Miljøtoksikologi
- Lengde2 År
- Studiepoeng120
Hovedinnhold
Introduksjon
Mål og innhald
Miljøtoksikologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.
Miljøtoksikologi er studiet av miljøgifter sin verknad på ulike organismar. Miljøtoksikologi er eit tverrfagleg forskingsfelt som krev brei kunnskap i matematikk, kjemi, biologi og molekylærbiologi.
Kunnskap i kjemi er viktig for å forstå korleis stoffa sine kjemiske eigenskapar påverkar spreiing, fordeling og opptak i organismar. Kunnskap i biologi er viktig for å forstå korleis ulike organismar sin fysiologi og levesett avgjer eksponeringsgrad og sårbarheit, og korleis effektar på ulike artar kan påverke forplanting og vekst, ja til og med heile økosystem. Den molekylærbiologiske kunnskapen er viktig for å få innsikt i dei mekanismane som avgjer verkemåten til stoffa og effekten på fundamentale livsprosessar som reproduksjon, metabolisme og vekst. Cellebiologiske og molekylærbiologiske metodar er sentrale i denne forskinga, saman med bioinformatiske analyser av endringar i transkriptom og proteom hos studieorganismane.
Forskinga spenner frå studier av hormonforstyrrande stoff si evne til å aktivisere kjernereseptorer i cellekulturar, til undersøkjingar av spreiing av miljøgifter og biologiske effektar i felt- og dyreforsøk. Aktuelle modellsystem er Oikopleura, torsk, stingsild, sebrafisk, laks, sel, isbjørn, mus og menneske.
Målsettinga med studiet er å gje studentane brei innsikt i faget miljøtoksikologi og forskinga på feltet, og ei god forståing for aktuelle problemstillingar innan faget og faget si rolle i samfunnet. Mastergraden skal gjere studenten skikka til å gå inn i eit breitt utval stillingar der kunnskap om miljøgifter og miljøtoksikologi er relevant.
Du kan finne meir informasjon om Institutt for biovitenskap si forsking innan miljøtoksikologi og mulige masteroppgåver på nettsidene til forskingsgruppa Miljøtoksikologi: www.uib.no/fg/toks
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Etter gjennomgått program har kandidaten:
Kunnskapar
- Forstå faget i samfunnet
- Forstå den biologiske basisen for faget miljøtoksikologi
- Ha kunnskap om miljøgifter og deira evne til å forårsake biologiske effektar i organismen og miljøet
Ferdigheiter
- Kandidaten skal ha godt vitskapleg funderte ferdigheiter i miljøtoksikologi
- Kjenne dei vitskaplege arbeidsmåtane og beherske relevante analystiske metodar
- Kunne gjennomføre eit vitskapleg prosjekt, i samsvar med vitskapleg metode og gjeldande praksis
- Kunne tolke, diskutere og formidle forskingsresultat og metodar i eige prosjekt
- Bruke vitskapleg arbeidsmetodikk og nytte moderne metodar.
- Kunne hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innan fagområdet
- Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa
Generell kompetanse
- Kunne arbeide sjølvstendig og i team med omfattande og krevjande faglege oppgåver
- Presentere, munnleg og skriftleg, vitskaplege resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat også til ikkje-spesialister
- Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten
- Kunne analysere generelle biologiske vitskaplege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- Kunne arbeide i tråd med vitskaplege prinsipp og ha forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydninga av å skille mellom kunnskap og meiningar.
Utveksling
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Korleis søke
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) & Vår (suppleringsopptak, dersom ikkje alle plassar er fylte)
Opptakskrav
Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:
- bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
- minst 60 studiepoeng i biologi
- minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
- minst 7,5 studiepoeng i statistikk
- minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i biologi
- Bachelorgrad i berekraftig havbruk
- Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.
Du må også ha:
- Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.
OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med
- generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program