Studieplan for MAMN-NANO Nanovitskap, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Mastergrad i nanovitskap
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)
Mål og innhald
Mål
Målsetninga med studiet er å utdanne studentar med inngåande kjennskap til nanovitskaplege tenkemåtar og metodar innan nanovitskap. Studenten vil få innsikt i moderne forsking innan eit spesifikt område av nanovitskapen, og utføre eige forskningsarbeid basert på teoriar og eksperimentelle metodar lært i bachelorgraden. Vidare vil ein lære å samanfatte arbeidet i ein tekst (masteroppgåve) i henhald til vitskaplege kriterier.
Innhald
Nanovitskapleg forsking er sterkt tverrfagleg og finner stad i grenselandet mellom fysikk, kjemi og biologi og nyttar i ulik grad metodar frå alle desse tre disiplinane. Masterstudiet i nanovitskap er tett knytt til den nanovitskaplege forskinga som skjer ved UiB, og målet for og innhaldet i det aktuelle masterprosjektet vil definere kandidaten sin spesialisering innan nanovitskapen. Kandidaten vert medlem av ei forskingsgruppe med hovuddelen av aktiviteten sin retta mot nanofysikk, nanokjemi, nanobiologi eller nanobiomedisin, men vil også kome i kontakt med andre relevante disiplinar. Det vert og gitt undervisning i vitskapsteori i Masterstudiet i nanovitskap.
Døme på aktuelle problemstillingar i masteroppgåva:
Nanoteknologisk instrumentering og måleteknikk, nanostrukturerte katalysatorar, naturlege nanopartiklar og -dråpar, nanomaterial, kvantekontroll og dynamikk, magnetiske nanopartikler, proteinstruktur og funksjon, protein-overflate-interaksjoner, proteindynamikk, mikro-kontakt-printing, nanotoksikologi.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- Har omfattande kunnskap innan si faglege nanovitskaplege spesialisering.
- Kan formulere ein vitskapleg hypotese.
- Kan finne fram til relevante metodar for å løyse den faglege problemstillinga.
Ferdigheiter
Kandidaten
- Kan arbeide sjølvstendig med ei vitskapleg forskingsoppgåve innan nanovitskap.
- Kan analysere ei fagleg problemstilling ut frå relevant litteratur.
- Kan vurdere kritisk eksisterande forklaringsmodellar og vitskaplege resultat i høve til problemstillinga.
- Kan bruke metodar som er eigna til å avkrefte hypotesen.
- Kan tolke resultata i høve til problemstillinga.
Generell kompetanse
Kandidaten
- Kan sette seg inn i ei fagleg nanovitskapleg problemstilling.
- Kan sette seg inn i nye bruksområde for nanovitskapen i sitt forskingsfelt.
- Kan arbeide sjølvstendig innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
- Kan arbeide og kommunisere på tvers av disiplinar
- Kan presentere forskingstemaet i ein vidare nanoteknologisk, naturfagleg, samfunnsmessig og etisk samanheng.
Opptakskrav
Masterprogrammet i nanovitenskap byggjer på ein bachelorgrad i nanoteknologi eller tilsvarende.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrad i kjemi
- Bachelorgrad i molekylærbiologi og biomedisin dersom søker har minst ett av emnene KJEM120 eller PHYS111 i bachelorgraden.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Bachelorgrad i fysikk, kjemi, molekylærbiologi og biomedisin fra andre universitet eller høgskoler dersom søker har minst ett emne tilsvarende KJEM120 (grunnstoffkjemi) eller PHYS111 (klassisk mekanikk) i bachelorgraden.
Gjelder for alle søkere som ikke har bachelorgrad i nanoteknologi, fysikk eller kjemi fra UiB:
Bachelorgraden må inneholde KJEM120 eller PHYS111, eller tilsvarende.
Det er en forutsetning for opptak til MAMN-NANO at studenter som ikke har bachelorgrad i nanoteknologi eller allerede har tatt enten NANO161 Innføring i nanoteknologi og -instrumentering eller NANO244 Material- og nanokjemi, tar minst ett av de to NANO-emnene i løpet av første studieår på master. Dette forutsetter at eventuelle forkunnskapskrav til NANO161 eller NANO244 er oppnådd i bachelorgraden.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, gruppearbeid laboratoriearbeid og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Kontaktinformasjon
Kjemisk institutt.
Koordinator for masterprogrammet i nanovitskap: studierettleiar@nano.uib.no eller studieveileder@nano.uib.no.