Hjem

Fysikk, master, 2 år

Å studere fysikk er å forstå verda rundt oss og oppbygginga av naturen. Kunnskapen ein oppnår som fysikkstudent er viktig for å løyse store utfordringar i samfunnet vårt, som klimaendringar og moderne kreftbehandling. Ein fysikar er svært ettertrakta på arbeidsmarknaden. Programmet passar både for deg som har bachelor- og ingeniørbakgrunn.
  • Lengde2 År
  • Plassar24
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Kva lærer du?

I fysikk vil du som masterstudent lære og forstå kvifor verda rundt oss er som den er, og korleis me kan bruke og utvikle teknologi til å forstå prosessar rundt oss.

Du lærer korleis du kan bruke kunstig intelligens og numeriske metodar for å forstå og analysere alt frå:

  • Mørk materie og dei minste byggjesteinane som kvarkar, gluon og Higgs m.m.
  • Utvikle teknologi til å forbetre behandling og diagnostisering av til dømes sjukdomar
  • Korleis elektromagnetiske bølgjer (lys, UV, radiobølgjer etc.) og lyd brukast til å forstå, utforske og overvake hav, atmosfære, verdsrommet, klima, olje, gass og fisk.

Du lærer og korleis man lager detektorar og måleutstyr som kan gi oss informasjon naudsynt for å innhente data til å utføre analysar og teknologisk utvikling som nemnt over. 

Dette er aktive forskingsfelt på instituttet, og som masterstudent kjem du inn i eit svært levande forskingsmiljø med eit stort internasjonalt nettverk. 

Du kan lese meir om moglege prosjektoppgåver og kva forskingsgruppene tilbyr her.

Meir informasjon under

Fysikk på 1 minutt

Studiekvardag

Arbeidsveka di er fylt opp av aktivitetar som:

  • Laboratoriearbeid
  • Feltarbeid, til dømes på CERN, Sognefjorden og Svalbard
  • Dataanalyse og programmering
  • ...og sjølvsagt førelesingar og anna undervisning.

Du får undervisning av forskarar som er leiande innan sine fagfelt. Instituttet er ein viktig partnar i internasjonale forskingsmiljø og samarbeider tett med universitet og forskingsinstitusjonar. Dette gir deg som masterstudent kontakt med toppforskare i både Noreg og utlandet.

Du blir ein naturleg del av forskingsgruppa, med eit inkluderande arbeidsmiljø. Du får fast lesesalsplass der gruppa di sit. Avhengig av masteroppgåve kan du delta i praktisk feltarbeid på stader som Marifjøra, Andøya Space, Svalbard eller CERN. Uansett retning får du brei erfaring i programmering og handtering av store datamengder.

Du får moglegheit til verdifull arbeidserfaring som studentassistent eller mentor for yngre studentar.

Fagutvalet for Fysikk og Teknologi (FFT) og linjeforeininga Doppler organiserer sosiale og faglege aktivitetar og fungerer som bindeledd mellom studentane ved instituttet.

Kva kan du jobbe som?

Som ferdig utdanna fysikar har du ekspertise innan fysikk og teknologi kombinert med brei kompetanse innan naturvitskap. Dette sikrar at du er godt utrusta til å gå inn i roller innan forsking, utdanning, næringsliv, administrasjon og samfunnsarbeid.

Med mastergrad i fysikk kan du ta mange forskjellige yrkesvegar, både i privat og offentleg sektor. Tidlegare studentar har fått jobb ved:

  • Apple Silicon Valley
  • CERN
  • Data Respons
  • DNB
  • Equinor
  • ESA
  • Forsvaret
  • Halliburton
  • Haukeland Universitetssykehus
  • Marine Technologies LLC
  • NORCE
  • Norconsult
  • Odfjell
  • Rambøll
  • SWECO
  • Universitet i Bergen, Oslo, Tromsø m.m.
  • Zaptec

Nokon av våre tidlegare studentar og kvar dei har fått jobb

Opptakskrav og søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. april (for start på hausten) og 1. November (for start på våren). Søk her

Masterprogrammet i fysikk har to offisielle studieretningar, Master i Fysikk og Master i Teknisk Fysikk. Du vel studieretning basert på din utdanningsbakgrunn.

For studieretninga Master i Fysikk må du ha: 

Bachelorgrad i fysikk eller beslekta fagområde, inkludert:

  • minst 70 studiepoeng som kan godkjennast som fysikk, og følgende fagområde må være dekt: moderne fysikk, mekanikk, termodynamikk, elektromagnetisme, laboratoriekurs i fysikk
  • minst 10 studiepoeng i programmering
  • minst 30 studiepoeng i matematikk  

For studieretninga Master i Teknisk Fysikk må du ha:

Ingeniørutdanning i elektronikk /automasjon/datateknikk, inkludert:

  • minst 15 studiepoeng i fysikkrelaterte emne og
  • minst 30 studiepoeng med matematikk

Du må også ha (begge retningar): 

OBS! Ta kontakt med studieseksjonen på studie.fysikk@uib.no dersom du har spørsmål knytt til om din bakgrunn kan kvalifisere og det ikkje framgår tydelig her.

Studiets oppbygging

Programmet dekker to akademiske år (fire semester) og startar både om hausten og våren.    

Det første året skal du hovudsakleg ta emner, medan i andre året er fokuset på masteroppgåva. Oppgåva er på 60 studiepoeng, og du skal til saman ta 60 studiepoeng emner. Tillpasningar gjerast i samråd med rettleiar.

Du vel mastertema frå tilgjengelege masterprosjekt i fysikk og teknisk fysikk, eller du kan finne fram til eit tema som passar deg i samråd med rettleiaren din. 

Sjå oversikt over masteroppgåver og påkrevde og anbefalte emner for dei ulike oppgåvene.

Utveksling

Det finst fleire alternativ for studentar som vil reise på eit utvekslingsopphald i utlandet. Du kan utføre feltarbeid og ta emnar ved Universitetssenteret på Svalbard, søke om å vere sommarstudent eller teknisk student på CERN eller ta del i ein annan utvekslingsaktivitet.

Vidare studiemoglegheiter

  • Studieprogrammet gir formelt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan fagfeltet.
  • Kvalifiserer for eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) som kvalifiserer til å undervise som lærar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Sjå heile studieplanen