Studieplan for MAPS-PEDIK Pedagogikk deltid (nettbasert), master, 4 år, haust 2024
Namn på grad
Master i pedagogikk.
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i pedagogikk deltid har eit omfang på 120 studiepoeng og normert til 4 år.
Fulltid/deltid
Deltid (4 år).
Undervisningsspråk
Norsk.
Studiestart - semester
Det er oppstart haust annakvart år: 2018, 2020, 2022
Mål og innhald
Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.
I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning, blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande
læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten har avansert kunnskap innan fagområdet pedagogikk, og inngåande forståing for det området som masteroppgåva omhandlar
Kandidaten har avansert kunnskap om fagets historie, tradisjon, eigenart og plass i samfunnet
Kandidaten har inngåande kunnskap om fagområdets vitskaplege teoriar og metodar
Ferdigheiter:
Kandidaten kan analysere pedagogiske spørsmål og problemstillingar
Kandidaten kan nytte pedagogisk kunnskap på nye område der pedagogikk er relevant
Kandidaten kan formidle faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet både skriftleg og munnleg
Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse:
Kandidaten kan bruke relevante metodar for forsking på ein sjølvstendig måte
Kandidaten kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
Kandidaten kan ha ei kritisk tilnærming til faglege utfordringar
Opptakskrav
Opptakskrav
Masterprogrammet i pedagogikk, deltid byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i pedagogikk eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifisererer:
- Bachelorgrad i pedagogikk
- Bachelorgrad i spesialpedagogikk
For andre utdanningar som tilsvarar ein bachelorgrad er det eit krav om minimum 60 studiepoeng pedagogikk. Dei 60 studiepoenga i pedagogikk vil inngå i poengutrekninga i tillegg til 30 studiepoeng i spesialiseringa. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.
Andre pedagogiske utdanningar frå UiB som kvalifiserer:
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Lektorprogram
Eksterne pedagogiske utdanningar som kvalifiserer:
- Barnehagelærar
- Førskulelærar
- Lærarudanning
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Obligatoriske emne
Ein mastergrad i pedagogikk består av følgjande obligatoriske emne:
- PED321 Pedagogisk filosofi (15 sp)
- PED323 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
- PED322 Forskingsmetode (15 sp)
- PED324 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
- PED396 Masteroppgåve i pedagogikk (60 sp)
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester:
- PED321 Pedagogisk filosofi (15 sp)
2. semester:
- PED323 Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 sp)
3. semester:
- PED322 Forskingsmetode (15 sp)
4. semester:
- PED324 Fordjuping og prosjektplan (15 sp)
5. til 8. semester:
- PED396 Masteroppgåve (60 sp)
Undervisningsmetodar
Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformar og kombinerer oppgåveskriving, nettbaserte seminar og rettleiing med litteraturstudiar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet.
Vurderingsformer
Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. Heimeeksamen, mappevurdering, prosjektplan, masteroppgåve og munnleg eksamen er formene som vert nytta.
Karakterskala
Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F eller greidd/ikkje greidd.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er oppnådd.
Grunnlag for vidare studium
Ein mastergrad i pedagogikk kvalifiserer til å søkje opptak til forskarutdanning.
Relevans for arbeidsliv
Studieprogrammet gjev ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som blir stadig meir etterspurt både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserar til ein rekkje yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserar til leiarstillingar i utdannings- institusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.
Evaluering
Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Undervisingsutvalet ved Institutt for pedagogikk har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet.