Hjem

Arbeids- og organisasjonspsykologi, master, 2 år

Med ein master i arbeid- og organisasjonspsykologi vil du kunne bidra til å skape betre trivsel, effektivitet og produktivitet på arbeidsplassen. Det er stor etterspørsel etter kunnskap og kompetanse rundt leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering i arbeidslivet.
  • Lengde2 År
  • Plassar18
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Hovedinnhold

Poenggrenser 2023 2022 2021
  3,00 3,50 3,00

Kva lærer du?

Ein master i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer deg å forstå og utvikle arbeidstakarar, leiarar, grupper og organisasjonar. Gjennom utdanninga får du kunnskap om rolla som konsulent, rådgjevar og endringsagent, og lærer om kartleggings- og forbetringstiltak for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling. Det er særleg fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.  

Studiekvardag

Masterstudiet er tilpassa fulltidsstudentar busett i Bergen. Store delar av studiet er prosess- og erfaringsbasert med gruppearbeid, praktisk trening og simuleringar, og inneber stor grad av samarbeid og samspel med andre. Mykje av undervisninga er obligatorisk. 

Undervisninga er variert og består av blant anna: 

  • forelesingar 
  • seminar 
  • gruppearbeid 
  • case-arbeid 
  • diskusjon av forskingslitteratur 
  • skriftlege og munnlege presentasjonar 
  • praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (valfritt) 

Fagmiljøet i arbeids- og organisasjonspsykologi held til i Bjørn Christiansens hus, Christies gate 12, hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er her du vil halde til mesteparten av tida di som masterstudent.  

Det er eit aktivt studentmiljø på Det psykologiske fakultet, med mange grupper og aktivitetar, og du vil kunne finne ein studentorganisasjon som passar for deg.  

Kva kan du jobbe som?

Med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan du arbeide innan

  • personalutvikling
  • HR-arbeid
  • arbeidsmiljøutvikling
  • leiarutvikling
  • organisasjonsutvikling

både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. 

Du vil ha praktisk og analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som sjølvstendig planlegging og iverksetting av prosjektarbeid, rådgjevings-, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsoppgåver, og informasjonsarbeid.  

Du vil kunne arbeide i personal-/HR-avdelingar, innan bedriftshelsetenester, i konsulentselskap, i offentleg forvaltning og administrasjon, og innan forsking og utdanning. 

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april.

Søk her

Studiets oppbygging 

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi startar i august og er eit toårig studium på 120 studiepoeng. I det første og andre semesteret vil du ta fire emne på 15 studiepoeng kvar. Desse går i bolkar – det vil seie at du tar eitt emne om gangen, i første og siste del av kvart semester. Det første året vil du ta to fellesemne i lag med dei som går på master i psykologi. 

Du kan delta på feltarbeid i løpet av studietida i samband med masteroppgåve og/eller det avsluttande emnet MAPSYK323 Studentfirma, der du jobbar som om du var konsulent, tar oppdrag for, og har kontakt med arbeidslivet. 

I det tredje og fjerde semesteret skal du skrive masteroppgåve som skal leverast innan midten av mars i det fjerde semesteret. Vi anbefaler at du skriv masteroppgåva saman med ein medstudent. 

1. semester (haust) 

  • Perspektiv i psykologisk vitskap (MAPSYK301, 15 studiepoeng) 
  • Leiar-, team og organisasjonsutvikling (MAPSYK321, 15 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

  • Arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering (MAPSYK322, 15 studiepoeng) 
  • Forskingsmetodar (MAPSYK302, 15 studiepoeng) 

3. og 4. semester (haust og vår) 

  • Masteroppgåve i arbeids- og organisasjonspsykologi (MAPSYK345, 45 studiepoeng) 

4. semester (vår) 

  • Praktisk utviklingsarbeid og rolla som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma (MAPSYK323, 15 studiepoeng) 
  • Dette er eit valfritt emne og kan erstattast av andre relevante emne på masternivå. 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling i det andre semesteret. Søknadsfristen er allereie 25. august. Du kan ta valfrie emne innanfor programmets tematikk, i tillegg til metode. Alternativt kan du også gjennomføre inntil 15 studiepoeng i utlandet eller ved annan norsk institusjon i fjerde semester, som erstatning for MAPSYK323 Studentfirma. 

Vidare studiemoglegheiter 

Studiet kvalifiserer deg for vidare forskarutdanning, les meir her Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet 

Du kan og ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) etter fullført master og bli lærar og undervise frå 5. til 13. trinn i skolen.  

Spørsmål om studiet? 

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet  

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan for MAPS-AOP Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi