Bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi (IMØ) er det einaste i Noreg som tilbyr denne kombinasjonen av fag.
Som IMØ-student blir du del av eit miljø av dyktige og aktive informatikk-studentar på Høyteknologisenteret. Du vil også ha fag på Institutt for økonomi og Matematisk institutt.
I løpet av ei typisk veke vil du ha seks forelesingar og tre seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Vi held til på Høyteknologisenteret, der vi har eigne lesesalar for informatikkstudentar. Her kan du studere aleine eller saman med medstudentar. Du kan òg sitte på Realfagsbiblioteket.
Studentane på Institutt for informatikk har ei eiga linjeforeining som blant anna organiserer faglege og sosiale arrangement.
Med bachelorgrad i IMØ er du kvalifisert for spennande og varierte jobbar. Samfunnet og næringslivet treng kompetanse innan økonomi og digitalisering.
Du kan jobbe i
I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.
I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.
Generell studiekompetanse i tillegg til Matematikk R1 (eller S1 og S2). Du må også ha anten:
Undervisningsspråk: Norsk
1. semester
MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller
MAT101 - Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) (Dei som ønsker å ta ein mastergrad i statistikk må ta Grunnkurs i matematikk I)
INF100 - Innføring i programmering (10 studiepoeng)
ECON100 - Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
2. semester
ECON110 - Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
MNF130 - Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
INF101 - Objektorientert programmering (10 studiepoeng)
3. semester
ECON210 - Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
STAT110 - Grunnkurs i statistikk (10 studiepoeng)
INF102 - Algoritmar, datastrukturar og programmering (10 studiepoeng)
4. semester
ECON130 - Makroøkonomi (10 studiepoeng)
STAT111 - Statistiske metodar (10 studiepoeng) eller STAT200 - Anvendt statistikk (10 studiepoeng)
MAT121 - Lineær algebra (10 studiepoeng)
5. semester
INF140 - Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
INF170 - Modellering og optimering (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
6. semester
Examen philosophicum - enten seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Valemne (10 studiepoeng)
Benytt sjansen til å studere eit år eller halvår ved eit anna universitet i utlandet. Vi anbefaler at du reiser på utveksling i det sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Austerrike, Spania, Tyskland eller ein annan plass.
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i
• Informatikk eller programvareutvikling ved Institutt for informatikk
• Statistikk og data science ved Matematisk institutt (sjekk eigne opptakskrav)
• Samfunnsøkonomi ved Institutt for økonomi (sjekk eigne opptakskrav)
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Bachelorprogram i informatikk-matematikk-økonomi