Studieplan for MAMNFY-MEDISIN Medisinsk fysikk, haust 2024
Namn på grad
Master i fysikk - medisinsk fysikk
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i medisinsk fysikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk.
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og vår (suppleringsopptak).
Mål og innhald
Dei siste tiåra har det vore ein formidabel utvikling i teknologien som nyttast i medisinsk diagnostikk og teknologi. Denne utviklinga har direkte konsekvensar for oppfølginga av pasientar, og behovet for tverrfagleg kompetanse i klinikk og forsking har auka betydeleg.
Mastergradsstudiet har som mål å gje studenten ein grundig innføring i dei fysiske prinsippa som dannar grunnlaget for moderne medisinsk diagnostikk og avansert terapi. Masteroppgåva består av eit teoretisk eller eksperimentelt arbeid og er ofte kombinert med modellering. Tema for oppgåvene ligg typisk innanfor moderne diagnostikk (MRI, PET, UL, CT) eller terapi (strålebehandling av kreft) og kan være retta mot til dømes utvikling av ny instrumentering, simulering av fysiske prosessar, etablere og optimalisere nye biletopptak, modellering og analyse av ulike pasient-/fantomdata, og tungrekneprosjekt (high performance computing).
I studiet vil studenten få opplæring i å gjennomføre ein sjølvstendig vitskapelig oppgåve som er knytt til pågåande forskingsprosjekt. Det gis ei grundig opplæring i metodar som nyttas i grunnforsking og som også kan nyttast innan anna forsking og teknologi. Det vert lagt stor vekt på bevisst vurdering av egne og andre sine forskingsresultat samt den skriftlege og munnlege framstillinga av egne resultat og anna fagstoff.
Læringsutbyte
Etter fullført mastergrad i medisinsk fysikk skal kandidaten kunne:
Kunnskapar
- gjengi fakta og drøfte grunnleggjande teoriar innan medisinsk fysikk
- forklare grunnlaget for moderne medisinsk diagnostikk og avansert stråleterapi
- forklare utvalde eksperimentelle metodar og måleteknikkar i medisinsk fysikk
- vise at ein har avanserte kunnskapar innan medisinsk fysikk på eit godt nivå, og spesialisert innsikt i eit avgrensa område knytta til mastergradsprosjektet
Ferdigheiter
- utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer
- handtere og presentere vitskaplege data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og bruke programmeringsverktøy for å analysere og behandle data
- analysere problemstillingar i medisinsk fysikk og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av teori og eksperimentelle metodar
- orientere seg i fagmiljøet og hente inn, analysere og anvende nødvendige kunnskapar og verktøy som trengs for å utføre eit forskingsprosjekt
- analysere og kritisk vurdere vitskapelege informasjonskjelder og anvende desse til å strukturere og formulere resonnement og nye idear innan medisinsk fysikk
- analysere, tolke og drøfte eigne resultat på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde
Generell kompetanse
- kunne analysere vitskaplege problemstillingar generelt og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
- gje god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat
- kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan medisinsk fysikk, både med spesialistar og til allmennheita
- kunne reflektere over sentrale vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid
- demonstrere forståing og respekt for vitskapelege verdiar som openheit, presisjon og pålitelegheit
Opptakskrav
Masterprogrammet i fysikk, retning medisinsk fysikk byggjer på ein bachelorgrad i fysikk, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelor i matematikk, viss PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114 og PHYS118 er med i graden. Ett av emnene kan inngå i mastergraden.
- Bachelor i Klima, atmosfære- og havfysikk, viss PHYS112 OG PHYS118 eller PHYS119 er med i graden.
- Bachelor i nanofysikk, når emnene MAT112, PHYS114, MAT121 og MAT131 er valgt.
Utrekning av karaktersnitt
For bachelor i fysikk (UiB) beregnes karaktersnitt av følgende emner:
- INF100, PHYS111, PHYS112, PHYS113, PHYS114. For studenter tatt opp fra og med høsten 2019 vil PHYS109 bli inkludert
- De to beste karakterene av emnene PHYS116, PHYS118 eller PHYS119
- De tre beste karakterene av MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i fysikk
- Bachelorgrader som fyller kravene til grunnleggende emner i matematikk, lineær algebra,differensiallikningar, funksjonar av fleire variable, mekanikk, elektromagnetisme, termodynamikk, moderne fysikk, laboratoriekurs i fysikk og prosjektoppgave/bacheloroppgave eller tilsvarande.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
I tillegg til bachelorgraden er generell kompetanse i fysikk og matematikk nødvendig. Grunnleggande ferdigheter i programmering er også sterkt anbefalt.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: Ein emnedel på 60 studiepoeng og mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.
Emne: Emna PHYS212 Fysikk i medisinsk diagnotsikk eller PHYS213 Medisinsk fysikk i stråleterapi er obligatoriske enten i bachelor- eller mastergraden. I tillegg kjem valfrie emne og eventuelt spesialpensum som vert valt i samråd med rettleiar. Masteroppgåva skal leveras innan en fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.
Anbefalt studieløp
1. semester: PHYS213 - valg - valg
2. semester: PHYS212* valg (PHYS231*)- Masteroppgave
3 semester: masteroppgave - masteroppgave - valg
4. semester: masteroppgave
*PHYS212 og /eller PHYS231 kan inngå i sjette semester i bachelorgraden.
Tilrådde valemne
Emnet PHYS231 Strålingsfysikk bør inngå i i bachelor- eller mastergraden. Andre emne som inngår i mastergraden blir valt i samråd med rettleiaren.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og sjølvstudium. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet avsluttas med ein presentasjon og munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F. For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter. Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Utviklinga innan medisinsk teknologi dei siste tiåra har ført til auka behov for teknisk- og realfagleg kompetanse i helsesektoren. Ferdig utdanna kandidatar vil ha ein solid basiskunnskap som kan brukas til å fylle et tverrfaglig kompetansebehov ved sjukehusa, til dømes innan avdelingar for radiologi og avbilding eller stråleterapi/kreftbehandling. Dette vil kunne gjelde stillingar både innanfor drift/kvalitetskontroll av medisinsk teknisk utstyr og for stillingar knytt direkte til behandling eller diagnostikk Du vil også kunne arbeide i medisinrelatert- og anna industri som nyttar tilsvarande teknologi (t.d. ultralyd, stråling/avbilding for industrielle formål). Du kan og arbeide med undervisning i vidaregåande skule, offentlig forvaltning eller til å starte en forskarkarriere. Studiet skal gi godt grunnlag for vidare doktorgradsstudium innan medisinsk fysikk og teknologi eller nærliggande fagfelt.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for fysikk og teknologi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie.fysikk@uib.no
Tlf 55 58 27 66