Hjem

Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT), master, 2 år

Klinisk masterstudium i manuellterapi er for fysioterapeutar som ønsker ei vidare utdanning til manuellterapeut. Som manuellterapeut blir du spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.
  • Lengde2 År
  • Plassar24
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartVår

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

Dette masterprogrammet fører fram til graden Master i helsefag, klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar (MMT). Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og er spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel og skjelett. 

Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg yrkesutøving. Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium. 

Etter fullført grad kan du 

  • undersøke og vurdere behov for behandling 
  • bruke behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjonar 
  • undervise, rettleie og informere pasientar, pårørande og andre profesjonelle 

Les heile lista over læringsutbytte 

Studiekvardag 

Undervisninga består av både teori og ferdigheitstrening. På studiet bruker vi mange ulike læringsformer: 

  • forelesingar 
  • gruppearbeid 
  • studentpresentasjonar 
  • seminar 
  • sjølvstendig skriftleg arbeid 
  • nettbasert læring 
  • praktiske samlingar 

I tillegg vil du også ha pasientbehandlingar ved klinikk eller institutt under oppsyn av rettleiar. Mellom kvar undervisningsbolk skal du bruke og vidareutvikle ferdigheitene dine ved ein klinisk praksisstad. 

Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heve sin formelle og reelle kompetanse. Studiet går ut på å vidareutvikle teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapleg basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. 

Studiet tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på eit samfunnsorientert perspektiv for sjukdom. 

Kva kan du jobbe som? 

Etter fullført Klinisk masterstudium i manuellterapi for fysioterapeutar er ein kvalifisert til 

  • arbeid som primærkontakt for pasientar med plager knytt til muskel- og skjelettapparatet 
  • utdanningsarbeid på universitet og høgskolar 
  • fagutvikling i klinisk verksemd 
  • forsking og utvikling 
  • fagleg og administrativt arbeid innan forvalting og helsevesen 

Studiet gir også grunnlag for vidare forsking og ph.d.-studium, nasjonalt som internasjonalt. Studiet er godkjent av International Federation for Orthopaedic Manual Physical Therapy (IFOMPT) og kvalifiserer dermed til arbeid som manuellterapeut internasjonalt. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

Studiet bygger på bachelorgrad i fysioterapi eller tilsvarande.  

Programmet har opptak annakvart år. Sjå her for neste søknadsfrist

Studiets oppbygging 

Klinisk masterstudium i manuellterapi er eit fulltidsstudium og går over to år. Studiet har oppstart annankvar vår.  

Oppbygginga av studiet kan sjå slik ut:  

1. semester 

2. semester 

3. semester 

4. semester 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium og kan gi grunnlag for vidare studium som for eksempel ph.d.-grad. 

Spørsmål om studiet? 

E-post: Studie@igs.uib.no 

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument som fungerer som en kontrakt mellom universitetet og deg som student. Den skal gjere det tydeleg kva for rammer som gjeld for studiet, dei læringsmåla du skal oppnå og beskrive ein plan for korleis dette skal gjerast.

Studieplan