Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Ein aktuar er ein forsikringsmatematikar. I aktuarfaget bruker du statistiske og matematiske metodar for å løyse problemstillingar innan forsikring og finans. UiB er for tida det einaste universitetet i Noreg som tilbyr ein femårig integrert master i aktuarfag og dataanalyse.
I aktuarfaget lærer du å analysere, bruke statistikk og lage modellar for å rekne ut kva risikoen er for at noko kjem til å skje i framtida. Vidare lærer du om kva som kjem til å bli den finansielle ringverknaden dersom visse hendingar finn stad. Denne kunnskapen gjer at du kan hjelpe firma med å kontrollere risiko og unngå å ta for store økonomiske sjansar.
Du lærer:
Integrert master i aktuarfag og dataanalyse er eit fulltidsstudium der du gjennomfører tre emne (fag) per semester. Kvart av desse emna har som hovudregel fire timar forelesing og to til fire timar reknegruppe/seminar i veka. Du må difor rekne med 18-24 timar undervisning i veka.
Aktuarfag og dataanalyse høyrer til ved Matematisk institutt. Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Matematisk institutt har ei felles studentforeining som arrangerer sosiale samlingar, spillkveldar, hytteturar, pub-lectures, eksamensfestar, og meir til.
Programmet er utfordrande, men gir deg enormt gode jobbmoglegheiter. Det er sterk etterspørsel etter aktuarar, ettersom alle forsikringsselskap har ein aktuarfunksjon som skal berekne kapitalkrav.
Som aktuar kan du få jobb innan
Våre studentar har blant anna fått jobb i Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet), Tryg Forsikring, Gjensidige, DNB, Frende Forsikring, Sparebank1 gruppa, Nordea Liv, PWC, EY, DNB Markets og Norwegian Hull Club.
Fullført grad tilsvarer også ein mastergrad i statistik.
Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2. I tillegg anten:
Undervisningsspråk: Norsk
Slik kan studiet sjå ut:
1. semester
Innføring i programmering (INF100, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i matematikk I (MAT111, 10 studiepoeng)
Grunnkurs i statistikk (STAT110, 10 studiepoeng)
2. semester
Grunnkurs i matematikk II (MAT112, 10 studiepoeng)
Lineær algebra (MAT121, 10 studiepoeng)
Statistiske metodar (STAT111, 10 studiepoeng)
3. semester
Innføring i data science (INF161, 10 studiepoeng)
Innføring i numeriske metodar (MAT160, 10 studiepoeng)
Valfritt emne (10 studiepoeng)
4. semester
Differensiallikningar (MAT131, 10 studiepoeng)
ExPhil seminarmodell eller eksamensmodell (EXPHIL-MNSEM eller EXPHIL-MNEKS, 10 studiepoeng)
Makroøkonomi (ECON130, 10 studiepoeng)
5. semester
Stokastiske prosessar (STAT220, 10 studiepoeng)
Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori (STAT231, 10 studiepoeng)
Valfritt emne (10 studiepoeng)
6. semester
Prosjektarbeid i statistikk (STAT292, 10 studiepoeng)
Statistisk inferensteori (STAT210, 10 studiepoeng)
Livsforsikringsmatematikk (STAT230, 10 studiepoeng)
7. semester
Generaliserte lineære modellar (STAT201, 10 studiepoeng)
Statistisk læring * (STAT260, 10 studiepoeng)
Valfritt emne (10 studiepoeng)
8. semester
Monte Carlo-metodar og Bayesiansk statistikk * (STAT250, 10 studiepoeng)
Finansteori (STAT240, 10 studiepoeng)
Masteroppgåve, tas over fleire semester (AKTUA399, 10 studiepoeng)
9. semester
Valfritt emne (10 studiepoeng)
Masteroppgåve, over fleire semester (AKTUA399, 20 studiepoeng)
10. semester
Masteroppgåve, over fleire semester (AKTUA399, 30 studiepoeng)
*Du må ta eitt av desse emna
Du kan reise på utveksling i eitt semester, gjerne i tredje eller fjerde studieår. Vi anbefaler å reise til eit universitet som har aktuarutdanning, ettersom det da blir lettare å finne relevante fag.
Etter fullført mastergrad kan du søke på stilling som doktorgradsstipendiat (PhD).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Studieplan for Integrert masterprogram i aktuarfag og dataanalyse