Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Masterprogrammet i reservoar and geoenergi gjer deg kunnskap om geologi og ulike energiressursar. Gjennom ulike studiar av veskestraum i porøse media, får du ein avgjerande forståing av prosessar knytt til energiutnytting, CO2- og H2-lagring.
På dette studiet lærer du om:
Som masterstudent har du2–3 førelesingar per veke, i tillegg til Laboratorieøvingar, seminargrupper og førelesingar.
Studentane er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er uformelt der mange ulike nasjonaliteter arbeider saman. Vi har også eit nært samarbeid med internasjonale universitet og energibransje.
Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. Dere set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt. Du kan fokusere masteroppgåva di på tema som spenner frå grunnleggjande væskestraum i porøse media, til tema som er meir relevante for industrien i dag. Vi forventar at du kan arbeide sjølvstendig og nytte formålstenlege metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar i forskinga på relevant materiale.
Du kan også søke om å få plass ved ein lesesal på instituttet.
Våre kandidatar arbeider hovudsakleg som industriteknikarar og ingeniørar.
Men kandidatane arbeider også i:
Dersom du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak i doktorgradsprogrammet.
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten.
Undervisningsspråk: Norsk
Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar om hausten.
Anbefalt studieplan
semester: ENERGI261 - valfritt emne - valfritt emne
semester: ENERGI364 - ENERGI365 - valfritt emne
semester: PTEK399
semester: PTEK399
Tilrådde valemne: ENERGI366 (uregelmessig), ENERGI300 (haust), MAT254 (haust), ENERGI351 (vår), ENERGI360 (vår)
1. året
Du følger kurs på 60 SP, nokre obligatoriske og nokre som du vel sjølv. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.
2. året
Du skriv masteroppgåva, som òg utgjer 60 SP. Med utgangspunkt i interesseområda dine finn du og fagleg rettleiar eit passande team for masteroppgåva.
Spesialiseringar i denne graden.
Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet etter avtale med rettleiar. Utvekslingsopphaldet anbefalast å ta stad i haustsemesteret.
Dersom du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak i doktorgradsprogrammet.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.