Teatervitskap, master, 2 år
- Lengde2 År
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust og Vår
Hovedinnhold
Kva lærer du?
I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som:
- Korleis verkar ulike verkemiddel og uttrykksformer saman i ei teaterframsyning, og kva for effekt kan desse ha i møte med publikum?
- Finst det grenser for teater og moglege teaterformer?
- Korleis relaterer teaterframsyningar seg til historie, samfunn og politikk?
Teatervitskap er ein viktig kunnskapsleverandør og dialogpartnar for det utøvande scenekunstfeltet, kunstnarlege utdanningar og drama og teater i skulen. Studiet inneheld dessutan praksis som gir deg ein forsmak på kva slags moglegheiter som finst seinare.
Som ferdigutdanna masterstudent i teatervitskap har du:
- god forståing for dei underliggande vitskapsteoretiske problemstillingane i teatervitskapen
- evne til å planlegge og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
- kunnskap og innsikt nok til å drøfte, argumentere og ta sjølvstendige standpunkt til problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk
Studiekvardag
På masterprogrammet i teatervitskap er det undervisning i form av forelesingar, seminar, rettleiing og skrivegrupper. I tillegg kjem praksis, prosjektarbeid og mykje sjølvstudium, og skriving av ei masteroppgåve.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus.
Masterprogrammet i teatervitskap samarbeider med teater- og kulturinstitusjonar i Bergen og resten av landet, og Bergen har eit av dei mest attraktive studiemiljøa og aktive teatermiljøa i landet.
Gjennom utdanninga får du anledning til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vere av stor nytte for framtidig karriereutvikling. Våre studentar set òg ekstra pris på at studiet gir ei større fordjuping enn andre teaterutdanningar.
Du kan reise på feltarbeid i samband med masteroppgåva.
Kva kan du jobbe som?
Teatervitarar har unik innsikt i kva teater er og har vore gjennom historia, og korleis det er viktig for samfunnet.
Teatervitskapleg kompetanse er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Typiske yrke for ein utdanna teatervitar er kritikar, dramaturg, produsent eller kommunikasjonsrådgjevar ved teater- og kulturinstitusjonar. Nokon kombinerer også teatervitskapleg utdanning med utøvande praksis som skodespelarar, regissørar og dramatikarar.
Med ein mastergrad i teatervitskap kan du arbeide:
- i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet
- i offentleg kulturforvaltning
- i mediebransjen
- innan undervisning og opplæring
Opptakskrav og søknadsfrist
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.
Søknadsfristen er 15. april for høstopptak og 1. november for våropptak.
Studiets oppbygging
Studieløpet ser slik ut:
1. semester
- Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori (15 studiepoeng)
- Prosjektskildring/utveksling (15 studiepoeng)
2. semester
- Teoretisk fordjuping i eit systematisk område (15 studiepoeng)
- Praksis eller seminarinnlegg / utveksling (15 studiepoeng)
3. og 4. semester
-
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling til fleire ulike land. Det er lagt opp til at du kan reise ut i ditt andre semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Ein mastergrad i teatervitskap kan kvalifisere til søknad til ph.d.-programmet.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.