Studieplan for MAMN-PROG Felles masterprogram i programvareutvikling, haust 2024
Namn på grad
Mastergrad i programvareutvikling
Omfang og studiepoeng
Det felles masterprogrammet i programvareutvikling er 2-årig (120 studiepoeng).
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)
Mål og innhald
Dette er eit studieprogram som er ein fellesgrad med Høgskulen på Vestlandet (HVL), som vil gje eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programvareutvikling.
Studiet legg vekt på å gje studentane ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene.
Vidare skal studiet gje studentane kjennskap til dei teoretiske grunnprinsippa og metodane som ligg under konstruksjonen og analysen av komplekse datasystem.
Etter fullført studium skal du ha utvikla spisskompetanse innan eitt delområde, samt ha god oversikt over heile fagfeltet programvareutvikling.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført felles mastergrad i programvareutvikling skal ha oppnådd følgjande læringsutbytte med omsyn til kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap
Kandidaten
- har brei kunnskap innan fagfeltet programutvikling og har djupare innsikt innan tema for masteroppgåva.
- har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan programutvikling.
- kan anvende kunnskapar, forståing og problemløysingsferdigheiter i nye kontekstar innan programutvikling.
- kan analysere problemstillingar innan programutvikling basert på kunnskap, teknologi og samfunnsrelevans til dette fagområdet.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan analysere og handsame ulike informasjonskjelder på ein kritisk måte, og bruke dei til å strukturere og formulere vitskaplege resonnement.
- kan analysere eksisterande problemstillingar, metodar og tolkingar innan programutvikling og jobbe sjølvstendig med praktiske og teoretiske problem innan fagfeltet.
- kan bruke passande forskings- og arbeidsmetodar på ein sjølvstendig måte.
- kan utføre eit forskings- og utviklingsprosjekt i samsvar med gjeldande normer for forskingsetikk.
- kan på sjølvstendig vis designe, spesifisere og programmere eit middels stort informasjonssystem.
- kan på sjølvstendig vis analysere, teste og validere eit større informasjonssystem.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan analysere relevante forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan programutvikling.
- kan anvende kunnskapane og ferdigheitane sine på nye fagområde for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
- kan formidle eit omfattande sjølvstendig arbeid og meistrar språk og terminologi brukt innan programutvikling.
- kan diskutere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan programutvikling, både med spesialistar og ålmenta.
- kan bidra til innovasjonsprosessar i samfunnet ved å anvende informasjonsteknologi.
Opptakskrav
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
- Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
- Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
- Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne . INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelor Dataingeniør fra HVL
- Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av. Karaktersnitt med resultat "bestått" våren 2020
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i matematikk er ein føremon. I tillegg emnene INF101 og INF122 eller tilsvarende.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på enten 30 eller 60 studiepoeng.
Emnedelen
Alternativ 1 med INF234 og kort masteroppgåve (30 stp):
Gjeld framleis for stududentar med opptak våren 2022.
Følgjande emne er obligatoriske:
INF234 Algoritmer
INF222 Programmeringsspråk
DAT250 Avansert programvareteknologi (undervist ved HVL)
DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervist ved HVL)
Emna i emnedelen må vere på 200- og 300 talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Tilrådd studieplan:
1.semester: INF234 (eventuelt 3. semester), DAT250, valemne
2.semester INF222, DAT251, valemne
3.semester (INF234/ eller 3 valemne
4.semester jobber med masteroppgåve
Alternativ 2 med INF234 som tilrådd valemne og lang masteroppgåve (60 stp):
Frå og med hausten 2022 kan ein velja mellom dei to alternativa.
Følgjande emne er obligatoriske:
INF222 Programmeringsspråk
DAT250 Avansert programvareteknologi (undervist ved HVL)
DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (undervist ved HVL)
Emna i emnedelen må vere på 200- og 300 talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha intil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Tilrådd studieplan:
1.semester: DAT250, tilrådd valemne INF234, valemne
2.semester INF222, DAT251, valemne
3.semester: jobber med masteroppgåve
4.semester jobber med masteroppgåve
Emna i emnedelen må vere på 200- og 300 talsnivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha intil 10 studiepoeng på 100-nivå.
Tilrådde valemne
Må veljast i samråd med rettleiar. Aktuelle emne kan vere INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemne ved UiB, eller DAT355, DAT254, DAT259 eller andre emne ved HVL.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Delstudium i utlandet
Det er mogeligheiter for utanlandsopphald under masterstudiet. Kontakt studierettleiar eller fagleg rettleiar ved interesse.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Vurderingsformer
Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no
Tlf 55 58 40 25