Hjem

Pedagogikk, master, 2 år

I dag er pedagogisk kunnskap meir relevant enn nokon gong. Med ein mastergrad i pedagogikk får du brei kunnskap om korleis menneske lærer og kommuniserer, korleis kunnskap vert utvikla, og kva betydning utdanning har for samfunnet.
  • Lengde2 År
  • Plassar20
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust (annankvart år: 2021, 2023, 2025 osv.)

Hovedinnhold

Poenggrense 2019 2021 2023
  3,03 3,5 3,11

Kva lærer du? 

Ønsker du deg høg kompetanse innan mellom anna kunnskapsutvikling og læringsprosessar? På studiet kan du fordjupe deg i eit valt område og drive eiga forsking innan pedagogikk. Du vil utforske samanhengen mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogisk praksis. Vidare lærer du korleis du vurderer, analyserer, og kritisk refleksjon til pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning og organisasjonar. 

På masterstudiet vil du utforske spørsmål som: 

  • Kva er utdanninga si oppgåve i samfunnet? 
  • Korleis kan pedagogisk forsking bidra til betre praksis? 
  • Korleis kan pedagogisk filosofi belyse aktuelle pedagogiske samfunnsutfordringar? 

Etter fullført mastergrad har du moglegheita til å nyttiggjere pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant. Du vil kunne formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar på ein effektiv måte. Vidare vil du vere i stand til å gjennomføre sjølvstendige forskingsprosjekt under rettleiing, i tråd med gjeldande forskingsetiske normer. Dette vil gi deg ferdigheiter til å arbeide sjølvstendig med praktiske og teoretiske utfordringar. 

Studiekvardag 

Eit særpreg ved dette masterstudiet er at undervisninga er prosessorientert. Vi legg stor vekt på dialogbasert undervisning og inkluderer skriveopplæring som ein integrert del av studia. Alle undervisnings- og arbeidsformer er designet for å førebu deg på eksamensformene i studiet. Dei to første semestera skal førebu deg på skrivearbeidet i masteroppgåva. 

Studiet inkluderer: 

  • forelesingar  
  • seminargrupper  
  • skriving av faglege tekstar (med fokus på skriveprosessen og tilbakemelding) 
  • sjølvstudium   
  • arbeid med masteroppgåve  

Den planlagde undervisninga utgjer vanlegvis ein mindre del av den totale studietida i løpet av ei veke. Resten av tida forventar ein at du sjølv tar ansvar for lesing av pensum og førebuingar til undervisninga. Det kan være lurt å danne studiegrupper der du kan diskutere og samarbeide med medstudentane dine. Du kan òg velje å vere med i ei forskargruppe. 

Kva kan du jobbe som? 

Ein mastergrad i pedagogikk gir deg ein allsidig bakgrunn og kompetanse som kvalifiserer til mange ulike stillingar i både privat og offentleg sektor. Med ein master i pedagogikk er du kvalifisert for ei rekke stillingar innanfor kommunen, staten, frivillige organisasjonar eller bedrifter, for eksempel som  

  • rådgjevar 
  • prosjektleiar 
  • konsulent 

Tidlegare studentar med mastergrad i pedagogikk har for eksempel jobb innanfor:  

  • administrasjon ved universitet/høgskole 
  • studie/karriererettleiingetter- og vidareutdanning 
  • personal- og opplæringsavdeling 

Meir informasjon under

Opptakskrav og søknadsfrist 

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her

Studiets oppbygging 

Dette er eit toårig fulltidsstudium. Graden er bygd opp av 120 studiepoeng og alle emna er obligatoriske i graden.  

Under ser du den anbefalte oppbygginga av studiet. Namnet på emnet er lista opp først, etterfølgt av emnekoden og antal studiepoeng i parentes. 

1. semester 

  • Pedagogisk filosofi (PED311, 15 studiepoeng)  
  • Kunnskap og kunnskapsprosessar (PED313, 15 studiepoeng)  

2. semester 

  • Forskingsmetode (PED312, 15 studiepoeng)  
  • Fordjuping og prosjektplan (PED314, 15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

  • Masteroppgåve i pedagogikk (PED395, 60 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

Det er dessverre ikkje mogleg å reise på utveksling i løpet av dette studieløpet. 

Vidare studiemoglegheiter 

Med ein mastergrad i pedagogikk får du kvalifikasjonar for vidare forsking, formidling og undervisning på høgare nivå. Du kan lese meir om Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet her: 

Ph.d.-utdanning ved Det psykologiske fakultet | Det psykologiske fakultet | UiB 

Spørsmål om studiet? 

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Studieplan 

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Studieplan for MAPS-PED Pedagogikk, master, 2 år, haust 2023 | Universitetet i Bergen (uib.no)