Hjem

Femårig masterprogram i rettsvitskap

Jus er utdanninga for deg som er opptatt av mennesket i samfunnet, og av rett og rettferd. På studiet lærer du om korleis lovene fungerer, og kva konsekvensane er av å bryte dei. Med jus får du ei utdanning som kjem til nytte enten du drøymer om å jobbe med menneskerettar, politirett, internasjonal handel, berekraft eller noko heilt anna.
  • Lengde5 År
  • Ordinær61,7
  • Primær55,5
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Hovedinnhold

Velkommen til studiestart på det femårige masterprogrammet i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet. 

Obligatorisk frammøte: Studiestart er måndag 12. august, og denne dagen skal du møte opp på campus. Veka før vil du få ein e-post med nærmare informasjon om når og kvar du skal møte.  

Program for studiestarten: Velkommen som ny student på Det juridiske fakultet

Ta med: Du treng ikkje ta med deg noko spesielt den første dagen.

Bli klar som student: Meir informasjon om det du treng å vite og gjere før studiestart, finn du på siden Ny student.

Har du tatt emne frå før? Etter at du har fått opptak kan du du søke om at juridisk utdanning frå andre institusjonar skal bli ein del av graden din ved UiB. Her kan du lese meir om faglig godkjenning av ekstern utdanning

Har du spesielle behov? Dersom du har funksjonsnedsetting og behov for tilrettelegging av studieløpet ditt eller studiekvardagen din, er det fint om du tar du kontakt med oss så tidleg som mogleg. På den måten kan vi finne gode løysingar for deg dersom du får tilbod om studieplass. 

Har du spørsmål? Ta kontakt med Informasjonssenteret på telefon 55 58 95 00 eller skriv til oss her. 

Kva lærer du?

I løpet av studiet vil du forstå kvifor jus er nødvendig for å løyse alt frå nabotvistar til dei store globale utfordringane vi står overfor. Jus er eit studium der problemstillingane du arbeider med liknar dei du vil møte i den framtidige arbeidskvardagen din. 

  • Du lærer å tolke og bruke rettsreglane. 
  • Du lærer ein metode for å løyse konkrete juridiske problemstillingar. 
  • Du blir i stand til å argumentere og legge fram ei sak på ein god og overtydande måte. 
  • Du får inngåande kunnskap om det norske rettssystemet, og om  korleis norsk rett vert påverka av internasjonal rett.  
  • Du lærer om korleis ny teknologi kan brukast til å løyse rettslege problem på nye måtar. 

Masterstudiet i rettsvitskap er eit femårig fulltidsstudium med oppstart i august. På første, andre, tredje og fjerde studieår har du obligatoriske emne. På tredje og femte studieår vel du også juridiske emne etter eigne interesser.  

Studiekvardag

Jusutdanninga i Bergen er kjent for eit svært aktivt studentmiljø og eit godt undervisningsopplegg. Du får tett oppfølging, dyktige undervisarar og kan delta i eit inkluderande studentmiljø. I studentorganisasjonane kan du engasjere deg i alt frå rettshjelp til korsong eller fallskjermhopping. 

Studiet er eit fulltidsstudium. Det betyr at du må rekne med å bruke om lag like mykje tid på studia som på ein fulltidsjobb. I tillegg til den obligatoriske undervisninga må du rekne med å bruke ein del tid på lesesalen og på samarbeid med andre studentar.  

Undervisninga er for det meste på norsk, men nokre valemne går på engelsk. Undervisninga består mellom anna av forelesingar, oppgåveinnleveringar, gruppeundervisning og sjølvstudium. 

Som jusstudent på Dragefjellet er du midt i smørauget av studentbyen Bergen. Dette er ein ærverdig og moderne studiestad i Bergen sentrum. På Dragefjellet finn du forelesingssalar, grupperom, lesesalar, bibliotek, studentbar og kantina med byens flottaste utsikt.  

Korleis ser kvardagen for ein jusstudent ut? 

Kva kan du jobbe som? 

Samfunnet treng juristar, og få utdanningar fører fram til jobb i så mange ulike bransjar som jusutdanninga. Som utdanna jurist har du ein kompetanse som er etterspurt i arbeidslivet, både i privat og offentleg sektor. Eksempel på nokre av stadene du kan jobbe er:   

  • offentleg forvalting som Skatteetaten, Utanriksdepartementet eller kommunen 
  • advokatkontor 
  • privat næringsliv som bank, skipsfart eller industri 
  • politiet og Forsvaret 
  • domstolar som tingretten, lagmannsretten eller Høgsterett 
  • universitet og høgskular 
  • nasjonale organisasjonar som LO og NHO 
  • internasjonale organisasjonar som FN, EU eller Røde Kors 

Arbeidsmarknaden for juristar frå UiB er svært god. Nær sagt alle med utdanning frå Det juridiske fakultet seier dei er i relevant jobb kort tid etter at dei avslutta studia. 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Dersom du har tatt juridiske eksamenar ved andre institusjonar, må du også søke gjennom Samordna opptak. Kjem du inn, kan du søke om å få godskrive tidlegare utdanning.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging

1. studieår  

Obligatoriske emne (emnekode i parentes): 

  • Exfac - Innføring i juridisk metode (JUS100
  • Familie- og arverett (JUS211)  
  • Avtalerett (JUS212)  
  • Erstatningsrett (JUS213
  • Tings- og immaterialrett (JUS214
  • Juridisk metode (JUS215

2. studieår 

obligatoriske emne:  

  • Rettsstaten (JUS221
  • Forvaltningsrett (JUS222
  • Examen philosophicum (EXPHIL) 

3. studieår, haust 

obligatorisk emne:  

  •  Obligasjonsrett (JUS231

3. studieår, vår 

I vårsemesteret på tredje studieår kan du sjølv velje kva for juridiske emne du skal studere, og om du vil studere i utlandet eller i Bergen. Les meir om valmoglegheitene dine her

Vel mellom: 

Eller 

  • Komparativ rett (JUS233, 2  studiepoeng) 
  • Utveksling, valemne (30  studiepoeng) 

4. studieår 

obligatoriske emne:  

  • Strafferett (JUS345, 20 studiepoeng) 
  • Rettargang (JUS346, 20 studiepoeng) 
  • Allmenn formuerett (JUS347, 20 studiepoeng) 

5. studieår 

Les om valmoglegheitene på 5. studieår her.  

Vel eitt av emna: 

  • Masteroppgåve (JUS399, 30 studiepoeng) 
  • Masteroppgåve (JUS396, 60 studiepoeng) 
  • Masteroppgåve, forskarlinje (JUS397, 70 studiepoeng) 

Valfritt: 

  • Spesialemne (30 studiepoeng) 

Valfritt: 

  • Utveksling (30 studiepoeng) 
  • Utveksling (60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Å reise på utveksling gir ei fantastisk moglegheit til å lære meir om internasjonal rett og til å få nye perspektiv på norsk rett gjennom å lære om korleis ulike rettsområde er regulert i andre land. Du kan reise på utveksling til meir enn 100 universitet over heile verda. 

Les meir om utvekslingsmoglegheitene ved Det juridiske fakultet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

Drøymer du om å bli forskar eller å undervise om jus? Da bør du sjå nærmare på forskarutdanning ved Det juridiske fakultet som du kan søke på etter masterstudiet er fullført. 

Les meir om ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet 

Spørsmål om studiet? 

Skriv til oss her eller ring oss på telefon 55 58 95 00 

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.  

Studieplan for MAJUR Rettsvitskap (jus), master, 5 år

 

Søk her